- This topic has 1 reply, 2 voices, and was last updated 2 weeks ago by
Rune Hanssen.
-
AuthorPosts
-
03/02/2025 at 16:56 #4333
Sten Ole
ParticipantOk, Daitoshi. Hmm… Førsteinntrykkene er mange og uavklarte.
Spelet handler om å vere ein industrimagnat i ein fantasiverden som føles som ein blanding av steampunk med punken bytta ut av fargerike barne-TV-motiver. Byen er i utgangspunktet drevet av store fantasidyr. Vår jobb i spelet er å få inn litt dampmaskinar og elektriske lys fordi det er det industrimagnatar gjer. Problemet er berre at naturressursane er vokta av naturånder som saboterer oss dersom me er for grådige.
Spelet er drive av ein rondell der me går rundt og gjer actions. Alle actions høster frå naturen og indirekte gir deg damp frå eller til og gjer åndene irriterte. Å kunne gjere actions krever andre ressursar som ofte kjem ut av fabrikken din. Men fabrikken krever damp for å kjøre. Alt blir vanskeleg om åndene er imot deg. Spelet handlar om balanse og ansvarleghet for at hjula på ormebussen ikkje skal dette av. Maksimeringstrang blir møtt med ressursmangel og knuste fabrikkvindu. Tur-strukturen i spelet er ikkje meir enn middels komplisert, men å spele dette spelet på ein fornuftig måte krever ein slags framovertenking som gjer det vel så vanskeleg som eit tungt Lacerda-spel.
Noko som slår deg når spelet er på bordet er at det på ingen måte er sjølvforklarande. Brettet er ein sirkel med symboler spydd ut overalt utan eit tydeleg system. Til og med sektorane som er viktig for å avgrense kva som høyrer til kva er ikkje tydeleg markert. Det gir spelet ein liten oppoverbakke akkurat når du ser det første gongen. Barne-TV-motivene står i djup kontrast som om dei prøver å påstå at “spelet er jo enkelt.” Men etterkvart så klarer du å organisere korleis spelet fungerer. Det er fleire ressurstypar. Damp tek det litt tid å forstå fordi du får det ikkje inn på ein forutsigbar måte. Dei andre typane har du helst berre kontroll over dersom du konsekvent bygger og køyrer fabrikken din, men dette blir nok enklare etter eit par omgangar, kanskje. Poengene kjem fossande frå alle ender. Endeleg suksess ser ut til å vere avgjort av generell ansvarleg drift og at sumobrytarane dine har gått på dei rett stiane i skogen.
Førsteopplevinga mi var prega av påtvungne actions og ressursknapphet og litt mangel på retning. Så kanskje må eg holde litt igjen på å dømme spelet. Eg slit ennå med å finne gleden littegran. Noko av det eg sleit med var at eg såg kor vanskeleg spelet var. Eg fant ikkje ut av vetige ting å gjere. Då gav eg opp på å spele lurt og kom inn i ein vond rytme av å gjere dei tingene som eg hadde råd til og ignorere alt som gjekk galt. Det er ikkje mange spel som set meg i denne elendige tilstanden. Det er litt som om spelet prøver å fortelje meg at eg er for dum til å spele det. Spelet har nok meir å gi dersom ein speler meir målretta.
Objektivt sett er jo spelet bra. Det er litt meir poeng-orientert og temaet er litt for fråkopla enn det eg som regel likar. Det er likevel eit spel som utfordrar deg tankemessig og ikkje er redd for å ydmyke deg om du ikkje gjer dei rette tinga. Historien i spelet vil heile tida vere den same. Derfor er det som gjer at du eventuelt kjem tilbake til spelet er den varierte mentale utfordringa underveis. Eller kanskje det er barne-TV-verdenen som appellerer.
—
Reglar, reglar, reglar…
Conflict reward
Du skal ikkje få conflict reward når du tar ein tile sjølv om du har meir enn ein.03/02/2025 at 18:51 #4336Rune Hanssen
KeymasterGhibli-steamindustri!
Det er mykje spel her. Eg følte aldri eg hadde vanskar med ressursar bortsett frå damp. Følte det meste var oversikteleg. Eg passa på at pilgrimane fekk gått turane sine i naturen. Det hjelpte godt for poengsanking på slutten. Er ikkje heilt sikker på angry-spirit bonusen og kva tid den slår inn. Elektrifisering av distrikta var ein grei affære. Mange delar i maskineriet som gjev inntekt – flosshatt, åme-buss og exploiting av naturressursar. Brettet er langt frå likt gong til gong.
Eg gjorde alt eg kunne og det fungerte okay. Konklusjonen er at det var gøy. Mykje å sjå på og ta på.
-
AuthorPosts
- You must be logged in to reply to this topic.