Crusader Kings

Viewing 3 posts - 1 through 3 (of 3 total)
  • Author
    Posts
  • #2845
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Crusking

    I Crusader Kings styrer du eit dynasti i eit av fleire scenario. Spelet går over tre «Era» kvar med tre «Rounds» og kvar av dei igjen med to «Action Cards». Runden startar med giftarmål i håp om å byggje sekken din med tokens til noko brukande.

    Actions:

    Build/Develop
    Plot/Overthrow
    Mobilize/Invade
    Tax
    Crusade

    Actions vert som oftast løyst ved å trekkje tokens frå sekken din. I enkle trekk; grøn token = suksess, raud = failure.

    I tillegg vil ofte neste spelar med klokka få ein positiv eller negativ «event» på action-kortet du køyrer. Ein kan byggje slott for å få meir inntekt og «forsvar». Ein kan skaffe seg «teknologi» som oppgraderer dynastiet. Målet er å skaffe poeng gjennom å ha størst «area control», og vere førstemann til å oppnå ulike fastsette mål. Spelet stoppar etter siste runde, eller om ein spelar tek det siste Crusade-feltet.

    Crusader Kings passar best til 5-spelarar. Det inneheld ein del events ein berre er nødt til å le av sidan ein ikkje har kontroll over kva som skjer på action-kortet til spelaren før deg. Gøy om du har humør til Monthy Python-strategi.

    #2846
    Sten Ole
    Participant

    Reglar, reglar…

    First player
    Når ein speler har gjort ein vellykka crusade, blir han first player neste “turn”.

    Invade
    Kvar fotsoldat kan angripe separat mot ulike territorie eller kan også operere som support. Etter eit vellykka angrep, kan fotsoldaten flytte inn. Pillage er berre lov om han ikkje flytter inn. Om eit angrep feiler, kan forsvareren få eit gratis motangrep.

    Sea Passage
    Dei stipla linjene på sjøen teller som om landområda er inntil kvarandre. Navy tillater lengre trassear.

    Adopsjon
    I dynastifasen kan kongen kjøpe seg ein unge for 2 gull om han har ei kone.

    Trade
    Det går an å lage avtalar som inneberer territorier, penger og giftemål. Timingen på giftemål er regulert, og territorier kan ikkje byttast om ein action eller event er i ferd med å bli kjørt på det.

    Førsteinntrykk.
    Spelet er litt uslipt, men det er mykje morsomt som skjer underveis. Kven du sit på sida av har mykje å sei.

    #3077
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Ck

    Ny test med 5 spelarar. Eg hadde ikkje kontroll, men mykje humor og god læring.

Viewing 3 posts - 1 through 3 (of 3 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.