Gladiatores: Blood for Roses

Viewing 2 posts - 1 through 2 (of 2 total)
  • Author
    Posts
  • #3047
    Sten Ole
    Participant

    Gladiatores

    Reglar, reglar, reglar…

    Bud på gladiatorer
    Tredje budkolonna brukes berre med 4 eller 5 spelarar. Når du byr kan du ikkje begynne budet høgare enn minstebudet. Det vil sei at du ikkje kan sikre deg ei stjerne tidleg med å by høgt. Om du veljer å bruke kransar istedenfor å ta opp lån når du byr på gladiatorar kan du både bruke fleire kransar som summerer seg opp til kostnaden; eller du kan konvertere ein høg krans til ein lågare ein og betale med mellomlegget. Strategisk sett er det sikkert best å ta lån uansett sidan du får ein saftig poeng-bonus om du klarer å fylle heile hjulet ditt.

    Start-laurbeærkransar
    Dei kransane som du starter med er anten sølv og/eller bronse, ikkje gull. (Eg skulle derfor hatt 2 poeng mindre i kveld.)

    Feiltrykk
    Bash-kortet har trykkfeil. Du skal ikkje kunne gjere super-komboen med wound + takedown. Lyn-ikonet og vinge-ikonet skal bytte plass.

    Eit noko upolert kickstarter brettspel der kvar spelar har ein gladiator som slåss på arenaen. Angriperen velger eit angrepsmål og speler kort mot han. Så kan forsvarer og angriper etterpå kontre fram og tilbake med kort til det kjem eit utfall av angrepet. Fortsett til det berre står ein gladiator igjen. Så fortsett med fleire events der alle kjem med ein ny gladiator.

    #3050
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Eg synes spelet fungerer bra og det var veldig god driv på speling nummer to. Synd med trykkfeilen på BASH. Ser ut for at dei skal ekspandere det i framtida. Kanskje verdt meir investering.

    Gode regelforklaringar her:

    Gladiatores

Viewing 2 posts - 1 through 2 (of 2 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.