Antike II

Viewing 1 post (of 1 total)
  • Author
    Posts
  • #2998
    Sten Ole
    Participant

    Me drog fram ein ancient relic from 2014 og testa det. Når du opner spelet ser du eit Europa-kart med ein rondell, verdens tynnaste instruksjonslefse, verdens tjukkaste playeraid i papp og ei håndfull med tre-soldatar. Fargane, rondellen og visuelle produksjonen likna mykje på imperial. Det var vanskeleg å kalibrere forventningane. Det tok oss bare eit minutt å innsjå 99% av regelheftet stod på player aiden. Så det var berre å setje i gong.

    Spelet begynner med musesteg. Du får til lite. Ein ressurs her, eit soldat der, eit flytt der. Me måtte bygga økonomi var konklusjonen. Men sjølv om me gjorde lite, gjekk rundane fort. Me måtte spare marmor for å bygge tempel fordi då rulla økonomien fortare.Sakte men sikkert utvida me og bygde tempel og ressursane begynte å dryppe inn fortare. Og turnane gjekk fortsatt fort. Når motstandaren samlar inn ressursar påverker det ikkje brettet, så du kan gjere turen din med ein gong. Tempoet var høgt. Me kunne ofte begynne turen vår rett etter me gjorde forrige turen.

    Me lurte på kva dette var. Følelsen var at me kom til å samle ressursar og bygge økonomi heile vegen. Men samtidig såg me at “poenga” me trengte for å vinne kom til å setje oss i konflikt. Tempelbrenning var ein sentral del av denne krigen. Og når dette perspektivet krystalliserte seg så blei spelet noko anna. All den tempelbygginga me hadde gjort førte no også til at me blei eit angrepsmål. Marmorindustrien og tempelbyggingsindustrien tørka inn, og så vridde økonomien seg mot krigføring. Krigsteknologiane blei prioritert over dei økonomiske. Me kjøpte oss ut av rondellens begrensane reglar. Så var det eit kappløp om å nå dei siste “poenga” me trengte.

    Spelet hadde høgt tempo heile vegen. Det var luftig action istedenfor analyse paralyse. Dette gjorde at ein ikkje fekk imperiebyggingsfølelsen. For klubben sin del ligg spelet litt mellom eventspel og fillerspel. Ikkje eit høydepunkt på kvelden og ikkje noko som ein lett kan hive på bordet når ein skal fylle den siste timen på lokalet. Eg har tidlegare høyrt gode ting om spelet, og eg føler at det innfridde ein gøy opplevelse. Spelet er bra og klarer å overvinne min aversjon mot enkle rondellar. Spelet går opp til 6 spelarar, men det er uvisst om spelet er det same med så mange spelarar. Eg trur kanskje at då vil me erfare at nokon blir nesten eliminert.

Viewing 1 post (of 1 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.