Kvinnherad brettspelklubb › Forums › Spela våre: erfaringar og vurderingar › Frostpunk
- This topic has 3 replies, 2 voices, and was last updated 4 months, 1 week ago by
Sten Ole.
-
AuthorPosts
-
10/06/2025 at 19:46 #4389
Rune HanssenKeymaster
Coop-spel med god atmosfære. Første speling mangla eg kognitiv kapasitet, men fekk god føling. Vil spele igjen når eg er klar for koldbrann.
11/06/2025 at 00:11 #4390Sten Ole
ParticipantReglar, reglar, reglar…
Fuel the generator
Du kan også putte kull i generatoren på turen din i action-fasen eller i nightfasen, ikkje berre i generatorfasen. Når generatoren har varma i generatorfasen, går varmetokenen ned til bunnen igjen. Du må derfor fylle på mykje meir kull enn det som me gjorde når me testa spelet (og helst i action-fasen). Å fylle kull er ikkje ein action. Men det kan vere lurt å berre fylle akkurat nok til å varme personen du skal bruke på turen din.Barn
Barn kan ikkje gjere noko som helst uten at noko anna gjer at du får lov til det. Altså, endå meir grunn til å sette i gang barnearbeid. Merk at du også kan bruke citizenkort med barn til å omgå denne begrensningen.Insulasjon på bygningar
Ein bygning kan ha nok varme anten ved at isolasjonen er god nok eller at det er plassert i ein geografisk varm sone nær generatoren. Derfor gir det meining å plassere raude bygningar langt vekke og gule bygningar nærmare generatoren.Oppgradere bygning
For å oppgradere ein bygning, må du betale det som står under normalprisen på bygningen. Dette skjer gjennom workshopen.Social dispute
Etter å ha hatt eit social-dispute-kort i dusk-fasen, skal kortet fjernes slik me gjorde. Etterpå kjem eit nytt social dispute kort inn i dusk-decken saman med alt som låg i discard-pilen.Hope og discontent
Når du auker ein spesiell type hope eller discontent, skal du først trekke eit ny token fra bagen og dersom det finnes ein inaktiv token av rett type, aktiviseres den. Å miste ein navngitt type er å anten exhauste ein aktiv eller miste ein inaktiv. Om den navngitte tokenen ikkje er der, skjer ingenting.Sjukdom
Når du skal til å flytte antal sjuke forbi populasjonsbrikken, skal du istedenfor snu sjukdomsbrikken. Om du snur frå hodeskallesida, dør ein person og både sjukdomsbrikken og populasjonsbrikken går ned med 1.Teknologi
Når du bygger ein workshop, får du automatisk starte ein teknologi. Berre ein teknologi kan forskes på samtidig. Teknologi-actionen på workshopen er å speede opp teknologiutvikling. Når teknologien er ferdigutvikla, starter automatisk eit nytt teknologiprosjekt.Ekspedisjon
Dersom ekspedisjonen ikkje kjem tilbake, får du ikkje rewarden med ein gong. Du får det først alle continue-rewardane når du endelig vender tilbake. Det er eit potensial for at ekspedisjonen lager ein ny ekspedisjons-stack eller så kan det hende at stacken blir ståande og lager lang veg dersom du vil ha ny ekspedisjon på same stacken. Det er også ein option å ikkje gå inn men fortsette dersom ein trur det er betre rewards på framtidige ekspedisjonar.Health Advisor
Pga måten kortet til Health Advisor (og andre advisorar) var ordlagt på, kan me ikkje bruke det gratis. Det fungerer berre når me har care me kan exhauste.—
Førsteinntrykket er godt. Eg ser no at spelet er på fleire vis meir brutalt enn me spelte det som. Forhåpentligvis kjem spelet på bordet igjen snart. Eg vil vite kva som skjer på runde 4.
Om du klarer å finne ein fornuftig insert eller organisasjonssystem til spelet, kan det sikkert gjere oppsett litt meir smertefritt, Øyvind.
20/06/2025 at 16:10 #4391Sten Ole
ParticipantNy runde frostpunk unnagjort med revidert regelsett. Spelet var ti gonger vanskeligare og me spelte dobbelt då smart. Resultatet var at sjølv om me klarte å opprettholde flyten av råstoff, generatorvedlikehold og matproduksjon (som me tidlegare i spelet hadde løge til folk at me hadde full kontroll på), låg me dårleg an i forhold til helsevesen og åndeleg påfyll. Me fekk ingen belønning for å ha investert opplæring til event-kvakksalveren som me får anta at var ein reell sjarlatan og ikkje ein lege slik han påstod. Uansett, etter massedød av barn med koldbrann, blei helse-advisor Øyvind lynsja i sin heim av sinte foreldre. Resten av regjeringen rømte opp i fjellet.
Spelet fungerer bra til å fortelle historiar med ein event-deck som blir seeda med konsekvensar av handlingane me gjer og lovene me vedtar. Som coop-spel er det sårbart for alfa-speling sjølv me me som har spelt har vore flinke med å ikkje overstyre andre. Systemmessig er spelet veldig bra med fleire løysningar på diverse problem og logisk samanheng mellom handling og utfall. Varighet på spelet er potensielt veldig langt. Ein må rekne med 8 timar speling om ein ikkje dør underveis.
Inntrykk av spelet er fortsatt veldig godt.
04/07/2025 at 10:00 #4406Sten Ole
ParticipantSpeling nr 3 unnagjort. Me kom til slutten av historien og kom akkurat ikkje i mål. Eg mistenker at vi juksa via misforståelse på siste kortet der vi hadde ein tur med heated soving som eg trur var ufortjent. Men det var godt å få sett heile spelet frå A til Å.
Siste kortet var ein heller antiklimaktisk slutt på eit moro fortellingssystem. Det var som å få skattesmell når kontoen allerde er tømt. Det var Utematisk mating og sjukdomspleiing for å måle om spelet hadde knekt deg eller ikkje. Det verste var at du ikkje fekk vite at dette var målet med spelet før turen rett før vi var ferdige, og då var det for seint å snu om på det som er av planer. Vi fekk ikkje ein historiemessig god avslutning. Skal eg bli skeptisk til dei andre scenariene no? Det som kanskje er det dummaste er at no er scenario 1 ikkje spelbart lenger fordi med kunnskap om målet er spelet ikkje vanskeleg lenger.
Inntrykket av totalen er likevel grei. Neste gong må det bli eit anna scenario. Kanskje dei andre scenariene har ein betre raud tråd vi kan følgje og ein betre epilog.
-
AuthorPosts
- You must be logged in to reply to this topic.