Velkomen til Kvinnherad brettspelklubb › Forums › Spela våre: erfaringar og vurderingar › SETI: Search for Extraterrestrial Intelligence › Reply To: SETI: Search for Extraterrestrial Intelligence

Sidan “alle” har spelt Terraforming Mars, så tenk det spelet, men:
1. Korta har endå fleire options og bruksmåtar.
2. Spelebrettet er interaktivt med snurrande planetsystem.
3. Du kan reise til og lande på planetar langt borte.
4. Du har mange fleire ting du kan gjere på, som føles meir “levande” (som å reise rundt i solsystemet med probar, skanne etter livsteikn frå andre solsystem, lande på planetar osv).
5. Du kan utvikle nye teknologiar som gjer alt du held på med betre.
Ja, og sikkert masse anna. For meg, føles SETI som ei naturleg vidareutvikling av Terraforming Mars. Ifrå “berre” masse kort som byggjer opp korleis din Corporation utvikler seg, får du dette mykje meir visuelt i SETI, med mange fleire val. Begge spela deler det at du kan velgje din eigen veg, men SETI treff endå meir blink med dette.
Sjølv om det berre har vore éi gjennomspeling, er “liker”-faktoren veldig høg. Og poengsummen på slutten av spelet? 154, 157 og 157. Dette lovar veldig godt, der Sten Ole gjekk hardt ut på å finne meir ut av romvesena, Tor Inge var kongen av å lande på planetar og månar, medan eg surra rundt og gjorde litt av alt.