Velkomen til Kvinnherad brettspelklubb › Forums › Spela våre: erfaringar og vurderingar › Ora et Labora › Reply To: Ora et Labora
01/02/2024 at 23:19
#3940
Participant
Ein av dei meir strømlinjeforma og fredelege Rosenbergerane der ein treng lite forklaring for å kome i gang. Det er egentlig ein city-builder der du forvalter ressursar og ekspanderer. Ein treng ikkje mate nokon og blir ikkje så veldig hindra av motspelarar, så det er eit perfekt spel for å slappe av ein torsdagskveld. Dessverre formerer ikkje sauane seg, så ein kan diskutere om dette egentlig er eit Uwe Rosenberg-spel.