Reply To: Unsettled

#3142
Jarle Haktorson
Keymaster

To spelingar gjennomført. For min del var første gong prega av litt regellesing undervegs og eg fekk ikkje “nyte” spelet fullt ut, men på andre gongen fløyt det fint. Då merkar eg ein også at folka bak har lukkast med å skape god stemning. Første planet var sump og skog og sopp og gjørme; dette “følte” eg på kroppen i det eg vandra rundt og prøvde å utføre Survival-tasks, som er nøkkelen til siger. Me klarte det på hengjande håret med nesten ikkje liv eller tid igjen, før me fann ut at feiltolking av ressurs/data-området hadde gitt oss for mange ressursar, noko som nok bidro sterkt til at me klarte det. Så…maks uavgjort.

Andre speling; ny planet, heilt anna kjensle. No var me på ein ørkenplanet og vart ført opp og ned med vinden. Mystiske vesen luskar i bakgrunnen. Ein svunnen sivilisasjon å utforske. Enkle kort, men stor stemning. Denne gongen spelte me alt rett. Og fekk grisebank. Me kom oss såvidt inn på Survival-task 2/3, før stormen saug ut dei siste kreftene våre.

For å gi oss litt håp, bør me gjere spelet litt enklare neste gong. Dette er det ei elegant løysing på, noko dei også skriv om i reglane. Om ein oppleverer at motbakken er for stor, blir ein samde om kva romskrip ein kræsjlandar med. Det finnes tre ulike skip, alle med kvar sine Actions som gir ein liten fordel, eks. moglegheita til å fjerne Despair eller Endurance.

Det gir berre litt, men kanskje nok. Og med tre ulike scenario pr. planet og at me har seks planetar, ser eg fram til mykje moro i Unsettled.