Velkomen til Kvinnherad brettspelklubb › Forums › Spela våre: erfaringar og vurderingar › Galactic Renaissance › Reply To: Galactic Renaissance

Kunne me reglane når me spelte? Ja, meiner me spelte rett. Både eg, Einar og Martin las på førehand og sjekka litt undervegs. Og med berre sju sider med masse bilete, er dette eit ganske lett spel å forstå. Ligg også på lette 2.83 på BGG. Men likevel dukka det opp tolkingstvil. Og blant alle oss, må du nesten tru oss på at det kan skje…
Og me prøvde absolutt ikkje å spele bingo eller optimalisere; meir ein kombinasjon. Ingen gjekk for kretsmeisterskap i Galactic Renaissance. Me ville berre ha det gøy. Men når du på din tur skal trekkje fire Specialists og velje ein av dei, og mange har mykje tekst på seg, eller når du på din tur skal stele ein planet frå nokon andre, og det potensielt ligg 16 planetar hos andre spelarar og ein haug midt på bordet, står eg framleis fast på at dette er dårleg design. Ja, du kan jo sjølvsagt pugge alle spesialistane og alle planetane og hugse kva alle får, men er det difor me speler brettspel? Ikkje eg.
Men til det med diplomati: Eg er ein av få i klubben som likar spelet Diplomacy. Har lyst å spele det meir. Eg likar også veldig godt Game of Thrones. Fordi det tvinger fram diplomati, då støtte (og ev. seinare backstabbing) ofte er nødvendig for å få til noko. Eller andre spel der ein kan «manipulere» motspelarar med ord, som Battlestar Galactica. Og eigentleg ein haug med andre spel. Difor synes eg kritikken din av manglande diplomati i klubben treff dårleg; eg synes me får det til, om spelet legg opp til det. Men om det ikkje gjer det, skjer det lite. Og etter første gjennomspeling av Galactic Renaissance, var det lite behov for det. Seinare spelingar vil sikkert kunne utforske dette meir, men det var ikkje nokre særleg insentiv for å diskutere så veldig.
Spelet var også såpass kaotisk, at når det var ein spelar sin tur så var det litt sånn «ja, eg har ein Specialist som kan X, så då kan eg Y, så sender eg dei til P, og då får eg ekstra actions, og då kan eg på den planeten gjere G, og då kan spesialisten gjere L, og så kan eg…». Det var såpass kaotisk at det var vanskeleg å tenkje diplomati også, for når det var din tur igjen, var brettet heilt endra.
Difor føles det som eit avansert Cosmic Encounter. Men som eg skreiv; det er berre nokre observasjonar etter første gjennomspeling. Fleire gjennomspelingar vil truleg endre på ting.