Velkomen til Kvinnherad brettspelklubb › Forums › Spela våre: erfaringar og vurderingar › Galactic Renaissance › Reply To: Galactic Renaissance
Høyres ut som at mottagelsen av spelet var litt lunken. Forhåpentligvis er dette eit symptom på at folk ikkje veit korleis dei skal spele eller at reglane ikkje sitter. Då blir det bingospeling i sakte kino som eg trur begge er aspekt som ikkje er tiltenkt i designet. Eg trur spel har lett for å gå i bremsekloss-modus om spelarar prøver å spele perfekt samtidig som dei prøver å lære seg det. Av og til må me senka forventningane litt og ikkje tenke “Her er reglane bla bla bla. Ok, nå kan me alle reglane. Så starter me kretsmesterskap i brettspel X”. Det er ein fin måte å forringe brettspelopplevelsen på alt som er meir komplisert enn Wingspan.
Eg er litt overraska over at spesialist-egenskapane og planet-egenskapane skapa regelforvirring siden dei utdraga eg har sett av desse ser ut til å vere ganske rett fram. Nokre kanskje sagt med fleire setningar.
Forhåpentligvis er ikkje førsteinntrykket så dårleg at eg ikkje får folk med på nokre rundar. Dette var eit av spela eg hadde gleda meg til.
Eg håper det absolutt ikkje er eit Cosmic Encounter, ikkje at eg har spelt det mykje. Sist eg var med på det var det berre ekkelt kaos, og eg trur egentlig det heller skal vere eit meir diplomatisk spel. Men klubben vår har eg inntrykket av at aldri har forstått diplomati. Me gjer helst actions uten å koordinere eller snakke. Eg likte Cosmic dårleg, og eg trur ikkje det er så veldig gøy om me hadde “spelt det rett” heller.