Empire of the Sun

Viewing 2 posts - 1 through 2 (of 2 total)
  • Author
    Posts
  • #3118
    Sten Ole
    Participant

    Mark Herman har gjort det igjen. Han har laga eit kart og ei bok og no er det vår jobb å finne ut kva som er greia. Reglane er ein lauk der noko av det skjønner du med ein gong. Du aktiviserer units, angriper, triller og rydder. Så har du eit meir eit lag under så har med aktiviseringsavstand, supply, zone of influence og attrition. Litt innfløkt, men du er fortsatt med. Så kjem unntakssituasjonane. Desse unitane følger ikkje desse reglane. Desse landa har tilleggsreglar. Denne faksjonen har +1 på ditt eller datt. Om dei rette eventane blir kjørt så vrir det om på alt. Mark Herman er ein sadist.

    No har eg spelt 1 tur som dei allierte og blitt traumatisert av pearl harbor og kanselleringen av 500 års med europeisk koloniseringsarbeid i asia. Japan kan ture rundt med carriers og meir eller mindre utradere all motstand. Spelet lover at dette kjem til å snu, men det kjem evt mange timar seinare.

    Regeltrykket i spelet er høgt nok til at eg føler at dette er eit dataspel. Det er brikker som er stacka oppå kvarandre slik at ein ikkje har 100% kontroll på dei. Det er avstandar som skal måles i størrelsesgrad 25 hexfelt som må gå rundt hindringar på kartet. All regelgrauten gjer også at spelet tar kjempelang tid om ein ikkje kan regelboka utenatt.

    Kanskje spelet kan glimre når vi har penetrert regelbarrieren. Forløpig ser speletida ut til å vere 4 døgn for ein heil campaign. Det er mulig at dette er eit spel som egner seg for å lagre på eit bord og ta over fleire økter. Eg trur med effektiv speling kan me få speletida ned til 8 timar.

    Reglar, reglar, reglar…

    4 MP supply
    Den 4-move-supply-regelen var frå oppdaterte reglar (sikkert for å gjere Burma litt meir forsvarbart).

    Intelligence Condition roll
    -2 på terningen om angriper har noko som går i nærheten av fly. Special reaction roll (lage reaksjons-battle-hexar på ressursar som ikkje var forsvart) følger same regelen. Ser ut frå reglane at det er naturleg å gjere dette eller intelligence condition roll. Dette gjer surprise attack litt meir usannsynleg.

    Future Offensives
    Du kan putte eitt kort i ein future offensives bank. Du må vente til neste game turn for å bruke dette.

    Japanske elite-ninja-marinejegarar
    Berre japanske marine-korps får haike med båtar. Alle andre amfibieangrep skjer med ASP. Merk at du kan strategisk flytte landstyrkar på havet utan å bruke ASP mellom havner som du kontrollerer.

    Naval-Air-Battle
    Skip og fly på avstand kan skades/øydelegges om forsvareren har carrier/fly i forsvar. Du må ha ein carrier/fly i forsvar per unit du skal skade. Angriper får ikkje skade bakkestyrkar om forsvarer hadde fly eller båtar i forsvar i dette kampsegmentet.

    Surrender
    Når visse felt er tatt, kan land kapitulere. Dette kan for nokre av desse landa gjere at enhetar blir fjerna eller må flykte. Nokre land er meir crunchy enn andre. Det er øyområder som heilt bytter kontroll om visse posisjoner er kontrollert. Så du slepp å ta kvar holme manuelt.

    Inter-Service Rivalry
    Denne tilstanden betyr at militærgreinene ikkje jobber godt saman. USA kan ikkje aktivisere Army- og Navy-units samtidig. Japan følger same restriksjonane og mister muligheten til å bruke halvparten av ASP.

    Attrition
    Fly- og bakkeunits med full styrke uten supply på slutten av runden blir redusert. Om units allerede var reduserte uten supply og også for langt unna HQ, så blir dei eliminert.

    Palmetrær
    Det er også mange kokosnøtt-reglar, spesielt rundt kina, india og burma. Eg aner ikkje om det er mulig å ha kontroll på alt. Ifølge reglane har japanskkontrollerte kinesiske felt innebygd bakkeforsvarsstyrkar. Så England må slåss for kvar meter her.

    #3119
    Sten Ole
    Participant

    Reglar…

    OC offensive kan berre lage ein battle hex. EC offensive kan lage mange.

Viewing 2 posts - 1 through 2 (of 2 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.