Kvinnherad brettspelklubb › Forums › Spela våre: erfaringar og vurderingar › Spirit Island › Reply To: Spirit Island
Eit lite tilleggsskriv etter to rundar Spirit Island medØyvind i går:
Eg ser at mykje av det eg allerede har skrive om spelet dekkjer mykje av kva det går i. Spelet er orientert rundt “Invader-algoritmen” som kjører kvar runde: Explore, Build, Ravage. Desse skjer i 2 felt per spelar i begynnelsen, så etter kvart 4 felt per spelar. Om invadarane får holde på fritt blir øya fort øydelagt. Jobben din som spirit er å forstyrre programmeringen til spelet. Explore skjer ikkje dersom det ikkje er på kysten eller i nærheten til bebyggelse. Build skjer berre der det er tilstedeværelse. Ravage kan slå tilbake mot invaderane om Dahan-folket blir forsvart. På grunn av dette klassifiserer eg dette som eit anti-programmeringsspel, som eg meiner å tru det ikkje er mange av.
Me spelte med nok ein ekspansjon til spelet, Nature Incarnate. Dette er ein latestage-ekspansjon til eit nokså modent produkt. Dette gir fleire spirits med endå sjukare gameplay og frivillige mods til gamle spirits. Når vi i tillegg speler med Adversaries, som er navngitte invaders med eigne reglar, så er spelet eit heilt anna enn då eg først kom med spelet i 2020. Du får smake motstand heile vegen. Problema oppstår i omtrent same tempo som me løyser dei. Spiritane fungerer med fleire verktøy som me må sjonglere for at dei faktisk skal fungere.
Me spelte 2 omganger:
Første spelte Øyvind ei LSD-sky som i stor grad såg ut til å passivisere og skuffle rundt invaders som var påvirka av galskapen. Eg spelte ein sovande slange under øya som sakte bygger seg opp i styrke, delvis ved å spise på sine medspirits. Me spelte mot England, som er notorisk vanskeleg med få svakheter. England er spesiell fordi dei bygger mykje oftare enn dei skal og fordi dei bygger når dei ellers ikkje hadde fått lov. Me tapte, men eg trur me klarte oss relativt bra underveis. Kontrollaspektene av spiritane fungerte godt, men vi var begge litt for grønne i utførelsen til at vi klarte å skalere betre enn England.
Andre runde var mot Skottland som går tungt inn for kystdominans. Det gjer at planar om å rydde innlandet svake, som ellers ville vore ein god strategi, fordi kysten raskt blir heilt overkjørt. Ironisk nok fører Skottland til at innlandet alltid plager deg med små hyttebyggane Braveheartar. I denne runden spelte Øyvind Thunderspeaker, ein spirit som har åndeleg tatt over høvdingen til Dahan og bruker dei innfødte direkte i krigføring ved å flytte dei rundt med seg. Eg spelte ein horror spirit som jakter på isolerte invaders som eg bortfører til “The Endless Dark”. Minigamen er å halde på desse så lenge som mulig for å dyrke fram traumatiske opplevelsar som dei etter kvart kan dele med resten av skottane. Dessverre vant skottane denne gongen. Eg trur me begge sleit med å maksimere potensialet til spiritane våre.