Velkomen til Kvinnherad brettspelklubb › Forums › Spela våre: erfaringar og vurderingar › Shikoku 1889 › Reply To: Shikoku 1889
Shikoku er eit av dei mindre skumle 18xx-spela og er eit godt alternativ for normale folk som ikkje vil forville seg heilt inn i 18xx-verden. Det er ikkje ørten forskjellige togfirma med mykje spesialreglar og det er ikkje aksje-emisjonar og fusjonar på aksjemarkedet. Det går med andre ord an å spele dette for første gongen og ha det gøy.
Etter mi meining er ikkje 18xx-oppskrifta ikkje er 100% perfekt. Det blir potensielt turen din fleire gonger etter kvarandre dersom du ender opp som president i fleire firma. Og desse turane er lange der du både må bygge bane, planlegge kvar alle toga dine skal køyre og rekne ut inntekter, rekne ut utbetalingar til alle aksjonærane og kjøpe tog ut frå framtidige mål. Inkludert i dette er også veksling av kontantar i ulike valørar. Heldigvis kjem spelet med ein tabell for å hjelpe med prosentrekningen og Rune investerte i plastkort-pengar som er mykje betre enn papirpengar. Eg føler også at spelet er eit bedrag. Du trur spelet handlar om god bedriftsforvaltning, men egentlig er det mykje spel i korrupsjon, maktmisbruk og underslag som ein må vere obs på.
Spelet har to måtar å slutte på. Anten kan eit firma gå konkurs (etter at sjefen har tømt sin personlege konto for å unngå skandale) eller så kjører me tog til banken er “tom”. Sistnevnte måte er litt slitsom siden kartet stort sett er utbygd dei siste turane og det blir berre til at alle firmaene kjører tog med små korrigeringar i kva rutene blir. Det går visstnok ikkje så seint om det kjem Diesel-tog i spel, men du sit med følelsen at spelet egentlig er ferdig men du må sitte der ein halvtime til ein time ekstra og gjere få valg og mykje arbeid. (Eg har ikkje noko konkret løysning på dette problemet, men eg er glatt med på fornuftige husreglar for å gjere slutten mindre sur.)