Velkomen til Kvinnherad brettspelklubb › Forums › Spela våre: erfaringar og vurderingar › Anachrony › Reply To: Anachrony
Ny hyggeleg gjennomspeling av Anachrony med 3 spelarar. Modulval: Fractures of Time / Hypersync / Quantum Loops.
Spelet er unødvendig stort på bordet. Det er eit monster av eit brettspelprodukt. Eg er takknemlig for kvar gong eg ikkje treng å forklare korleis ein speler. Det er ein del prosessar eg må kunne for å vere godt med og det er essensielt å forstå “impacten” som ødelegger hovedstaden midt uti spelet.
Spelet har skjulte fortellingar i gameplayet om ein ser etter dei. Han mannen som du fekk tilsendt gjennom tidsmaskinen kan vere same mannen som du sender tilbake i tid. Denne personen blei altså aldri født. Istedenfor lever han same livet igjen og igjen, dopa med det “vatnet” han får for kvar syklus. Og når du går frå eit samfunn som tvinger folk ut i arbeid uten matrasjonane sine til eit velstandssamfunn er det ingen som stiller spørsmål med at folkene som går inn i matfabrikken ikkje kjem heim igjen. Og det er noko mørkt og makabert med at personen som ordner opp i tidsanomalies aldri blir sett igjen. Når du roter med tidsreiser er det nok visse folk som bare ikkje burde eksistert til å begynne med. Anachrony-verden hadde vore fin både til å lage ein film av eller som ein rollespelverden.