Reply To: Border Reivers

#4255
Jarle Haktorson
Keymaster

Min første runde i går! Eg ser at alle spørsmåla me hadde, har allereie Sten Ole svart på tidlegare, så tips for oss til neste gong er å heller sjekke brettspel.no sine forum, heller enn å bla i regelhefter og obskure plassar på Internett. Takk til Sten Ole; me må hugse å sjekke hans regelavklaringar her oftare!

Så kort om spelet: Kjempegøy. Sjølv om eg aldri hadde spelt spelet før, og me måtte finne av masse undervegs, var det høg underhaldningsverdi. Og sjølv om eg hamna på sisteplass, var det heile tida kjekt. Og sjølv om eg sikkert har gløymd mykje til neste gong, har eg i alle fall no ein viss idé om alt eg har lyst å gjere neste gong.

Spelet er eigentleg ikkje vanskeleg, og du får alltid gjort noko. Fleire mekanikkar og ting å ta omsyn til gjer at du aldri kan ha full kontroll, og det er eigentleg litt kjekt. Eg er jo svak for GMT sine spel, og dette skuffar ikkje. Eg er klar igjen om me blir fire eller seks! Då skal eg også passe på at sauene eg skal stele ikkje ligg og søv…