Dune (Gale Force Nine)

Viewing 3 posts - 1 through 3 (of 3 total)
  • Author
    Posts
  • #3718
    Sten Ole
    Participant

    Gøy krigsspel i diplomati/krig-sjangeren. Basic-versjonen er litt polstra i kantane, og eg trur Dune-tematikken er endå kraftigare i advanced-utgaven. Me fekk ein morsom slutt der Lars Erik/Tor Inge gutsa på på slutten og vant med eit traitor-kort mot Einar/Øyvind-aksen som låg an til å kvele spelet i egen favør. Eg har eit generelt bra inntrykk av spelet og ser mange ting som konseptuelt fungerer betre enn Rex.

    Men… me kan fortsatt klage på små brikker som må stables i mikroskopiske felt på brettet. Kanskje også den litt langdryge budrunden er litt gammeldags. Det er ein del konsepter som er rare, f eks særretten til Atreides å føre notater over treachery-kort, som me i praksis ikkje gjorde og derfor kunne me ikkje bruke Atreides til å hjelpe oss å huske kven som har kva. Storm-bestemmelsesprosessen i basic-versjonen hadde også sine svakheter.

    Eg gir spelet 7/10, som legger det på nivå med andre gode spel i samme sjangeren. Eg ser for meg at dette hadde vore gøy å få på bordet eit par gonger i året.

    Reglar, reglar, reglar…

    (Spelte for det meste rett).

    Bribery
    Spice betalt som ein bribe blir lagra framfor screenen til mottaker og blir først innkassert i Mentat pause-fasen. (Sikkert for å hindre folk i å plutselig ha penger dei ikkje burde hatt i budrunder, revival, shipment og kamp).

    Fremen
    Fremen kan ikkje shipe frå off-planet. Alt må kome frå Great Flats nær-området. (Utvilsomt viktig for å hindre Fremen i å vere totalt overpowered)

    Regelkaos
    Mange spørsmål om spelet ser ut som å vere lite avklart ifm med advanced rules. Blant anna:
    – blir det kamp om fremen flytter inn i ein storm?
    – kan Bene Gesserit sameksistere med ein alliert om dei er i advisor-modus?
    – kan Bene Gesserit smugle seg inn som advisors/fighters via motstanders shipment til ein plass dei allerede har fighters?
    – uenighet om det er begrensingar på truth trance.
    – karamakort-interaksjoner.

    (Eg er helst enig med meg sjølv korleis mange av desse bør tolkes, men det er eit potensial for regelkrangling siden det ikkje er objektive kilder å lene seg på, og av og til motstridande offisielle tolkningar. Også stor fare for å komme i kontakt med innarbeidde husregler frå 70-talet.)

    #3719
    Jarle Haktorson
    Keymaster

    Eg er sikkert biased, sidan eg likar Twilight Imperium så godt, men eg synes at Rex er eit betre spel enn Dune. Eg trudde først at dei var veldig like, men endringane synes eg likevel er store.

    Eks. kortbunken; i Dune ligg det masse Useless kort. Eg hadde tre slike på hand. Kva skulle eg med dei? Jo, “lure” motstandarden i kamp. Ehh. Heldigvis hadde eg nok kort (åtte) til å også ha gode kort, men slike kort er berre irriterande. I Rex hadde alle kort verd.

    Også dette med Stormen/Bombardment i Rex. Det var meir spennande med kort i bunken som kunne øydelegge ein base sitt forsvar mot Bombardment. Eg synes ikkje det er kjekt som øydelegg ein spesikk del (og kortet vil kome i bruk, for me var vel igjennom den lille kortbunken sånn to hundre gonger).

    I kortbunkten sakna eg også kjekke kort som Mercenaries og Retreat, eller kva dei heitte ifrå Rex. Det gav eit litt uventa element, slik at du ikkje alltid kunne telje/berekne (sjølv om det sjølvsagt også er andre usikre moment).

    Men eg trur eg sakna mest dei “Scheme”-korta eller kva dei heite; dei som gav kvar enkelt eit kort med ein hemmeleg måte å vinne spelet på. Det aleine meiner eg gjer Rex betre enn Dune. For då er du i paranoia heile tida. “Kvifor vil han i allianse med meg?” “Kvifor seier han at me kan byte basar?” “Kvifor” osv. Pluss gjorde dette det kjekkare; alle hadde fleire måtar å vinne på, ikkje berre visse rasar.

    Om det kjem opp forslag om Dune igjen, vil eg føretrekkje Rex. Men eg trur eg er i mindretal, så då spørs det om eg får spele nokon av dei igjen.

    #3720
    Sten Ole
    Participant

    Eg er nok i endå større grad biased fordi eg er total Dune-nerd. Tematikken frå bøkene er i stor grad til stades i spelet. I den forbindelse tilgir eg nok i større grad dei statiske win-conditionane og at kartet har to ornithopter-basar inntil kvarandre på ei side av kartet med medfølgande storm-svakhet og power-basen til fremen på ei anna. Det er også mykje i advanced-reglane som framhever faksjonane sine særegenheter.

    Treachery-bunken i Dune er liten, men dette er nok også for å fascilitere at Atreides skal vite nesten alt med hjelp av notater. Ulempen blir jo at alle blir meir kjent med kva som skjuler seg i stokken og ikkje så mange overraskelser. I forsvar av worthless-korta, kan eg seie at Bene Gesserit kan bruke dei som karama-kort i advanced game.

    Mitt problem med Rex har heile tida (med stigande tendens) vore:
    – Diplomatien er død utenom alliansar pga mangel på bribes og “hvis du gjer det, så gjer eg det”-avtalar inviterer til svik på ein måte som gjer dei ubrukelige.
    – Mykje hemmelig informasjon som i stor grad forblir hemmelig og lite delbar. Med andre ord ein ofte lite anvendbar faction ability for ein speler, og bingo-minefelt for alle andre.

    Det gjer at eg velger nesten kva som helst anna spel i diplomati/krigs-sjangeren heller enn Rex om eg er diktator. I praksis er eg jo med på alt som kjem på bordet. Me får aldri til å spele 6-playerspel om alle er superdogmatiske på korleis dei liker å krige på eit kart.

Viewing 3 posts - 1 through 3 (of 3 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.