Reply To: Here I Stand

#964
Jarle Haktorson
Keymaster

– Veldig bra, Sten Ole.
– Du må vere med når dette skal spelast, for du har kontroll på reglane.
– Korleis fleire på BGG skriv at ein kan lære spelet på 20 minutt, er rein svindel.
– Virgin Queen var artig, men i høve speletid (elleve timar og me fekk ein vinnar i tredje runde trur eg), og ventetid (laaang tid imellom kvar gong det var din tur, men tida vart “heldigvis” nytta til å lese reglar heile tida), er eg usikker på playtime/fun-ratioen. “History of the World” er veldig gøy, men det er for langt (ca. 4-5 timar). TI er langt (7-8 timar), men det er veldig gøy heile tida. Likevel; som ein “happening” er nok Here I stand/VQ veldig gøy, men det er nok eigentleg eit spel som krever commitment; ein må nesten ha spelt fraksjonen sin eit par-tre gonger før ein forstår den, og sjølv då veit du ikkje heilt kva motstandarane dine held på med. Og sidan det er litt sjeldan slike spel blir spelt, fell ein litt utav det kvar gong. I VQ så vann eg grunna conversion i key locations eller kva det heiter, men eg forstod det aldri heilt, og alle måtte vente kvar gong eg måtte refreshe reglane.
– MEN no som det ser ut som Sten Ole har kontroll, gledar eg meg til å gi Here I Stand ein sjanse. Me må nok då vere 6 stk., sjølv om eg inni meg kjenner at om eg hadde 6 stk. samla og ein heil dag til rådvelde, vinn TI prioriteringa.
– Men berre for å la ranten gå…me har jo også t.d. “Republic of Rome”, som nok er i same vanskegrad og speletid som VQ/Here I stand. Det gledar eg meg veldig til å prøve ein gong! Og sjølv har eg snust ein del på å kjøpe “Antiquity”, som til trass for noko mindre speletid, kanskje er i same sjanger….men det er jo å finne tid til alt dette, utan at det går år imellom kvar gong, der kompliserte reglar gjer at ingen hugsar noko imellom kvar gong…