City of Kings

Viewing 2 posts - 1 through 2 (of 2 total)
  • Author
    Posts
  • #2885
    Sten Ole
    Participant

    City of Kings er eit coop RPG-brettspel med 1 til 4 spelarar. Du kjører gjennom eit scenario med ein serie med quests som må fullføres før du kan vinne spelet. Spelet skjer på eit grid med tiles som stort sett er skjult og må oppdages. Kvar karakter får 4-5 actions som kan fordeles på standard actions etter enkle reglar.

    Etter kvart oppdages kartet og monstre og plassar med ressursar openbarer seg. Ressursane kan utvinnes med å bruke arbeidarar som du kan bruke actions for å kommandere. Desse ressursane blir i stor grad brukt til å kjøpe utstyr som auker statsane til karakteren din. Når monstrene blir funne blir dei prosedurelt bygd opp med å plukke random abilities som styrer oppførselen deira. Når dei aktiverer, kjører dei gjennom algoritmen sin som anten kan vere dødleg eller komisk absurd. Når monstrene dør, blir xp delt ut til alle karakterane. Dette fører til at dei får auka stats og kan få spesialabilities.

    No har eg prøvd førstescenariet med den ubrukelege lagspelaren Thomas. Me blei etter kvart slakta. Eg må innrømme at eg kom i ei slags tematisk krise med tanke på kartet. Eg tenkte at dette først var ein kjempestort land der du måtte reise i mange dagar for å vandre rundt. Men når det blir kamp, så skjer kampen på heile kartet. Du skyter frå eine sida av kartet til det andre. Kampen har ein slags sjakk-kvalitet over seg fordi ein kan av ukjent grunn berre angripe i horisontale eller vertikale linjer. Eg får assosiasjoner til Dungeon Master frå gammalt av. Og om ein står i den diagonale blindsonen, så er ein ofte trygg. Dette betyr at med statiske monster (til og med bossar) kunne ein pause kampen og bygge seg opp mellom små kampøkter. Det blei eit spørsmål om korleis ein kunne exploite den dårlige AI-en.

    Eg synes spelet legger seg på ein farlig plass spel-design-messig. Det forsøker å trekke deg inn med flavortekst i questane og historien og med fine miniatyrar. Samtidig er spelet veldig abstrakt der ein ikkje heilt klarer å kople tema til kva som skjer. Eg må prøve det meir for å vite om dette spelet har truffet meg eller ikkje. Eg trur dette er ein bom for 95% av spelarar.

    Reglar…

    Element
    Monster tek også skade av element, til og med sine eigne.

    City
    Healing er ikkje lov i city of kings.

    #2888
    Thomas Thomsen
    Participant

    Bra gjennomgang, lett å spille. Enkle regler. Veldig abstrakt på fleire måter som du nemner her. Monster abilities kan gjøre det både morro og teit til tider.

    Er co-op med fast first player der han gjør alle sine actions før neste og videre rundt bordet. Liker det at monster aktivere på neste runde spilleren som oppdaga monsteret sin tur. Og da før den spillern. Der co-op delen kjem inn slik at andre kan drepe før monsteret gjer sin kaos runde. Eller det gjer ingenting av nytte ??‍♂️

    Elsker character bygge delen med talents og stats samt workers og deres actions. Felles resource pool og team xp (i motsetning til wow) er og et pluss.

    Ps vi spilte ikkje scenario men Story 1, vi blei slakta ja men det på siste boss. Fordi noen var ikkje happy med ein boss fight og gambla for å få bedre gear så han fant et nytt monster. Det var plassert 100% forferdeligt for oss siden det forstyrra vår mulighet til å sloss mot bossen aleine. Samt random summon ability fekk den og slik at vi fekk enda fleire monster. Og dei stiger i styrke heile storien gjennom.

    Tidspress før Preben skulle komme og denne test runden skulle være ferdig rusha oss litt trur eg. Men reglene du nemner visste eg om og trur ikkje det blei gjordt/glemt av oss. Om så skylder eg på Preben.

    Positivt
    -Kjappe turer så lite eller ingen downtime
    -Kampsystemet, attack minus shield=damage
    -Workers
    -Quest kan være en praktisk stable øvelse av tre brukker som Jarle aldrig kjem til å klare, eller følge ein npc til byen, samle goods, stor variasjon til no
    -Reglene
    -relativt kjapp setup og nedpakking.
    —krever lite opplæring før start

    Negative
    -Monster logikk, i form av oppførsel og abilities, kan slå ut begge veier men som oftes bare dårlig AI
    -krever stor plass
    -sikkert mye mer ved flere spillinger

    Eg er enda blandt dei 5% som liker det ???

Viewing 2 posts - 1 through 2 (of 2 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.