Gaia Project

Viewing 3 posts - 1 through 3 (of 3 total)
  • Author
    Posts
  • #1736
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Gaia Project

    #1737
    Sten Ole
    Participant

    Representer romsivilisasjonen din i ein fredeleg koloniseringskrig med dine motstandarar. Fred er uvant i eit spel som utspeler seg på eit “galaktisk” kart, men i Gaia Prokect er freden absolutt. Det betyr at om du er først til å bygge på ein planet, så er planeten din. Alt koster, og du må prioritere kva du skal bruke ressursar på. Dette er eit engine building spel som gir deg meir jo meir du oppnår, men puslespelet er ikkje trivielt. Det er tilsynelatande ingen fast fasit på kva som er lurt. Kvar rase har eigne evner. Kartet er forskjellig kvar gong. Kanskje viktigast, kva du får poeng for er ulikt fra spel til spel. Du kan altså ikkje spele dette spelet på auto-pilot.

    Med freden og fokuset på din eigen engine, så skulle ein kanskje tru at dette er eit spel med fire spelarar som speler kabal for seg sjølv. Dette er lett å tru heilt til, uten noko forvarsel, STURLA TAR ISPLANETEN SOM DU SKULLE TIL Å TA! Utover spelet blir det også konkurranse om spesielle actions som kan skje ein gong per runde. Altså i tillegg til å gjere dei rette tingene, så må du gjere ting i rett rekkjefølgje slik at STURLA IKKJE TAR ISPLANETEN DIN!

    Dette er eit veldig elegant spel. Det har tydeleg symbolbruk og reglane henger godt saman. Det kom med på topp 5 lista til Thomas og det er godt fortjent. Spelet tar eit par timar og egner seg best for 3-4 spelarar med utkvilte hjerneceller.

    #1749
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Kjekt å ta dette fram igjen etter eitt år. Heavy engine building og sivilisasjon utan krig. I staden kjempar ein om å få actions og planetar til rett tid.

    Tilfredstillande når planen går på fram og brikkene dett på plass og utløyser nye moglegheiter.

Viewing 3 posts - 1 through 3 (of 3 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.