Cooper Island

Viewing 5 posts - 1 through 5 (of 5 total)
  • Author
    Posts
  • #2901
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Cooper Island

    Ein skal byggje opp sin del av øya ved å kultivere landområda og skaffe seg ressursar til å utvikle seg. Worker placement der ein må jobbe hardt for å få til noko. 2,5 timar med mykje spel og greie reglar.

    Poengsummen med tre spelarar: 12-13-14

    #2902
    Sten Ole
    Participant

    Dette er eit veldig kompetent designa worker-placement-spel med god ikonografi og flyt. Det virker som eit spel der ein kan gjere mykje forskjellig for å oppnå ein god score. Nesten uansett kva du gjer i starten så kan ein sikkert spele vidare i same sporet å få det godt til.

    Mini-gamet du heile tida må jobbe med er å legge tiles på kartet. Desse kan legges i det uoppdaga innlandet eller oppå eksisterande bebyggelse for å vidareutvikle det. Optimalt sett bør du gjere dette på ein måte som passar med planane dine, men det er mange ting du må ta hensyn til underveis. Dette gir opphav til vanskelege dilemma. Du vil helst ha ressursar for å få til store bragder, men av og til må du berre passe på at folket ditt har nok mat. Av og til må du gjere dei verst tenkelege suboptimale trekkene for å løyse problem.

    Som i dei fleste worker-placement-spel er det blokkering av handlingar, og det er derfor ein viss fordel med å vere først. I dette spelet er det brukt ein soft versjon av denne mekanikken. Du kan fortsatt gjere den blokkerte handlingen ved at du betaler eit lite vederlag til spelaren som gjorde handlingen før deg. Dette er nok til å motivere spelarar til å gå ikkje gjere akkurat det same. Samtidig, om ein absolutt vil gjere noko, så er det mulig.

    Det einaste eg trur kanskje manglar med spelet er “replayability”. Eg trur kanskje etter at ein har spelt spelet 10 gongar så har ein sett alt som spelet har å tilby. Men då har ein allereie fått 50 timar med underholdning. Kanskje det er nok.

    Dette er eit av dei betre spela i sin sjanger.

    #2903
    Sten Ole
    Participant

    Reglar, reglar….

    Forresten lite å påpeike her. Dei tinga me lurte litt på var som me hadde resonnert fram til.

    Ein kan kjøpe “lokk” frå kva skip ein vil uavhengig av kvar harbormasteren står.

    Skipa hoppar frå sandbank til sandbank og får bonusane som det hoppar over. Når ein islet-tile blir lagt der det står eit skip, legges skipet på den sida av sandbanken der tilen ikkje står. Det er altså opp til tile-leggaren om skipet skal få ein ekstra bonus neste gong det flyttar seg.

    Første islet-tilen må legges til høgre for havna. Dei neste kan plasseres akkurat som du vil. Eg tippar tanken er at spelet ikkje vil gjere det ekstra lukrativt for spelarar å gå motsatt veg rundt klokka.

    Når du får eit cargo-lokk, treng du ikkje å ta bonusen med ein gong. Du kan spare det til eit fornuftig tidspunkt.

    #2922
    Sten Ole
    Participant

    Ny gjennomspeling med fire. Poeng 28, 24, 20, 20. Spelet var “trangare” med 4 og litt meir interaktivt. Det var interessant å sjå korleis alle fekk noko til med å gjere litt forskjellig. Inntrykket mitt er forbetra frå bra til kjempebra. Det er mykje dybde i tile-legge-delen og korleis ein løyser puslespelet.

    #2927
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Cooper

Viewing 5 posts - 1 through 5 (of 5 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.