Fekk melding frå ein fyr om me kunne kome og vise litt heftigare spel på festivalen. Det kan vere ein god ide for miljøskaping i området. Er andre interessert i å delta? Ta turen inn og spele dagen lang.
Eg kan fredag ifrå ettermiddagen og/eller heile søndag. Kanskje me skal bruke pengar på banner/stand/plakat eller noko i forkant; det bør me uansett ha til stands på Husnes. Metro fiksar sikkert til grei pris.
Du får melde deg på Warhammer: Age of Sigmar-konkurransen, Rune. Du kan psyke motstandarane ut med dei vakkert malte miniatyrane dine.
Tvilsomt om eg har mulighet å komme, men dette kan jo endre seg. Eg blei med ein gong litt skeptisk då eg såg den snåle konkurranse-profilen til festivalen.