Reply To: Frostpunk

#4390
Sten Ole
Participant

Reglar, reglar, reglar…

Fuel the generator
Du kan også putte kull i generatoren på turen din i action-fasen eller i nightfasen, ikkje berre i generatorfasen. Når generatoren har varma i generatorfasen, går varmetokenen ned til bunnen igjen. Du må derfor fylle på mykje meir kull enn det som me gjorde når me testa spelet (og helst i action-fasen). Å fylle kull er ikkje ein action. Men det kan vere lurt å berre fylle akkurat nok til å varme personen du skal bruke på turen din.

Barn
Barn kan ikkje gjere noko som helst uten at noko anna gjer at du får lov til det. Altså, endå meir grunn til å sette i gang barnearbeid. Merk at du også kan bruke citizenkort med barn til å omgå denne begrensningen.

Insulasjon på bygningar
Ein bygning kan ha nok varme anten ved at isolasjonen er god nok eller at det er plassert i ein geografisk varm sone nær generatoren. Derfor gir det meining å plassere raude bygningar langt vekke og gule bygningar nærmare generatoren.

Oppgradere bygning
For å oppgradere ein bygning, må du betale det som står under normalprisen på bygningen. Dette skjer gjennom workshopen.

Social dispute
Etter å ha hatt eit social-dispute-kort i dusk-fasen, skal kortet fjernes slik me gjorde. Etterpå kjem eit nytt social dispute kort inn i dusk-decken saman med alt som låg i discard-pilen.

Hope og discontent
Når du auker ein spesiell type hope eller discontent, skal du først trekke eit ny token fra bagen og dersom det finnes ein inaktiv token av rett type, aktiviseres den. Å miste ein navngitt type er å anten exhauste ein aktiv eller miste ein inaktiv. Om den navngitte tokenen ikkje er der, skjer ingenting.

Sjukdom
Når du skal til å flytte antal sjuke forbi populasjonsbrikken, skal du istedenfor snu sjukdomsbrikken. Om du snur frå hodeskallesida, dør ein person og både sjukdomsbrikken og populasjonsbrikken går ned med 1.

Teknologi
Når du bygger ein workshop, får du automatisk starte ein teknologi. Berre ein teknologi kan forskes på samtidig. Teknologi-actionen på workshopen er å speede opp teknologiutvikling. Når teknologien er ferdigutvikla, starter automatisk eit nytt teknologiprosjekt.

Ekspedisjon
Dersom ekspedisjonen ikkje kjem tilbake, får du ikkje rewarden med ein gong. Du får det først alle continue-rewardane når du endelig vender tilbake. Det er eit potensial for at ekspedisjonen lager ein ny ekspedisjons-stack eller så kan det hende at stacken blir ståande og lager lang veg dersom du vil ha ny ekspedisjon på same stacken. Det er også ein option å ikkje gå inn men fortsette dersom ein trur det er betre rewards på framtidige ekspedisjonar.

Health Advisor
Pga måten kortet til Health Advisor (og andre advisorar) var ordlagt på, kan me ikkje bruke det gratis. Det fungerer berre når me har care me kan exhauste.

Førsteinntrykket er godt. Eg ser no at spelet er på fleire vis meir brutalt enn me spelte det som. Forhåpentligvis kjem spelet på bordet igjen snart. Eg vil vite kva som skjer på runde 4.

Om du klarer å finne ein fornuftig insert eller organisasjonssystem til spelet, kan det sikkert gjere oppsett litt meir smertefritt, Øyvind.