Dark Moon

Viewing 1 post (of 1 total)
  • Author
    Posts
  • #1333
    Sten Ole
    Participant

    Eit “social deduction” spel der dei uinfiserte må løyse problema på ein sviktande romstasjon før dei infiserte ødelegger alt. Spelarane har terningar som ressursar. Desse brukes til reparasjon, felles oppgaveløysing og avstemningar. Det blir trilla hemmelig bak ein skjerm og resultata av trillinga blir presentert. Kor langt kan dei infiserte levere dårlige resultat før mistanken faller på dei? Kor mykje uflaks skal til før du blir feilaktig utpekt som infisert. I teorien eit interessant spel der ikkje alt som skjer er med overlegg. Derfor er også all deduksjon gjort med ein viss tvil.

    Spelet har eg vore med på 2 gonger no, og begge gongane klarte ikkje dei infiserte å true oppdraget. Det føltes for lett. Det handler til ein viss grad om flaks med kva kort som blir trekt, men det handler også om dei infiserte sin evne til diskret sabotasje. Begge gongane eg har spelt har eg hatt inntrykket av at dei infiserte har brukt for mykje krefter på å bygge tillit. Derfor har oppdraget blitt hjelpt på veg litt for mykje. Kanskje spelet krever meir erfaring fra spelarane enn det me har hatt.

    Eg er likevel positiv til spelet og speler det gjerne igjen eit par gonger, men eg ser at spelet er sårbart for om folk speler “feil”. Interessen for sjangeren i klubben er også begrensa.

    (Ingen bilde grunna skadd heimeside)

Viewing 1 post (of 1 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.