Reply To: Første vurdering av Magic TCG!

#3172
Sten Ole
Participant

Forbehold: Eg har berre observert magic frå utsida utenom litt gjestespeling for hundre år siden. Eg var heller ikkje med på Commander-kvelden. Alt eg seier er derfor berre basert på fordommer og overtro. Likevel gøy å melde meg på “diskusjonen”.

Først vil eg sei at magic er eit veldig bra designa head-to-head spelsystem. Om ein ser på andre spel av same type som er meir “akseptert” i “brettspelmiljøet”, så er det mykje som liknar. Mange bruker same fundament som magic fant opp for lenge siden.

Det er ikkje uventa at dette taktiske knivskarpe spelet blir litt kaotisk når det blir forvrengt til eit 5-speler-alle-mot-alle-format. Og som du seier Jarle, så blir tableuet annerledes når 4 spelarar har mulighet til å øydelegge alt for deg mellom kvar runde. Formatet er nok likevel ein grei måte å få nybegynnerarar inn og få sjå korleis spelet fungerer uten at du blir grust av ein magic-veteran som ikkje let det få til noko som helst.

Mitt store problem med magic er eigentleg forretningsmodellen som er “loot box”-basert. Om du speler spelet meir eller mindre “seriøst” så må du investere litt før du kan lage eit par brukbare kortstokker. Eg trur heldigvis at etter X kroner, så er det små fordelar å hente av å kjøpe fleire kort (heilt til det kjem ut nye kort. Sjølv då er fordelane relativt små).

Eit anna aspekt med konvensjonell magic er at det liknar litt på konkurranse-sjakk. Det som skjer med bordet er berre utprøving av konsepter som du har pønska ut (eller stjelt) utanfor spelet. Det er så mykje av spelet som handler om å bygge kortstokker. Det er i den prosessen du eigentleg fastsetter strategi og nøkkeltaktikkar som til slutt leier til “sikker” siger. Men som med konkurranse-sjakk så krever spelet eit visst engasjement for at du skal kunne hevde deg og ha det gøy.

Spelet blir med ein gong ikkje det samme om ein får utdelt ein random kortstokk som ein ikkje er kjent med. Om du får ein milling deck (stokk som baserer seg på at motstanderen skal tape via å trekke alle korta sine) så sit du kanskje igjen med eit inntrykk av at du hadde ein ubrukeleg kortstokk. Og det er han om du ikkje innser at det er det han er laga for å gjere.

Magic er gøy. Veldig gøy (trur eg). Men eg veit ikkje korleis eg skal nå den reine magic-gleden uten å bruke penger eg helst vil bruke på 5 nye brettspel eller evt gi opp ein anna tidstjuv som også gir meg glede.