Excavation Earth

Viewing 3 posts - 1 through 3 (of 3 total)
  • Author
    Posts
  • #3208
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Ee

    Jorda er gått under for lenge sidan og aliens kjem for å grave opp arkeologiske funn etter menneska. Grav, still ut og selg. Gøy worker move, action selection, card drafting spel. Stiller i ein litt tyngre klasse. Eg hadde litt vanskar med å halde orden på pengane (poeng) undervegs. Sat ofte igjen med kjensla av at eg gløymte å ta inn pengane her og der, men det ordnar seg sikkert med tida.

    #3209
    Sten Ole
    Participant

    Eit bra spel, i alle fall i teorien. Spelet er egentlig ikkje så vanskeleg, men blir det likevel på grunn av “multiple use cards” mekanikken. På nokre actions må symbolet stemme. På andre må fargen stemme. Informasjonen om kva skal til står kryptert og lagra på ein player aid. Så du manglar litt overblikk over kva du kan gjere når du berre stirrer på hånda di med kort. Endå vanskelegare blir det i draftingrunden då du ikkje heilt forstår kva kort du treng for at turane dine ikkje skal føles totalt uoptimale.

    Konklusjonen blir at dette er eit tungt spel å introdusere. Første gjennomspeling vil utfordre stoltheten din som brettspeler. Du forstår ingenting!

    #3796
    Sten Ole
    Participant

    Ok, vi er nesten to år seinare. Ny prøve, denne gongen med 2 store ekspansjonar ekstra og 1 mini-ekspansjon.

    Først, litt bakgrunn om spelet.

    Grunnspelet har eit actionkortsystem som liknar Brass. Du har ei hånd med kort. Kvar gong du brukar eit kort, gjer du ein action. Du får to actions per tur. I Brass har berre innholdet på korta noko å seie når du skal bygge bygningar. I Excavation har innholdet noko å seie på alle slags typar actions, og istedenfor å vere intuitive så har korta istedenfor ein farge og eit symbol, som du via ein player aid kan dekode om til kva du får lov til å gjere. Spelet fordrer deg til å vite kva kort du må verdesette som om det var livet ditt og kva du kan unnvere når du speler. Dette speler også inn i starten av kvar runde, då alle skal drafte kort. Eg vil sei at 30% av spelet er å mestre dette elementet.

    Grunnspelet var ellers ein øvelse i å mest effektivt flytte rundt, grave opp artifacts, klargjere markeder og manipulere priser, selge artifacts for poeng og politisk innflytelse, så bruke politisk innflytelse for å gi ein superaction. Dette gjer du til spelet slutter, nesten som ein fastsatt loop. Komplikasjonen er at andre spelarar vil bruke ting som du hadde klarlagt eller ta ting før du kjem fram. Til slutt er det ein scoring med bonusar for set collection og majoritetar. Inntrykket mitt før var at spelet mangla noko siden det var lite å gjere utenom loopen, og det handla helst om å gjere det på mest effektive og risikolause måten, samt å utnytte hol som andre laga og bittelitt fokus på korleis ein forvalter mannskapet sitt. Spelet er full av David Turzi-isms: Poengsalatar, litt tørre puslespel med lite RNG, og lite sympati for folk som ikkje speler digitalt.

    Positivt for spelet er at poeng generelt ikkje eskalerer eksponensielt. Det er ikkje ein engine-builder der du taper etter eit par turar. Kvart poeng du får inn er noko du har fått inn med ærlig arbeid. Asymmetriske evner er også meir oppfinnsomme enn i mange andre spel uten at me bryter alle regler. I tillegg er dette eit spel ein heile tida føler at ein ikkje strekkjer til. Du vil alltid føle at det er meir å hente prestasjonsmessig fordi det er infernalsk vanskeleg å ha kontroll på alt.

    Nye rasar
    Så… ekspansjonane. Begge tilfører nye rasar som som passer heilt naturleg inn med dei andre. Godkjent!

    Action wildcards
    Den eine gir eit spesial-action-kort til kvar rase som kan brukes ein gong i spelet (litt løgn, men hovedsaklig sant). Litt irrelevant, men ok.

    Observation barge
    Samme ekspansjonen lager ein “båt” som ikkje gjer så mykje, men den er ein liten boost til dei som driv med sondering av nye graveplassar. Eg synes denne delen er bra, men den vil ikkje virke så viktig i spelet.

    Pop-up markets
    Det dukker opp små opportunistiske marked på kartet med eit godt tilbud. Dette er å rekne som eventkort i spelet som gir ein grunn til å endre langtidsplanar for å utnytte dei. Desse følte eg gjorde spelet litt mindre maskinelt og menneskleg. Bra!

    Achievements
    I starten av spelet, oppgir spelet eit par bragder på kort. Om du får til desse, vinner du litt poeng. Nokre bragder er repeterbare. Førstemann til mølla får mest. Denne ekspansjonen er grei, men som eg sa om David Turzi tidlegare: Han tek ikkje hensyn til folk som speler spelet analogt. Så du må anten hugse kva som står på korta eller skaffe deg ein kikkert.

    Farlig teknologi
    I tillegg til vanlege artifacts, kan du finne farlig teknologi (som for eksempel plenklipparar) på jorda. Desse kan ikkje med god samvittighet selges på det åpne markedet. Du har to valg. Du kan levere dei til moderskipet for vidare analyse som gir ekstra-abilities frå teknologien. Eller, jo meir denne farlige teknologien har blitt forstått, jo meir kan du selge han for på svartebørsen. Mitt inntrykk er positivt!

    Museumet
    Den store endringen i spelet er museumet. Dette gir eit alternativ til å selge artifacts på markedet. Du leverer dei heller inn til museumet i bytte mot hemmeligheter, penger eller markedsinnflytelse. Museumet er etter kvart litt kresen på kva det vil ha. Denne ekspansjonen er veldig bra siden du ikkje lenger er fanga i den normale loopen. Det gjer spelet dobbelt så bra.

Viewing 3 posts - 1 through 3 (of 3 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.