Here I Stand – 2 players

Viewing 2 posts - 1 through 2 (of 2 total)
  • Author
    Posts
  • #3203
    Rune Hanssen
    Keymaster

    500th anniversary har reglar for to spelarar. Dette fekk me testa siste dagen i 2021.

    Fokuset i denne varianten er først og fremst munnhoggeriet mellom paven og Luther. Dei andre stormaktene er statistar som kan styrast av spelarane om forholda ligg til rette. Diplomati blir bestemt av ein eigen kortstokk for dette. Varianten gjev ikkje korrekt bilde av spelet, men er bra dersom ein vil lære seg «religionsreglane». Speletid er 3-4 timar.

    His2pl

    #3205
    Sten Ole
    Participant

    Here I Stand kom på bordet før året var over! I 2-player-varianten gjekk spelet frå å vere eit tematisk politisk eventyr til å vere eit tautrekking/race-spel med bingoelementer.

    Spesielt underleg var diplomatifasen som istedenfor å fastsette alliansar blei brukt til random events med stort svingingspotensial. Plutseleg kjem det ein fransk megahær og medfølgande armada på sjøen klar til å knuse paven uten noko forvarsel.

    Dette vil ikkje vere nokon sitt førstevalg til 2-player-spel. Eg vil kontre Rune med å seie at det heller ikkje er bra til å lære reglane. Om me hadde prøvd dette uten å ha reglane halvveis inne så hadde dette spelet tatt heile helga – og likevel misforstått alt.

Viewing 2 posts - 1 through 2 (of 2 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.