Velkomen til Kvinnherad brettspelklubb › Forums › Spela våre: erfaringar og vurderingar › Border Reivers › Reply To: Border Reivers
Eg er litt delt i min oppfatning av spelet. Det har litt GMT-tendensar med reglar som av og til slåss litt med seg sjølv og ein underliggande forventning til at du har lest og memorert heile regelheftet ned på setningssamansetning. GMT-spel har likevel ofte gameplay som gjenspeiler realiteten til ein viss grad. Her synes eg Border Reivers manglar litt. Hestar går i fengsel og blir til fleire hestar når dei rømmer. Sauer og kyr er begge dyr men oppfører seg på heilt omvendte måtar i spelet på hundre måtar. Og det som er mest rart er måten vi farmer victory points med hits som ikkje gjer noko spesielt. Så dette er element som du må mentalt undertrykke for å nyte spelet.
Det som er kvaliteten i spelet er drafting-delen i spelet. Det er her du virkeleg har handlekraft i spelet og styrer kva du kan eller ikkje kan gjere. Kven og kva du raider i spelet vil nok som regel vere diktert av spelarrekkjefølgje og sårbarhetar på brettet. Så det er mindre interessante valg i dette spelet.
Det som avgjer kva du synes om spelet er egentlig kor god historien du spinner mens du speler er. Vi er jo alle folk som ønskjer at vi hadde liv som sauebandittar med smålege feidar med naboane, og dette spelet gir deg jo nettopp mulighet til å leve ut denne fantasien til det fulle.