Velkomen til Kvinnherad brettspelklubb › Forums › Spela våre: erfaringar og vurderingar › Pax Pamir (2nd ed.) › Reply To: Pax Pamir (2nd ed.)
Veldig god oppsummering og samd i alt. Eg vart likevel ikkje umiddelbart solgt, men det har meir å gjere med at eg må “like” spelet, eller “vite” korleis det fungerer/reglar/system. Såleis kan eg godt “like” eit spel som eg har null kontroll på før eg har spelt det fleire gonger, eller “vite” nok om spelet til at eg kan leggje opp den strategien som eg synes er lur/best neste gong.
Eks. “Maria” likte eg, men eg veit lite og har null kontroll på kva som er lurt. Eg vil spele igjen! “Feast of Odin” likte eg ikkje, men eg veit korleis spelet er og kva som er lurt. Eg vil ikkje spele det igjen.
Pax Pamir 2nd. ed. er ikkje umiddelbart eit spel eg “likte”. Og heller “veit” eg ikkje korleis det fungerer heilt endå. Eg har stor tru på spelet, og med større “veit”, kjem nok også større “likar”.
Hm. Dette vart ein veldig forvirrande post. Jaja, er nok berre Sten Ole som les den likevel 🙂