Fief: France 1429

Viewing 10 posts - 1 through 10 (of 10 total)
  • Author
    Posts
  • #1111
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Endeleg ei god speleøkt der me fekk orden på reglane i spelet. Nok eit diplomatisk spel, men det var lite bruk av «duer» rundt bordet. Diplomati er noko me må øve meir på. Kjem tilbake med detaljar om ekspasjonspakken.

    Fief

    • This topic was modified 5 years, 8 months ago by Rune Hanssen.
    #1118
    Sten Ole
    Participant

    Koselig spel med mykje action. Eg likte allianse-ekteskaps-mekanikken som ikkje er såpass fri at du kan alliere deg med kven som helst. Alliansar kan saboterast med å drepa ein lord, eit anna element som gjer at alliansar er langt fra sikre. Eg ser fram til å spele dette spelet fleire gongar.

    #1125
    Jarle Haktorson
    Keymaster

    Bra spel! Klar for ekspansjonar neste gong.

    #1131
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Okay! Eit overblikk på ekspansjonane:

      Tactics

    Denne legg til fire nye typar troppar ein kan bruke. Archers – som gjev eit angrep før sjølve kampen startar, Bombards – lar deg trille ein av terningane på nytt per slag, Mercenaries – ein stack som går til den som byr mest kvar runde, og Royal Guards – styrkar til den som blir konge (dronning) og som må følgje kongen på brettet til ei kvar tid. Gjev +1 hit på terningane.

      Templars

    Desse kan gje slekta di beskyttelse og riddertitlane gjev meir inntekt, men om kongen finn det for godt, kan han “plyndre” alle Commanderies bygd på brettet og med paven si velsigning kan han også drepe alle tempelridder-lords og gjere slutt på tempelordenen.

      Teutonic Knights

    Desse riddarane styrkar di militære makt betraktelig, men kan vere dyr å gå for.

      Politics

    Kvar spelar får ein “hjelpar” som har sin eigen spesialeigenskap. I tillegg er det kort som gjev kvar “normale” lord ein eigenskap som kan vere bra eller dårleg.

      Crusades


    Tilfører spelet eit ekstra brett med Jerusalem. Spelarane kan sende familiemedlemmer til det heilage landet og kjempe om nye titlar, byar og rikdomar. Allianse victory krever 5 poeng med denne ekspansjonen og den dreg nytte av Templars- og Teutonic Knights-ekspansjonane.

    • This reply was modified 5 years, 8 months ago by Rune Hanssen.
    • This reply was modified 5 years, 8 months ago by Rune Hanssen.
    • This reply was modified 5 years, 8 months ago by Rune Hanssen.
    #1136
    Sten Ole
    Participant

    Reglar, reglar, reglar…

    Excommunication
    Bishop og cardinal-titlane er tapt og går tilbake til brettet ved excommunication. Tittelen kjem altså ikkje automatisk tilbake når excommunication’en er oppheva.

    Tithe
    Når paven bruker tax-kortet går alle vindmølleinntektene på heile kartet til han. Det går an å spele tax-kortet på ein bishopric der det allerede har blitt blitt brukt av ein annan. I såfall er det den geistelige med lågast rang som får inntektene. Det vil sei at biskopen kan “stjele” inntekta til kardinalen.

    Arv til ektefelle
    Når ektefellen arver ein tittel, vil fortet også bli overtatt og hæren som står der blir overtatt.

    Tap av fief-tittel uten arvingar
    Tittelen går tilbake på brettet. MEN! Når ein ny lord kjem inn i familien og fortet ennå er under din kontrol, får du tittelen tilbake uten kostnad. Dette er ein litt snål regel dersom det tar eit par rundar før spelaren får ein ny lord.

    Movement
    Diverse snåle reglar her. Men noko som me bør vere klar over er at om nokon har flytta inn i ein village der du er, så har du lov til å flytte ut så lenge du ikkje går der den andre kom inn ifra. Ein eventuell siege starter ikkje før battle-fasen. Siege er det einaste som låser ein hær fast på ein plass. Reglane her gjer det også viktig å plassere hærar på veiane som viser kor det går an å flytte ut uten å be om lov fra eigaren av villagen eller veien du skal passere. (Kan nevne at dette likevel ikkje reinvasker min manøver mot Rune når me spelte).

    Battle
    Allierte kan samla styrkane sine. Etter kvar battle-roll kan allierte revurdere kven dei er på lag med. F eks kan speler A og B utrenske speler C med moderate tap for B, så kan speler A bestemme seg for å angripe B etterpå i samme kampen.

    Siege
    Når allierte beleirer eit fort, kan begge spelarar legge ned siege tokens samtidig og bruke begge to i ein eventuell kamp neste runde.

    Uprising
    Secret passage fra kva speler som helst kan kombinerast med uprising for å angripe strongholds og fort. Fleire uprising kort (fra kva spelar som helst) kan også brukast for å bryte gjennom -1 og -2 terning regelen på strongholds/fort.

    #1141
    Jarle Haktorson
    Keymaster

    Berre for å følgje opp litt på det som Rune skreiv om ekspansjonane:

    Tactics: Ser ut til å skape meir..eh, taktikk. Kampane blir nok meir spennande, men usikker om spelet treng meir «kamp-element». Men absolutt verdt å prøve neste gong; kan bli bra.

    Templars: Verdt å nemne at dei ekstra inntektene kjem ifrå eigne bygg som ikkje kan bli ramma av Famine eller Tithe, så veldig bra. Templar Grand Master gir også 1 VP, så med Templars er det endå eit poeng i spelet. Må prøvast ut!

    Teutonic Knights: Som Rune skreiv, samt eigne festningsverk som er litt betre enn dei i grunnsettet. Har også eigen Grand Master som gir 1 VP. Ser bra ut; må prøvast!

    Politics: «Hjelparane» (attendants) har alle ein positiv spesialeigenskap, men desse er ikkje balanserte. Nokre spelarar vil kanskje ikkje få brukt sin «hjelpar» i det heile, medan andre vil bruke sin kvar runde. Dropp. Verre er det med «attribrutes»; kvar gong du trekk ein lord, trekk du ein eigenskap som akkurat den lorden har. Desse er frykteleg ubalanserte; faktisk er nokon så negative at du kan risikere å tape spelet på grunn av dei, mens andre er overpowered. Hard dropp! Brenn.

    Crusades: Artig med ekstra brett! Som i Exosuit-ekspansjonen i Anachrony trekk du motstand/belønning. Kan bli bra, men ser at mostanden nokre gonger er veldig hard. Då legg spelet opp til at fleire spelarar kan gå saman i korstog mot same mål, der den som ligg høgast i hierarkiet blir leiar for korstoget; artig nok det, hadde det ikkje vore for at han også avgjer alle hits i kampen (kva brikker som skal ta skade), alle rewards etter kampen; om så titlar eller pengar etc. Eg ser liten grunn til å støtte ein kamp der du ligg lågare på hierarkiet… Kan sikkert houserulast på eit vis, men me køyrer vanilla først. Samla er det likevel absolutt ein ekspansjon å prøve ut! Det ligg også 5 VP blant belønningane…

    Konklusjon: Med unnatak av Politics, er resten greie. Når me kan Fief, kan me gjerne køyre på med alle dei andre samtidig; det går fint. Neste gong!

    #2757
    Jarle Haktorson
    Keymaster
    #2758
    Jarle Haktorson
    Keymaster

    Etter utprøving av ekspansjonane:

    Crusaders: Sjølv om me skulle få regelkontroll, trur eg ikkje dette blir så veldig kjekt, samt at det tek fokus bort ifrå Frankrike, som eg meiner er der det kjekke skjer.
    Templars/Teutonic: Eit alternativ som gir fleire options, men som eigentleg ikkje trengst.
    Politics: Ikkje testa, og bør ikkje prøvast, av same grunnar eg skreiv ovanfor.
    Tactics: Denne må gjerne vere med.

    Konklusjon: Eg hugsar hovudspelet som veldig kjekt. I går (utprøving av ekspansjonane) var ikkje så kjekt. Skuldast jo sjølvsagt mykje regelforvirring, men det eg likte godt med “grunnspelet” var alle intrigane og historiane som vart skapa på hovudbrettet, samt at rundane gjekk raskare. Eg trur eg berre vil ha med Tactics neste gong.

    #2759
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Eg er enig. Kanskje Templars og Teutonics kan fungere greit også. Er litt interessert i Commanderies.

    #2760
    Sten Ole
    Participant

    Reglar, reglar, reglar…

    Crusaders. Me gjorde alt på det regulære brettet rett. Om me hadde hatt desse ordenmestarane i spel, måtte lordane som var med i ordenane gått på korsferd uansett. Men dette inntraff ikkje. Reglane tillater også desse lordane å reise på korsferd i same runde som “saladin’s revenge”, og opportunistisk legge seg inn på det objectivet som passer.

    Å lage hierarki på rekkefølge på bestemmelse av objective og kven som er sjef for hæren gjorde me også rett.

    Det som skjer etterpå er kamp. Her kan spelarane slåss eller beleire. Etter kvar kamprunde, kan leiaren velje å beleire istedenfor å slåss vidare. Beleiring betyr at kvar spelar legg på ein katapult-brikke. Om ein by med pengar blir tatt blir pengane utbetalt med ein gong. Poengbyane gir ikkje titlane før Saladin har herja. Karavanane gir ein pengesum. Og denne kan vinnes ein gong til seinare runden etterpå.

    Etterpå går det ein turn med valg, income, kjøp, movement, battles osv.

    Så er det “Saladin’s revenge”. Saladin har med seg hestane sine og går frå objective til objective. Han tar med seg reinforcement-hæren på objective-brikken. Om det er korsfararar som har tatt over byen, slåss han med dei og korsfararane får bruke byen som forsvar. Alternativt går Saladin inn i byen og korsfararane veljer om dei vil gi opp eller ikkje.

    Så lenge Saladin ikkje blir drept eller fanga går turen hans vidare til neste objective der det same skjer. Han tar med seg alt av reinforcement og overlevande forsvararar frå kvar plass.

    Om Saladin blir stoppa, kan beleirande styrkar som gjensår seinare på ruta slåss seg ferdig for å ta over byar eller å slå til mot karavanar ein gong til. Etter dette blir titlar delt ut. Titlane kan også gå til spelarar som ikkje var i Midtøsten. Objektive-brikken til byar som blei beseira går ut av sirkulasjon.

    Så går spelarane heim etter same reglane som bestemmer kvar ein kan plassere ein ny lord.

    Noko som kanskje er av interesse er at assasinkortet kan brukes mot både Saladin (som gjer at styrkane hans ikkje slåss) og andre korsfararar (som gjer at hæren til lorden reiser heim utan lorden). Eit fiendtlig spelt secret passage-kort kan brukes til å sleppe Saladin inn til korsfarar som har tatt over ein by. Eg rekner med at same kortet kan brukes til å kome inn i byen på første crusade-runde.

    Mi meining er at ekspansjonen er forstyrrande. Akkurat korsfarerdelen er ikkje urettferdig bra, men det tar tid å gå gjennom prosessen. Kanskje viktigare er kravet om 5 poeng for å vinne tungt når ein fortsatt oppnår solo-seier med 3 poeng. Det endrer verdien på alliansar slik at dei ikkje er så nyttige. Å skade alliansesystemet på bekostning av “tematikk” er dumt.

Viewing 10 posts - 1 through 10 (of 10 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.