Cthulhu – Death May Die

Viewing 3 posts - 1 through 3 (of 3 total)
  • Author
    Posts
  • #2503
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Dmd

    Igjen er kultmedlemmene i gong med sine idiotiske ritual for å tilkalle desse avgudane inn i vår verd. Men…
    Denne gongen er me klare. Me veit korleis me skal forstyrre ritualet slik at avgudane vert sårbare i vår verd! Denne gongen skal me møte dei ansikt til ansikt – hagle mot tentakkel! Fylte med galskap skal me knuse dei ein gong for alle!

    Actionprega miniatyrspel med høg vanskegrad. Du velgjer ein «old one» og ein episode som du etter beste evne prøver å vinne. Greie reglar og veldig cinematisk innhald. Me måtte ha tre forsøk på å klare episode 1 mot Cthulhu, og siste forsøk enda med seier gjennom hysteriske sjølvmordsangrep der alle spelarane strauk med. Perfekt spel for alle som likar action og hendingar ein ikkje har kontroll over.

    #2504
    Sten Ole
    Participant

    Pluss:
    – Lettfattelege reglar og eit relativt strømlinjeforma spel.
    – Dicovery-kortene var kule. Fleire av dei fortalte indirekte ein historie.
    – Dramatiske oppturer og nedturer.
    – PLASTIKK!

    Minus:
    – Spelet set med ein gong eit tidspress som tvinger spelarane i aktivitet. Lite rom for å “sløse” tid på suboptimale planer. Dette tidspresset er heilt ekstremt på slutten av spelet. Spelet går frå å gjere småopprydning ein tur til å plutselig stå face-to-face med Cthulhu i neste øyeblikk. Du har no ein tur på deg til å vinne spelet ellers har alle tapt.
    – Tilfeldighetene gjer at overgangen frå “No er eg totalt trygg” til graven er veldig kort. Eit Eksempel: du sitter i eit stille hjørne for deg sjølv med full helse, minimum stressnivå med mykje utstyr og gode venner rundt deg. Du trekker eit mythoskort som gjer at du plutselig har 3 monster og 2 kultistar på deg. Du kan like godt begynne spelet på nytt igjen om ikkje gud openbarer seg i terningane.
    – Tematikken bommer litt synes eg. Karakterane er litt for parodiske og tullete. Monstrene og kultistane er litt for “monsteraktige” så spelet mangler litt av det typiske “existential dread”-elementet som lovecraft-universet normalt innbyr på.

    #2505
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Cluet her er at alle spelarane er «insane» frå starten av. Skrekk og gru er ikkje nødvendig. Ein er inne i dei siste minuttane av apokalypsen.

    All or nothing.

Viewing 3 posts - 1 through 3 (of 3 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.