Første vurdering av Magic TCG!

Viewing 5 posts - 1 through 5 (of 5 total)
  • Author
    Posts
  • #3171
    Jarle Haktorson
    Keymaster

    Første vurdering av Magic TCG!

    Ei kort innføring i Magic i 1996 var ikkje nok; eg måtte prøve igjen 25 år seinare. Gjensynet? Delt, men absolutt potensiale.

    Varianten me spelte var «Commander»; då har kvar spelar ein deck på 100 kort, der ein av dei er Commander. Kvar deck er spesialbygd og passar fargane til commanderen; her kan ein altså ikkje blande alle kort ein vil, slik ein kan i «vanleg» Magic.

    Korta blir stokka, og så er det å byggje opp eit bra tablå. Her er det viktig å skaffe seg Land, som gir deg Mana. Mana treng du for å få ut på vesen (som kan skade og forsvare), samt ulike Artifacts og Spells.

    I Commander-varianten er det gjerne fleire spelarar; me var fem. Dvs. at alle fem kjempar mot kvarandre, last man standing.

    Spelet var kjekkast i starten, når ein bygde tablået. Først byggje litt land (mana), og så sjekke at du har rett type mana (som vatn, skull osv.), som gjer at du kan få ut korta du har på hand. Det som skapa litt «rot» her, var at ein trakk kort på starten av runden sin. Dvs. at du kunne ikkje heilt planleggje kva du skulle gjere før det var din tur. Du kunne håpe på eit land, slik at du fekk ut på det rette kortet. Eller kanskje du fekk eit anna kult kort, som gjorde at du heller ville bruke manaen din på noko anna enn du hadde tenkt?

    Med fem spelarar var dette unødvendig ventetid, men som eit «profesjonelt» konkurransespel, tenkjer ein nok ikkje slik. Men det merkast godt, når ein har ein halvegs plan, trekk så kort på sin tur, får kanskje ein artifact som gjer at ein kan trekkje nye kort, eller sjå igjennom andre sine bunkar for å finne kort osv.; det gjekk tid i dette.

    Det som likevel gjorde planlegginga vanskelegast, var at før det var di tid igjen, var sjansen veldig stor for at tablået ditt såg heilt annleis ut enn kva det gjorde når du avslutta runden din. Kanskje alle vesena dine var fjerna av ein spell. Eller artifacten din stelt. Eller du har mista abilitites. Eller…osv. Så du kan eigentleg ikkje heilt planleggje kva du skal gjere med korkje tablået eller korta på hand, då ting endrar seg.

    Dette vart spesielt tydeleg med fem spelarar; sjansen var stor for at minst ein av dei fire før deg fucka opp ting, slik at du var sett tilbake. Thomas stakkar prøvde gong på gong å byggje opp ein alvehær, men sidan det er slik at du ikkje kan bruke vesen første runden du får dei ut (med mindre dei har spesielle eigenskapar), må du vente til neste runde med å bruke dei. Men alvehæren til Thomas vart berre mønstra gong på gong, utan å bli brukt; knust i mellomtida av nokon av oss fire andre.

    Då blir ein del rundar «Byggje opp kult tablå med plan om å angripe neste runde», for så å få alt knust, slik at neste runde blir «Byggje opp kult tablå med plan om å angripe neste runde», for så å få alt knust, slik at neste runde blir «Byggje opp kult tablå med plan om å angripe neste runde», for så…du forstår. Deckbuilding mistar litt sjarm når buildinga stadig blir øydelagt…

    Eg trur personleg eg hadde likt 2-player mykje betre; då er det berre «meg mot deg» og ein har mykje meir kontroll på ting som skjer og kan passe på/forsvare seg og finne rette augeblikk å angripe. Eg synes også Commander-varianten var grei. Problemet med denne varianten, og med Magic generelt, er at ein kan byggje veldig sterke eller veldig svake Decks, alt etter kva kort ein har (dvs. kor mange pengar ein har).

    For oss som er mest vane med anten like startforhold, eller delvis likeverdige asymetriske forhold, eller at alle kort er tilgjengeleg å kjøpe på bordet for alle, eller at ein trekk kort ifrå same bunke osv., føles det rart å spele eit spel der nokre Deckar er veldig kraftige og nokre svake; ein spelar altså med handicap. For folk i milljøet er jo dette «normalt», men for oss andre (spesielt innanfor Euro-sjangeren), føles det rart (og ganske u-eurosk at alt ein byggjer opp vert knust heile tida).

    Men spelet har som sagt potensiale; eg kunne gjerne spelt ein 2-player variant; både i Commander-variant og vanleg. Det er artig å kople saman effektar, spells, vesen, tenkje forsvar vs. angrep, ha kort på lur, spare mana i tilfelle ting som skjer osv. Ein forstår at Magic er eit veldig populært spel i verda, men det finnes mange gode alternativ 😊

    #3172
    Sten Ole
    Participant

    Forbehold: Eg har berre observert magic frå utsida utenom litt gjestespeling for hundre år siden. Eg var heller ikkje med på Commander-kvelden. Alt eg seier er derfor berre basert på fordommer og overtro. Likevel gøy å melde meg på “diskusjonen”.

    Først vil eg sei at magic er eit veldig bra designa head-to-head spelsystem. Om ein ser på andre spel av same type som er meir “akseptert” i “brettspelmiljøet”, så er det mykje som liknar. Mange bruker same fundament som magic fant opp for lenge siden.

    Det er ikkje uventa at dette taktiske knivskarpe spelet blir litt kaotisk når det blir forvrengt til eit 5-speler-alle-mot-alle-format. Og som du seier Jarle, så blir tableuet annerledes når 4 spelarar har mulighet til å øydelegge alt for deg mellom kvar runde. Formatet er nok likevel ein grei måte å få nybegynnerarar inn og få sjå korleis spelet fungerer uten at du blir grust av ein magic-veteran som ikkje let det få til noko som helst.

    Mitt store problem med magic er eigentleg forretningsmodellen som er “loot box”-basert. Om du speler spelet meir eller mindre “seriøst” så må du investere litt før du kan lage eit par brukbare kortstokker. Eg trur heldigvis at etter X kroner, så er det små fordelar å hente av å kjøpe fleire kort (heilt til det kjem ut nye kort. Sjølv då er fordelane relativt små).

    Eit anna aspekt med konvensjonell magic er at det liknar litt på konkurranse-sjakk. Det som skjer med bordet er berre utprøving av konsepter som du har pønska ut (eller stjelt) utanfor spelet. Det er så mykje av spelet som handler om å bygge kortstokker. Det er i den prosessen du eigentleg fastsetter strategi og nøkkeltaktikkar som til slutt leier til “sikker” siger. Men som med konkurranse-sjakk så krever spelet eit visst engasjement for at du skal kunne hevde deg og ha det gøy.

    Spelet blir med ein gong ikkje det samme om ein får utdelt ein random kortstokk som ein ikkje er kjent med. Om du får ein milling deck (stokk som baserer seg på at motstanderen skal tape via å trekke alle korta sine) så sit du kanskje igjen med eit inntrykk av at du hadde ein ubrukeleg kortstokk. Og det er han om du ikkje innser at det er det han er laga for å gjere.

    Magic er gøy. Veldig gøy (trur eg). Men eg veit ikkje korleis eg skal nå den reine magic-gleden uten å bruke penger eg helst vil bruke på 5 nye brettspel eller evt gi opp ein anna tidstjuv som også gir meg glede.

    #3173
    Jarle Haktorson
    Keymaster

    Svar til min post ifrå Lars Erik (Publisert på Magic-gruppa på FB)

    Enig med deg i mye av det du skriver Jarle, men deckbuilding i Magic foregår mest på bakrommet før man spiller, og variantene gjør og at det er uhorvelig mange muligheter. I spel en mot en og ihvertfall i turneringer lager man også gjerne en sideboard på 15 kort som kan byttes inn mellom slaga, spiller best av 3 kamper. En stokk som fungerer godt i multiplayer fungerer ikke like godt i en mot en. Når man ser hva andre vinner med kan man og forsøke å bygge seg en deck som skal ta den ene decken. Når det gjeld Thomas sine forsøk på bygging av alvehær, alvene spretter ut hele tida fordi de er så billige er det og litt strategi å holde igjen litt så man ikke taper for mye av det som ligger ute. Styrken kan ligge på hånda til rett øyeblikk. Man kan også vinne ved å nesten bare ha mana ute. Commander er litt mer langtids enn std Magic, så ja, passer nok best med 3-4 for multiplayer. Det virket ellers som det var mest min og din deck Jarle som gjorde rydding på bordet. Ellers å sitte i turn etter en god spiller som Jannicke kan og ses som en ulempe. Og Thomas satt jo etter meg og Jannicke, så kan være dynamikken kunne blitt annerledes og om vi satt annerledes. Det er ikke om å gjøre å få mest utpå bordet, da vil mass destroy slå hardere og man vil angre på at man la ut for mye. Deckene generelt burde ha mer av destroy artifact, og alle landa fikk være i fred hele tiden. Det er upopulært å ta land tidlig i spill, men det er en del av gamet. Jeg hadde et kort som kunne ta land, men det var såpass sent så det var ikke poeng i det. Men jeg savna litt mer multiplayer effekter på deckene til Thomas og mekanikeren. Ja man kan kjøpe seg fete bra kort, men det er først og fremst kombinasjonen korta fungerer i som gjør de bra. Og man kan da lage seg gode billige decker og som spesielt egner seg til å filleriste de dyre korta. Neste gang kan man jo foreslå å ta en liten turnering hvor alle spiller best av 3 og alle mot alle i en en mot en setting. Er man så få som 5 vil nok det gå ganske radigt… Ehm.. commander kan gå tregere.. Mekanikeren burde nok og fått ut Planeswalker… Man skjønner ikke effekten av de før man har sett de i spill eller mot seg i spill.. sånn var det for meg..Når det gjelder trekk et kort når det er din tur er det en del av randomnessen i spillet, når du kjenner decken bedre og har bygd den selv eller spilt den en del ganger vil du vite mer rundt strategiene i den og da kan det være mulig med litt planlegging av hvilke kort du har på hånda og hva du kan få.

    #3174
    Jarle Haktorson
    Keymaster

    Svar til Sten Ole sin post ifrå Lars Erik (Publisert på Magic-gruppa på FB)

    Sten Ole beskriver det bra. Også mulig å lage seg gode decker for en billig penge hvis man har god tid til å lete fram enkeltkort. Butikker har ofte ikke sortert de rimeligste korta. Jeg har nesten alt sortert etter “serie” PS: jeg syns mtg online (ikke arena) er veldig bra. Ser ut som om man vil regge der er prisen litt høyere enn jeg sa, men under 10$. Får masse online kort for det. Men best og lettere å spille på ekte.

    #3175
    Jarle Haktorson
    Keymaster

    I sitt fundament (TCG), er jo Magic eit veldig annleis spel enn dei fleste andre spel, ved at at du førebur din eigen Deck basert på kva kort du eig. Då blir det kanskje vanskeleg, og urettferdig, å samanlikne med andre spel, sidan føresetnadene er så ulike.

    Tenk eks. Terraforming Mars. I alt er det kome ut omtrent 450 ulike kort. Tenk at ein spele det som Magic; at du på førehand lagar din eigen Deck som berre du trekk ifrå. Då kan du blant alle 450 eks. fokusere berre på Animals for masse poeng, eller berre på ting som gir deg planter, eller kva som helst strategi. Hadde nesten vore artig å prøve ut 🙂

    Men samtidig: Tenk om du hadde alle 450 korta å byggje din eigen Deck ifrå, og motstandaren berre hadde Venus-ekspansjonen å velje kort ifrå (ca. 50 kort). Då hadde den med 450 hatt ein stor fordel. Og tenk om Venus-ekspansjonen ikkje skulle vere med i det heile; då ville sistnemnde hatt masse kort han ikkje fekk bruk for; samanliknbart, då det er masse kort i Magic som berre fungerer om motstandaren er slik og slik eller har dei og dei kreftene.

    Difor må ein nesten vurdere Magic som seg sjølv, ut ifrå sitt eige premiss (ikkje blande eple og pærer, eller kva ein skal seie). Eg kunne som sagt gjerne spelt ein 2-player runde Magic og bygd min eigen Deck og sett korleis dette hadde gått; eg er klar 🙂

Viewing 5 posts - 1 through 5 (of 5 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.