Kast Grisene

Viewing 2 posts - 1 through 2 (of 2 total)
  • Author
    Posts
  • #3060
    Sten Ole
    Participant

    Kast grisene er eit djupt strategi-spel av den renomerte brettspeldesigneren David Moffat. Spelet, som hadde sin fødsel i 1977, var ein betydeleg innovasjon i push-your-luck-sjangeren. Sidan den tida har ikkje denne sjangeren kunne stilt opp med andre titlar som er like fengande, taktiske, tematiske som kast grisene.

    Spelet i moderne utgave kjem i eit futuristisk etui for å understreke sci-fi-temaet i spelet. Når grisane, med navn me ikkje kan uttale med mennesketunger, kjem ut av romskipet sitt, så begynner dramaet. Grisane, representert med detaljerte og høgverdige gummi-miniatyrer, blir direkte brukt i den avanserte kamp-mekanikken i striden mellom spelarane.

    Etter den innleiande diplomatifasen for å bestemme first player, må representanten for denne faksjonen bruke grisane i krigen mot dei andre spelarane. Spelaren bruker grisane til å utføre kampmanøvre til å sette motspelaren ut av balanse. Denne ubalansen blir representert numerisk der kvart trekk additivt øydelegg strukturen i forsvaret til fienden. Spelaren må til ei kvar tid vurdere om han vil fortsette svekkelsen av forsvaret ved å fortsette å bruke grisane eller beordre grisane til å bite. Når grisane biter blir ubalansen i forsvaret direkte omgjort til skade. Om fienden tek 100 skade har dei tapt. Om spelaren derimot ikkje biter, men istedenfor velger ein svak kampmanøver, klarer fienden å demme opp forsvaret. Grisane går då over til laget til neste speler som straff for svak taktisk evne. Om grisane biter men ikkje dreper fienden, går dei også vidare til neste spelar av same grunn.

    Denne overgangen signaliserer eit stort maktskifte i spelet siden spelaren med grisane på lag er den sterkaste spelaren og er også den einaste spelaren som får lov til å gjere actions. Det er dessuten ikkje mulig å vinne spelet utan å ha grisane på lag siden dei er dei sterkaste unitane i spelet. Etter eit slikt maktskifte vil det dannes ny alliansar rundt bordet. Som regel vil dei resterande spelarane gå saman mot spelaren med grisane, men av og til vil det vere ein eller fleire traitorar. Grisespelaren, som av og til blir kalla the pig lord blir ofte ståande aleine. Det skal nevnes at alle avtalar mellom dei allierte i spelet ikkje er bindande. Sjølv om motspelarane ikkje får lov til å foreta actions, har dei likevel lov til å rådgi pig lorden. Desse kan både vere genuint gode råd frå ein traitor, men kan vel så ofte vere misvisande løgner. Pig lorden har derfor den vanskelege oppgåva å skilje god informasjon frå dårleg informasjon. Deretter, i ein ny battle phase, må pig lorden utføre slagplanen sin på same måte som forrige spelaren prøvde før.

    Spelet kan speles som enkeltståande scenario eller som ein campaign der grisane invaderer fleire planetar. I begge tilfeller bruker ein papir-loggen til å registrere vellykka bitt og overgangar. Denne kan brukes til å lagre framgong mellom game sessions. Campaign-moden er fullført etter at loggen er full. Grisane har då erobra heile galaksen. Fleire kast grisene-spel kan kjøpes inn om ein til slåss i fleire galaksar.

    Spelet har ein aktiv community på nettet der ein kan finne strategi-tips og diskutere åpningar. Dobbel-lyttegris er for eksempel ein populær åpning så lenge ein har nok skill til å gjennomføre denne, men det er lett å la seg friste til å bite for tidleg etter ein slik start. I såfall mister ein grisane nesten med ein gong og risikerer tap.

    BGG har spelet ranka på 20399. plass med ein gjennomsnittleg rating på 5,4. Dette er hovedsakleg pga av internett-troll og fans av oppfølgaren deluxe pass the pigs. Dette kjem nok delvis også av at spelet er eldre enn BGG. For meir truverdige eksterne reviews må ein ta utgangspunkt i brettspelmagasin frå tida rundt utgivelsen.

    Spelet har gode komponentar, fantastisk player aid og strømlinjeforma reglar. Spelet egner seg godt for veteraner, men nybegynnarar kan også nyte spelet sjølv om dei vil slite litt med å konkurrere i starten. Spelet anbefales på det sterkaste. Det er ein sikker kandidat til neste topp 5 lista til klubben.

    #3061
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Heilt klart «top 5»!

    Berre det sensuelle etuiet i seg sjølv løftar spelet på alle måtar. Eg opplevde Epix Haven-dukane som eit verktøy i kampen mot Espen. Eg hadde kontroll på flyten, og den doble ryggmanøveren med god separasjon, gav ein knepen seier i den siste desperate turen.

Viewing 2 posts - 1 through 2 (of 2 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.