Exploration

Viewing 1 post (of 1 total)
  • Author
    Posts
  • #2962
    Jarle Haktorson
    Keymaster

    Førebels berre éi gjennomspeling og litt uklare reglar her og der, men nok til å kome med ei første erfaringsdeling.

    I Exploration styrer du ein av fem selskap som skal herje i solsystemet. I første spelet brukte me berre grunnbrettet, slik at det var jorda, månen og mars (og ein asteroide) me kunne herje med. Neste gong er det nok berre å smelle på med ekstrabretta, noko som gir meir plass på brettet og fleire moglegheiter, då både Venus, Jupiter og Ceres også blir med.

    Du kan gjere fleire ting; her er noko av det me gjorde på første speling:

    Modul-kolonisering: Du reiser t.d. ifrå jorda med ein bustad-modul som du vil plassere på Mars. Denne kostar pengar å kjøpe, du må ha plass på skipet ditt, og du må kome deg til Mars. For å plassere den må skipet ditt også ha ein viss “manøvrerbarhet”; det er ikkje alltid så lett å plassere den perfekt på Mars. Men klarar du det, vankar store gevinstar i form av pengar og VP. I går prøvde eg å sende eit skip til månen med modular. Eg klarte ikkje første levering, då skipet ikkje var bra til dette og eg trilla dårleg (du kan også safe med eit bra skip/kort). Eg måtte difor ta meg ein runde rundt månen for å prøve på ny neste runde. Men så køyrde Rune meg i senk og sprengte heile skipet mitt i ein zillion betar. Men eg hadde også eit skip i orbit rundt Mars! Der venta store rikdommar om eg ville klare det! Dette visste Thomas, så han la seg i orbit bak meg og sprengte meg. Jaja.

    Utforsking av Deep Space: Her skal eg håve inn ressursar og fame, tenkte eg! Eg reiste ut av solsystemet for å sjå kva som var beyond. Ok, eg rakk akkurat å sende signal heim om mine store oppdagingar, før skipet mitt traff småstein og sprengte. Kanskje ikkje lurt å sende eit av dei minste romskipa på utforsking i farleg område (og for å ha sagt det; det finnes veldig mange ulike skipstypar, alle med eigne miniatyrar!).

    Plassering av satellittar: Dette var mitt hovudoppdrag! Som eg dreit i… Thomas og Rune plasserte nokon her og der, men eg fekk det ikkje til.

    Kamp: Når Thomas sprengte mitt an-siste skip, var det tid for hemn. Eg utstyrte mitt siste skip med fire kanoner og brukte heile runden (og all energien på skipet) til å blaste eit skip av han som låg i same orbit. Så var eg tom… Det er vanskeleg å få opp energi, så sjølv om ein får 5 VP for å sprengje eit skip i lufta, er dette berre meir eit alternativ i gitte situasjonar heller enn ein strategi, då det er langt meir lukrativt å levere modular, utforske, gjere missions etc. Og som sagt; når ein er tom for energi, må ein byggje denne opp igjen før ein kan gjere noko, så du blir eigenteleg stuck ei stund, ikkje så gøy. Så, gøy der og då.

    Movement: Ganske unik mekanikk, men passande til spelet. Å vere i orbit og berre fyke rundt og rundt t.d. månen gir deg energi. Men i det du skal ut av orbit, skifte kurs, bremse opp etc., så kostar dette energi. Du må difor planleggje reisa di. Å reise ifrå Jorda til månen kan du altså gjere ganske safe ved å bruke fysikkens lovar og gravitasjon og litt meir tid, eller du kan burne masse energi og ta den korte ruta.

    Skip: Som i andre slike spel, er skipa ulike. Nokre kan reise langt, nokre har mykje lasteplass, nokre har spesielle eigenskapar nokre må du ha ein viss teknologi for å kjøpe etc. Variasjonen er god; ikkje alltid balansert, men det gjer heller ingenting i eit slik spel.

    Konklusjon: Exploration er ei blanding av Xia, Exodus, Star Trek Ascendancy og Eclipse. Det låner ting ifrå alle desse, og miksen….? Litt usikker. Me spelte åtte rundar i går; eg følte eg “forstod” spelet først i femte runde. Eg er klar for ny gjennomspeling, sjølv om “wow”-faktoren ikkje dukka opp. Eg trur likevel spelet opnar seg meir når ein veit alt ein kan gjere og blir (endå) kjekkare.

Viewing 1 post (of 1 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.