Civilization – A New Dawn

Viewing 8 posts - 1 through 8 (of 8 total)
  • Author
    Posts
  • #1802
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Civilization

    Etter ny «regelfrisking» og test viser dette spelet seg til å være betre enn frykta. Litt brå slutt har vore ein tanke irriterande, men etter ny test var kjenslene betre enn sist. Utviklinga av teknologi, områdekontroll og evner gjekk på fram trass i ei speletid på ca. 2,5 timar. «Victory goals» er på ein måte ute av fokus for dei som har det kjekt på brettet og sidan det er mogleg å leggje til eit ekstra «goal», kan speletida bli litt lengre. Det må testast ut neste gong.

    #1803
    Sten Ole
    Participant

    Gøy spel. Mekanikkane er litt nye for meg, så spelet sjarmerte. Ikkje lett spel å analysere som er eit pluss. Litt minus for regeldetaljar ein må slå opp heile tida. Spelet gir inntrykk av å vere ein lettvektar, men det er litt dybde der.

    #1805
    Sten Ole
    Participant

    Reglar…

    Når du bygger by på ein caravan, blir caravanen ståande.

    Kasse-eventet på barbarklokka gir ein kasse per mature by, ikkje ein gratis kasse.

    Kulturkortet kan normalt ikkje fjerne kontrollmarkørar.

    Reinforced control tokens gir +1 til seg sjølv og til naboar (inkludert byar) i forsvarsverdi. Alle control tokens vil uansett ha forsvarsverdi lik terrenget.

    Å ha ein city state token gir ein permanent kasse-effekt på kort med same symbol som kan brukes igjen og igjen. Når samme by blir erobra igjen av nokon andre kan den spelaren velge å frigjere han mot eit diplomatikort.

    Når eit angrep mot ein hovedstad lykkes, stjeler du to kasser fra motstanderen. Wonder i byen blir også flytta til ein av dine eigne byar om det er plass.

    #1902
    Sten Ole
    Participant

    Reglar, reglar, reglar…

    Natural wonders:
    Natural wonders teller alltid som fjell med verdi 5.

    Bygg by:
    Terreng på alle feltene mellom egen friendly space og der byen skal bygges på må ha låg nok terrengverdi. Fiendtlege kontrollmarkørar og barbarar blokkerer.

    Angrep:
    Terrengverdi begrenser ikkje kor du kan angripe. Men KONTROLLMARKØRAR og barbarar (og vatn) kan ikkje angripes gjennom. Du kan ikkje angripe frå felt som du erobra på same runden.

    Forsvarsverdier:
    City State: 8
    Barbarar: Terreng
    Kontrollmarkør: Terreng + forsvarsbonusar fra kort o.l. + 1 per reinforced på eller inntil markøren + trade goods i forsvar.
    By: Terreng x 2 + forsvarsbonusar fra kort o.l. + 1 per reinforced på inntil byen + trade goods i forsvar.

    Trade goods kan forsvarer betale etter at angriper har vist sin investering. Trade goods gjelder berre for eitt forsvar.

    Trade tokens:
    Max 3 tokens per fokuskort

    Diplomatikort:
    Angriper må (selvfølgelig) levere inn diplomatikort når han angriper nokon. Forsvarer beholder ironisk nok kort han evt har.

    Anna:
    Mykje knaskete reglar rundt diverse edge-cases og når du går tom for brikker av eine eller andre typen.

    #2084
    Jarle Haktorson
    Keymaster

    Dette var eit kjekt spel; eg merka at slike “utvide og utvikle deg litt slik du vil”-spel er noko eg synes er gøy. Bra mekanikk med korta/actions som du kan oppgradere.

    No spelte me til fem goals; eg trur ikkje eg kunne tenkt meg å spele til fire. No når spelet slutta var eg “nøgd”; det var tett på slutten og eg hadde fått utvikla meg omtrent slik eg ønskja. Eg sat også med action-kort eg ikkje hadde fått testa ein gong.

    Om me skulle ha spelt til fire goals, trur eg det hadde blitt opplevd altfor kort; då tenkt graden av utviding/utvikling. Kan hende eg tek feil, men eg trur ikkje opplevinga hadde vore den same.

    PS: Eg ser ein stor feil me (truleg) gjorde; jamfør Sten Ole sin regel-kommentar ovanfor: “Trade tokens: Max 3 tokens per fokuskort”. Eg var vel oppe i tolv ein periode på eit kort. Følte likevel det balanserte seg ut, då alle samla, eller hadde moglegheita til det. Men det forklarar jo også korleis me kunne gå tom for tokens hehe.

    #2085
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Note to ourselves: sjekk Sten sine regelnotat på forum før speling av lavfrekvente spel 🙂

    #2086
    Sten Ole
    Participant

    Me huska i alle fall dei viktigaste tingene. Som sagt skal det eit stødig sinn til for å ha kontroll på dette spelet. Ikkje bare er det regelsituasjoner som er vanskelege å tyde, f eks korleis visse teknologiar, diplomatikort og wonders jobber saman. Du har også mange “magiske tal” og betinga reglar som ikkje er synlege i spelet i øyeblikket og blir derfor lett “feilspelt”. Max-3-trade-goods-regelen er eit godt eksempel.

    Gøy er det, men det føles som ein uslipt diamant spelemessig (og overpolert på andre område). Spelet treng gode player aids og kanskje noko “euroglyfar” på tokens og kort for å å kommunisere viktige reglar.

    #2999
    Sten Ole
    Participant

    No kom Terra Inkognita på bordet.

    Igjen så blei me offer for regel-obskurifiseringa i spelet. IKKJE MEIR ENN 3 TRADE GOODS PER FOKUSKORT. Som eg har sagt tidlegare burde spelet kome med ein player aid som hadde med slike relevante reglar. Kamp-reglane er også noko som alle burde hatt for hånden.

    Men… nok om det. Ekspansjonen!

    Spelet hadde eit par endringar. Istedenfor at krigføring blei ein abstrakt handling på brettet, hadde ein no hærar som flytta seg på kartet. Dette var ikkje ein stor mekanisk endring på spelet, men det gav ei halv teskje meir smak på krigføringen.

    Me fekk byggje spesielle kontrollbrikker som jamnleg samla inn trade goods eller gjorde andre gode ting. Dette bytta ut den meir kjedelege Mature Cities jamnleg gir ut trade goods-regelen. Distrikta brydde seg ofte også om kva slags terreng som fantes. Og jo oftare terreng har noko å seie, jo betre, tenkjer eg.

    Spelet begynte med eit lite kart. Om ein vil ha meir kart, må ein utforske. Ikkje ei stor endring, men det gjer at kartet på bordet ikkje har store dødsonar.

    Spelet har ein femte spelar med. Eg er litt negativt innstilt til ein femte spelar siden dette vil auka kor lenge spelet varer, men kanskje det fungerer bra om det er god flyt mellom turane, med andre ord litt spelaravhengig.

    Det var litt anna knask:
    – Fort som gjorde at ein kunne få fleire “byar” bygd ved krigføring.
    – Meir asymmertriske faksjonar gjennom eit ekstra tech-kort.
    – Fleire wonders og mekanikk som får wonders til å gå ut på dato om dei ikkje blir bygd.
    – Ein lengre fokuskort-track.
    – Styresett til å manipulere fokuskort-tracken.

    Konklusjon: God ekspansjon og greit spel, men dette er nok ikkje eit av mine favorittspel. Eg trur det på fleire punkt føles abstrakt. Mekanikkane jobber ikkje alltid saman med tematikken. Spel-loopen gir ikkje heilt den følelsen eg ønskjer meg.

Viewing 8 posts - 1 through 8 (of 8 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.