Dominant Species: Marine

Viewing 3 posts - 1 through 3 (of 3 total)
  • Author
    Posts
  • #2967
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Dsm

    Denne versjonen overraskar med redesign av mekanikkane frå forgjengaren. Maks spelarar er no fire. Kvar rase vert tildelt tre traits der ein velgjer ein, og om ein vil, kan ein velgje kva elements rasen spesialiserer seg på.

    Ein har action pawns som tidlegare, men i staden for å programmere runden, vert kvar action utført i det ein plasserer sin pawn. I tillegg må ein plassere etter sine tidlegare plasserte pawns. Dette gjer mekanikken mykje meir dynamisk. Som i Manhattan Project har du to val på din tur. Plassere eller ta alle heim. Når alle spelarane har returnert kvar sin gong, vil det skje ein reseed av elements og denslags på action display.

    Dominanse er også annleis. Her sjekker ein ein type element og multipliserer det med alle tiles ein har species og same element på, på brettet. Det ein oppnår er å skaffe seg ein special pawn som er kraftigare enn standard. Desse er noko ein kjempar om og gjev bonus poeng på slutten.

    «Survival» og «endangered» situasjonane er no bestemt av kva kort som dukkar opp når kortplassane får påfyll.

    Spelet er lett å få oversikt på når ein har spelt forgjengaren. Det som er nytt gjer likevel spelet ulikt det gamle, nok til at ein kan sjå på dei som to ulike spel. DS: Marine er mykje meir dynamisk og direkte. Speletid er halvert. Veldig bra 4-player!

    #2968
    Sten Ole
    Participant

    Bra oppsummert.

    Med ein gong spelet kjem på bordet kjem den fine Dominant-Species-følelsen. Det er tydeleg eit heilt anna spel med liknande grafisk design. Men den spisse kampen om overlevelse og overtal er fortsatt til stade.

    Spelet føles meir skarpt ut enn forgjengeren. Det er vanskelegare å ha “full kontroll” på situasjonar. Det er meir konflikt mellom det som gir poeng og det som gir ein betre tilstand på brettet. Måten action selection blir gjort der alle egentlig plasserer i “utakt” fører til at ein alltid er delvis blokkert og alltid delvis har muligheter.

    Sjølv om spela er ulike blir det interessant å sjå om spela klarer å sameksistere i samlingen til Rune. Eg ser for meg at på sikt er det anten det eine som vinner fram eller det andre.

    #3012
    Sten Ole
    Participant

    Livet som snylteblekksprut er hardt. Du sprer deg utover verden, klar til å ta imot dei som melder seg som vert. Og av uviss grunn gjer alle alt dei kan for å befolke andre deler av verden. Men til slutt kjem dei. Landområdene er for frodige. Og dei merker det knapt, berre eit lite stikk. Eit VP her og eit VP der.

    I det marine dyreparlamentet blir det reist debattar om korleis løyse problemet. Dei er litt distraherte av territorial-tvistar i vulkanregionen. Fleire reptilartar og fiskeartar er avhengig av dei svovelrike avgassane. Det blir likevel gjennomført ein antiblekksprut-traktat.

    Men sjølv med naturkatastrofe etter naturkatastofe og aktiv bruk av rensefisk er blekksprutens evne til å legge egg i dei djupaste hulromma i andre dyr uovervinneleg. I ein av evolusjonens rare tilfeldigheter, får blekksprutane ein spesiell smak for sine fjerne søskenbarn, sniglane. Sniglebestanden blir spist opp til stor skuffelse for fiskane. Men det er ikkje nok. Tidleg suksess er den perfekte måten å bli ei målskive.

Viewing 3 posts - 1 through 3 (of 3 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.