Jarle Haktorson

415 54 544

Email

post@brettspel.no

Spelekveldar

Me brukar SPOND

Viewing 4 posts - 1 through 4 (of 4 total)
  • Author
    Posts
  • #4119
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Dwfa

    Minnar om «Star Wars Rebellion». Har testa det to gonger. Verkar som det flyt litt betre enn liknande spel, men kan hende eg ikkje hugsar godt nok. Held seg godt til filmen Dune part II.

    #4120
    Sten Ole
    Participant

    Trivelig spel mellom dei onde og dei litt mindre onde. Det er stort sett eit reint krigsspel der begge parter mønstrer karakterane sine til kamp for å bruke det som dei har av spesialkrefter. Atreides har hærar med hemmeleg styrkeantal, sietchar av ukjent styrke og disponerer Dune sine ørkenkrefter som om dei var deiras egne styrker. Harkonnen har ansvar for å samle spice til verden, har mange fleire actions enn kva som er rimeleg (så lenge spiceøkonomien held) og ornithopter for å kompensere for at ørkenen er ute etter å drepe dei.

    Testrunden blei kort og brutal pga unaturleg flaks frå Harkonnen si side og ørten reglar som blei feilspelt i Harkonnens favør. Rabban blei den store helten som fekk sparken på shaky grunnlag. Men Feyd Rautha var like effektiv i stilling som framtidig keisar. Keiser Shadam pumpa inn fleire Sardaukar-krigarar enn Dune har sandkorn. Men sjølv om testen var besudla, er inntrykket godt. Karakterane var relevante og nyttige. Det blir ein slags historie av spelet uansett korleis det går. Eg er spent på korleis det ser ut når Atreides vinner spelet.

    Reglar, reglar, reglar…

    Bene Gesserit tokens frå Supremacy track
    Atreides skal ha Bene Gesserit tokens frå supremacy-tracken til Harkonnen. Harkonnen får dei ikkje sjølv.

    Prescience Track
    Atredies vinn på slutten av turen om dei får til prescience-målet sitt, ikkje med ein gong.

    Siste turen
    Når Harkonnen har gjort sin siste tur, er runden over, sjølv om Atreides har fleire uspelte terningar.

    Ornithopter
    Berre start-omådet for transport treng å vere tilkopla Ornithopteret. Destinasjon kan ligge utenfor.

    Ensomme ledarar
    Ledarar kan ikkje eksistere i eit område uten vanlege units.

    Overflødige terningar og Bene Gesserit tokens
    Desse skal plasseres på dei terningplassane som er mest ledige. Du kan maks bruke 1 Bene Gesserit token per runde.

    Cease the attack
    Om angriper velger å ikkje fortsette kampen, blei dei ståande der dei var før angrepet.

    Retreat
    Om forsvarer flykter, er det angriperen som velger kva veg dei rømmer. Dette gjeld også Harkonnen som flykter frå sandworms.

    Angripe Harkonnen settlements
    Om Atreides ødelegger ein Harkonnen settlement, går kvar prescience marker opp same antal steg som settlement levelen.

    Sandworm
    Sandwormen kan ikkje flytte inn der som det er noko frå før. Og legionar kan ikkje flytte inn til sandwormen. Sandworms kan ikkje dukke opp der Atreides står, fordi på desert hazards-fasen fjerner Atreides wormsigns der han allerede står eller der det er sandworms frå før. Kan også nevne at sandworms kan brukes til sandriding på lik linje med wormsign tokens.

    Minor Erg
    Eg måtte bekrefte dette for min egen del. Minor Erg sjølv om den er full av sand er ikkje desert.

    #4121
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Det blir klårare og meir «fornuftig». Eg vil tru eit spel tar 2 timar.

    #4559
    Sten Ole
    Participant

    Reglar, reglar, reglar…

    Storm
    Trilling for stormskade vil også skje i plateau, minor erg og desert areas. Plateau inne i Harkonnengryta er utsatt for storm dersom atombomber har opna opp, og det er berre området inntil holet som er utsatt, ikkje alle. Det opner også opp for angrep frå worms.

    Til overs token
    Tokenen med med romertalet I er 1 spice point som kan spares til neste runde.

    Major troops
    Major troops teller som både vanlege soldatar og som ledarar og vil også gjere blomst om til kniv. I Atreides-kontroll blir dei ikkje angripe av storm eller worms, men dei er ikkje i stand til å ri på worms.

    Settlement
    Om ein settlement blir forsvart så vil denne gi ekstra terningar i forhold til romertalet som ligg under settlement-brikken. Dette er i tillegg til 1 gratis hit mellom combat-runder.

    Presciencekort
    Det er berre lov til å vinne 2 slike kort per runde. På slutten av runden kan Atreides-spelaren returnere eitt av korta som ligg igjen til boksen. Resten skal blandes tilbake inn i stokken før det blir trekt 3 nye kort.

    Paul x 2
    Når Paul Muah’dib kjem i spel, skal Paul Atreides fjernes frå spelet

    Alt som var sagt i tidlegare post
    Kan bekrefte at alt i tidlegare post er sant, så det var fleire ting me bomma på.

    Inntrykket mitt av Spacing Guild-ekspansjonen er at det gir eit potensial for ekstreme bakholdsangrep. Eg veit ikkje heilt korleis eg føler rundt dette. Det gjer at Harkonnen kjem seg fortare opp tracken sin, men det gjer også at Atreides kan lettare plage Harvesters (og derfor få inn fleire spacing guild actions). Siden me spelte mykje feil no sist så er det vanskeleg å vurdere balansen i spelet. Men eg trur framover er det ein god idé å ikkje la settlements og sietcher ligge heilt uforsvart.

    Eg synes spelet fungerte litt betre med 2 spelar enn med 4 ut frå minnet. Det blei litt meir dødtid i spelet, spesielt når den eine spelaren på laget gjorde dei “relevante” actionane. Mykje av reglane behandla spelarane som ein spelar likevel, og det var ikkje distinkte enhetar som høyrde til eine eller andre spelaren. Så einaste fordelen eg ser er at du ikkje treng å vere åleine i eit rom med ein annan person.

    Som heilhet trur eg spelet likevel har gode kvalitetar. Du har 20 ting du har lyst å gjer på runden men må koke ned planen din til kanskje 5. Og dei 15 tingene som du ikkje får gjort, er alle åpne sår og uforløyste draumar som heimsøkjer deg resten av spelet.

Viewing 4 posts - 1 through 4 (of 4 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.