Here I Stand

Viewing 13 posts - 16 through 28 (of 28 total)
  • Author
    Posts
  • #1421
    Sten Ole
    Participant

    Marriage track … regel…
    Det var litt misbruk av marriage tracken av England/Papacy. BGG og regelheftet har bekrefta at Papacy ikkje kan tilby skilsmisse før tidlegast turn 3.

    I praksis kan ting gå like fort, men paven har litt meir tid å vurdere situasjonen. Hapsburg får i denne situasjonen mulighet til å erklære krig med avslag også i turn 3 som kanskje passer bra etter ein fransk kapitulasjon.

    #1422
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Må berre spele det igjen snart for å få alt på plass. Eg spelar gjerne med to Powers neste gong også. 6 spelarar er vanskeleg å skaffe til desse spela.

    HIS gjev meg mykje på den tida det krev. Meir tilfredstillande enn Twilight Imperium.

    3-player snart? ⚔️

    #1423
    Sten Ole
    Participant

    Eg trur spørsmålet er om det finnes ein grei måte å sava spelet på. Eg har vanskeleg for å budsjettere 10 timarsøkter i særleg omfang. Det gjeld nok mange av oss. 2×6 timar fungerer betre om det let seg gjere. Kanskje finnes det eit lokale der det kan stå i fred mens me får tid til det falske livet utenfor speleverden.

    #1425
    Jarle Haktorson
    Keymaster

    SESSION REPORT ifrå England sitt perspektiv

    Eg hadde spart kort inn i siste runde. I tillegg fekk eg kort ifrå koloniane. Når så Protestants tilbydde meg to kort for å trekke meg bort ifrå Tyskland, noko eg likevel hadde tenkt, sat eg brått med ni kort på hand; fleire av dei veldig gode, m.a. Treachery og Copernicus. På det tidspunktet rekna eg det som ganske sikkert at eg kom til å vinne den runden og det på eitt av to vis;

    Anten ved å
    a) bruke alle kort på Convertions (1VP pr. 2 Convertions og så spele Copernicus (2VP), eller
    b) Bruke Home Card + Treachery for å ta Antwerp (2VP), så bruke fem kort for å gjennomføre ti Convertions i England (2-4 VP i England, basert på trilling; eg hadde ganske gode odds, og med ti Convertions rekna eg 2-4 VP som sannsynleg, inkludert paveleg inngripen/tilbakeslag). Så bruke Copernicus for å få 2VP til. Samla 6-8VP, noko som ville fått meg på 25-27 VP. Option A ville truleg gitt meg 7 VP, og eg ville enda på 26 VP.

    Eg landa på option B for, for i første runde såg eg at Hapsburg ikkje forsterka seg i Antwerp. Då låg vegen ganske open for å klare option B med god margin. Eg brukte såleis Home card og flytta inn i Antwerp med åtte styrkar; med Treachery etterpå var eg garantert siger (Hapsburg kunne maks fått fire hits; sjølv om eg hadde bomma på alle mine, ville eg likevel hatt fire igjen, og vunne på Treachery).

    Så kom det store tilbakeslaget; Papacy stal mitt Treachery-kort rett før eg fekk brukt det. Ikkje berre mista eg «auto-win» på Key’en pga. det kortet, men eg måtte bruke av Convertions-korta mine for å klare å ta Key’en, sidan eg allereie hadde brukt Home card for å kome i posisjon for å ta Antwerp.

    Når Antwerp var falle, hadde eg såleis berre tre kort igjen til Convertions. Dette var eit tilbakeslag, men eg låg framleis an til å nå 25 VP. Når desse Convertions var gjennomført, inkludert motreaksjon ifrå Paven, hadde eg 23 poeng, men England var akkurat ikkje nok Protestantisk til å få 2 VP ifrå Copernicus. Eg kunne då spele kortet på to andre måtar; få 1VP + 1 kort, eller bruke kortet til totalt fire convertions.

    Bruke det som 1 VP + 1 kort var avhengig av at eg trakk eit kort med verdi på minst 3, og så klare éin Convertions på to forsøk ved å spele det. Då ville eg enda på 25 VP. Å bruke det som fire Convertions var tryggare; eg måtte ha lukkast med tre av fire forsøk, men det var ingen motreaksjon mogleg lengre, og eg hadde veldig gode odds. Det ville også gitt meg 25 VP. Dessutan var det ein gamble å trekkje eit 3’ar kort eller høgare.

    Så trilla eg. Ok første, fail andre, ok tredje, så kom fjerde… Eg hadde fire terningar, ville vunne ties, klarte ein 5’ar, og så fekk Papacy den 6’ar dei trengte for å stå imot… Dette var siste runde og me pakka saman, ingen vinnar.

    Konklusjon

    Eg synes eg spelte England bra, klarte å balansere motmakter på ein grei måte, fekk gode avtalar etc. Alle planane mine fungerte eigentleg bra. Difor er det kjipt at det skal ende på eit terningkast. Dette av fleire grunnar:

    a. Å tape på terningkast i eit kortare spel er heilt greitt. Å tape på terningkast etter elleve timar speling er ikkje så gøy.
    b. Å tape med så gode odds for å vinne (83,3 %) skjer jo, men det er ikkje gøy.
    c. All planlegginga betyr lite, då det er ein terning som skal avgjere; ikkje menneskelege faktorar.
    d. Sikkert fleire ting…

    I Game of Thrones spelte me éin gong med “Tides of Battle” cards; desse fungerer i prinsippet som terningar. Etter éin bruk droppa me dei; det vart for tilfeldig i kamp. Slik kampane er i GoT no, minner dei om Scythe, som har eit ganske likt system som også fungerer utmerka. Rex det same.

    Twilight Imperium har veldig mykje trilling, men den er gjentakande og du kan pushe ressursar inn for å auke sjansane og målet er å få VP for å klare oppdrag som sjeldan involverer trilling.

    Eg sa etter VQ at eg nok ikkje kom til å spele det igjen; det var tolv timar med lite som skjedde og lang ventetid; ratioen gøy/speletid var ikkje god nok. Når så HIS vart forklart, virka det betre. Det er det jo også, sjølv om det framleis er eit langt spel. Eg kan nok vore med igjen, men dei andre fraksjonane virkar ikkje så veldig spennande eigentleg. Frankrike er berre slit, Protestants virkar låst i sin strategi, Ottoman virkar for Risk-aktig…kanskje Hapsburg eller Papacy kunne vore gøy.

    MEN det er eit spel eg har langt meir lyst å spele: Republic of Rome. Håpar nokon får anda over seg til å lese seg opp på dette, så skal eg stille på prøvekveld. Om ingen melder seg innan rimeleg tid, melder eg meg sjølv.

    For ja; som dei som har gidda å lese dette forstår; no har eg permisjon ifrå jobb og brått massevis av ledig tid eg ikkje har hatt på fleire år, så no er det mykje nerde-tid å bruke, som å skrive innlegg som dette!

    #1428
    Sten Ole
    Participant

    Bra jobba med rapporten!

    Eg er enig i at du stod for seier. Du hadde mange kort på hånd og potensielle veier til seier. Eg trur kanskje eg burde ha sett det og gjort meir for å hindre det. Min største anger er egentlig at eg ødelagte det franske forsøket på å aktivisere Genoa. Det hadde vore betre å spart kanselleringskortet mot nokon som låg betre an.

    Eg vil ikkje akkurat sei at du tapte på eit terningtrill. For det første tapte du ikkje. Du låg an til å dra i land seier på neste tur om me ikkje hadde spelt oss lei. Og det var snakk om fleire terningtrill etter kvarandre. Det var ikkje det mest sannsynlege utfallet, men det var heller ikkje kjempe-usannsynleg å havne på 24, som du kanskje beregna som seier når du begynte.

    Spelet er akkurat random nok for meg. Dei fleste handlingane du tar er ein kalkulert risiko. Ingenting er heilt sikkert. Du kan underinvestere og likevel kan det gå bra. Du må verkeleg overinvestere for å vere bombesikker på at enkelt-ting skal fungere. Og comeback-potensialet er der heile vegen, noko som me ser ikkje alltid er tilfelle i spel som Twilight Imp. Det er ein av fleire grunnar til at eg ikkje er fan av Twilight. Det er kanskje gøy å vinne med å sakte bygge seg opp ein fordel og dra det i land, men det blir aldri gøy for alle. Game og Thrones og Scythe lider litt av å ligne litt for mykje for “antal fingrar”-spelet me bruker til å avgjere kven som er først i eit spel. Du gjetter kva han andre skal gjere og så ser de kor rett du hadde. Så går alt bra eller dårleg deretter. Game of Thrones er derimot gøy fordi du diplomatiserer. Scythe er bare totalt søppel. Men dette er jo smak og behag.

    Det du ville fram til er vel at når du gjer noko lurt ønsker du ein sikker belønning, spesielt i sluttinnspurten. Eg ser den.

    Eg trur du skal vere forsiktig med å kategorisere faksjonane i HIS. Det er nyansar i alle og randomness kan få snåle ting til å skje som gir snåle utslag på diplomatiet og strategiske mulighetane.

    Kjør på med Republic of Rome. Eg likar ikkje å lese reglar før eg har fått befølt komponentane litt.

    #3082
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Luther

    Okay! Ny kveld med 3 spelarar. Sten Ole – Hapsburg og Papacy, Lars – England og Protestants, Rune – Ottoman og France.

    Me starta ca. kl. 1630 og gav oss 2145 på slutten av runde 3. Flyten i reglane går veldig greit no, men det er likevel spesielle reglar som vert gløymt. T.d. kva tid Ottoman får lov til å byggje piratskip (corsairs). Kanskje me bør skrive ei A4-side med spesialreglar som ein les opp før spelestart kvar gong.

    HIS/VQ har rundar som lett varer i 90+ minutt. På denne tida må du gjere det beste ut av korta dine og utnytte eventuelle alliansar. Terningane er der for å skape lykke, stormar, depresjon og latter. Synd det er vanskeleg å finne nok interesserte spelarar slik at me kan bli betre til diplomatifasen i spelet. Eg trur eg har nok erfaring no til introdusere HIS/VQ til yndige nye spelarar.

    HIS2000

    Here I Stand har mindre innhald enn Virgin Queen. Hapsburg er stor men oversikteleg og enklare enn Spain i VQ. Religionskonfliktane er meir strukturert og kartet føles mindre.

    Virgin Queen har fleire actions på gong og nye options dukkar opp undervegs. Kartet kan utforskast meir og giftarmål, kunst og vitenskap krydrar opplevinga. Virgin Queen endar nok på trona som favorittspelet mitt.

    #3083
    Sten Ole
    Participant

    Min favoritt er fortsatt HIS fordi det er meir “stabilt” der vassal-stat-systemet fungerer betre. Diplomati-fasen i VQ mangler også ein sikkerhetsventil mot noko som kan få hjula i spelet til å dette av. Sue for Peace-valet er essensielt for at du ikkje skal ha ein kveld der speler X berre høvla over brettet med hæren sin og vant.

    Det skal seies at 3-player-speling er ein redusert utgåva av spelet siden diplomati er blokkert mellom mange av dei naturlege allierte. Grunnane til å alliere seg på tvers av speler-grensene er også mindre. Det var også vanskelegare å følge med på kva dei andre gjorde når du administrerer 2 makter. Det trur eg er delvis grunnen til at fleire regelbrudd ikkje blei fanga opp med ein gong.

    Det er fleire småting med VQ som berre irriterte meg (giftarmåla, minor-power-systemet, holy roman empire si rolle, treasure-fleet greiene og amerika). Grunnane eg ser for å foretrekke VQ er dersom ein ønskjer meir frihet. VQ gir deg større frihet til å alliere og slåss med kven du vil og lage meir ekstreme ahistoriske utfall.

    For å hjelpe nye spelarar burde “me” kanskje lage ein mini-player-aid for kvart land som omtaler spesialreglane for landet og poengterer viktige “events”. Fallet av Bohemia-Ungarn, Schmalkaldic League, Angrep på skottland, dronning Mary, barbary pirates osv. Det same gjeld også eigentleg for VQ der spesielt Frankrike er utsatt for spesialreglar som konstant er ei plage.

    #3214
    Sten Ole
    Participant

    Turn 4-scenarioet var ein interessant vri på spelet. Det var eit småirriterande og forrvirrande element som scenario-boka ikkje løfta ein finger for å oppklare: Istedenfor å ha turn-4-ting med i setupen, så blei det tatt for gitt at du slavisk kjørte turn-4-tingene inn etter oppstart.

    I teorien er spelet kortare med dette oppsettet. Du havner derimot i ein litt diktert situasjon, altså du starter frå ein situasjon du ikkje nødvendigvis hadde ønska deg:

    – Protestant får starta med politisk makt, altså med territorie og hærstyrkar på brettet. Men reformasjonen har bare gått sånn passe bra.

    – Papacy har ikkje utretta noko ting militært, men er godt på veg til å få ein ny og forbetra pave.

    – Ottoman har tilgang på piratskip, men ligger litt etter i jakten på å slå gjennom i Austerike.

    – England har forsømt både konejakten og imperiebygging.

    – Frankrike har unngått store krigstap, men han mista fotfeste i Italia.

    – Hapsburg starter etter power-spiken sin og riket har starta å råtne.

    Personleg liker eg full-versjonen betre, men erfaringsmessig er det vanskelegare å få folk med på maratonspeling, så kanskje dette oppsettet er eit greit kompromiss.

    Tips til neste gong:

    – Fleire terningar.
    – Meir kreativ bordplassering sånn at alle når betre fram.
    – Protestant/Papacy sit på sida av kvarandre.

    For å avslutte og minne oss alle om at me er menneskelege, tar eg reglane som me burde ha kunne, men som me ikkje makta å nødvendigvis gjere rett.

    Reglar, reglar…

    Feil

    Reformasjon
    Dette burde ha vore det som me kunne best, men me feila… igjen. Den “gode” paven vinner ikkje alle tiebreakerar. Han vinner berre tie-breakerar når han brenn bøker (og eventuelt når protestanten skriv bøker utanfor språkområdet. Ein stor hit mot protestantiske ambisjonar, men det blei oppveid av ein annan feil.

    Debatt
    Me glømte å ta med at debattforsvarar får 1 eller 2 terningar. Eg får ta sjølvkritikk her siden eg hadde dokumentasjonen rett foran meg. Men det var mykje å holde styr på ute på brettet.

    Sjøkapteinar
    Desse blir ikkje tatt til fange. Dei hiver seg på sjøen og kjem sterkt tilbake runden etterpå.

    Phony War
    Eg tok feil her også. Det er makta som erklærer krig (altså England) som skal ha Phony war-markøren. Om det blir fred med Skottland/Frankrike før ei kanonsalve har blitt avfyrt, blir markøren permanent. Det blei ikkje særleg relevant siden Even knuste skottane.

    Engelsk reformasjon
    England får ikkje lov til å skrive protestantisk litteratur før Cranmer er på kartet, og han kjem ikkje før runden etter at Henry har funne dame nr 2.

    Sikkert ein del anna som blei feil, men eg syntes me klarte oss ok med tanke på at me hadde mykje uerfarenhet med bordet, og me som “kunne” det hadde ikkje dette heilt 100% på plass når me måtte administrere uerfarenheten.

    #3215
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Eg er einig i at me klarte oss etter uerfaringa rundt bordet bra. Eg likar også best full kampanje setup.

    Hapsburg var veldig strevsomt frå turn 4. Ottoman vart ein pest og plage, og eg synes Tor Inge spelte dei bra. Eg gjekk i tåka og visste ikkje kor på brettet eg skulle fokusere aktiviteten min. Diplomatidiskusjonane eg høyrde mellom France og England gjorde meg paranoid.

    Trass i slitet, trur eg det er verre å spele France i 1532 scenario.

    #3216
    Jarle Haktorson
    Keymaster

    Eg har ikkje testa denne “hurtigversjonen”, men det fristar 0 %.

    Det eg kan like med HiS/VQ, er nettopp det “episke” og oppbygginga mot noko stort (eller å bli knust og byggje seg opp igjen), diplomati i alle retningar, det “like” startgrunnlaget, kunne (delvis) velje sin eigen veg og alliansar, brenne igjennom masse kort med masse gøy osv.

    I tillegg førebuinga: Ein må vere førebudd. Maktene må vere fordelt på førehand; X er England, Y er Frankrike, Z er… osv. Dette fordi at skal du (etter mi meining) få utnytta faksjonen din på gøyast måte, må du vite kva den kan (og ikkje kan). Det er også gjerne eigne reglar som berre gjeld deg, og då bør du nesten kunne noko om dette på førehand.

    Det er også noko “mentalt” med dette; ein må vite kva ein går til. Det er forskjell på å setje seg ned ved bordet med tom hjerne og spele Ludo og å spele HiS. Det som har gjort at eg har likt VQ/HiS, er at me stiller “førebudd”. Ein er mentalt klar, ein har sett av heile dagen til noko episk, ein “kan” faksjonen sin (til ein viss grad), det er lite regellesing (hovudreglane er førebudd og greie; det er ofte spesialtinga til kvar faksjon som er plukk), ein får tid å sjå over kartet, planleggje litt, starte dei første alliansane…

    Difor fristar hurtigversjonen 0 %. Men det er meg; alle har “sine” spel og sine preferansar for spel. Det er jo også vanskeleg å finne seks spelarar som er “klare” og det er vel utopi at alle kan stille “førebudd” til kvar sin faksjon, men alt hjelper, og etter mitt syn forsvinn mykje av gleda med HiS/VQ om ein ikkje får det “episke” med å kunne byggje opp og styre si eiga retning ifrå starten av, og få den tida til å setje planar i verk.

    #3217
    Rune Hanssen
    Keymaster

    1532 scenario er ikkje eit hurtig spel. Me brukte 5 timar. HIS legg opp til at spelet skal balansere seg når ein kjem til Turn 4. 1532 gjer at alle ligg i posisjon til å nå siger innan få Turns sidan spelet startar i Turn 4.

    Likevel er eg einig med Jarle om at full kampanje fungerer best og at ein har meir kontroll på framgongen og kampanjen sin.

    I want the Virgin Queen ❤️

    #3239
    Jarle Haktorson
    Keymaster

    Ikkje rart det blir krig!

    Ikkje rart det blir krig!

    #3243
    Sten Ole
    Participant

    Her har protestantane trilla alt for mange 6arar. Eck må ha blitt nøytralisert i ein av debattane.

Viewing 13 posts - 16 through 28 (of 28 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.