Lost Ruins of Arnak

Viewing 4 posts - 1 through 4 (of 4 total)
  • Author
    Posts
  • #3015
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Lost

    Deckbuilding og worker placement i ein fin symfoni. Spelet ser litt Donald Duck ut ved første augekast, men viser seg å vere solid og djupt med mange interessante stiar som lar deg utvikle eit veksande maskineri runde for runde (5 totalt). Bruk pengar til å kjøpe utstyr, kartografi for å finne artefaktar, pilspissar, rubinar, steintavlefragment og rubinar for å finne det hemmelege tempelet på øya. Kjemp mot voktande monster og få ryktet som den beste oppdagaren av dei alle.

    #3016
    Sten Ole
    Participant

    Reglar, reglar, reglar

    Oppgradering av assistentar
    Når du oppgraderer ein assistent, blir han refresha.

    Discover a new site
    Når du går til ein site, skal ting skje i ein spesiell rekkjefølge. Du skal ta idol-bonusen først. Så tar du effekten av plassen du gjekk til.

    Free actions
    Free actions kan du gjere når du vil, også midt inni main actions.

    Eg har tidlegare uttalt at deck-building er ein mekanikk eg hater i spel som blander det med mykje anna. No har Mín og Elwen gjort alt dei kan for å få meg til å ete dei orda. Lost Ruins of Arnak fungerer. Måten du bygger stokken din og bruker han gir meining. Og saman med ressursane dine gir kortstokken din muligheter til å gjere mykje på brettet til du etterkvart er tom og treng påfyll. Spelet er elegant og alt føles som at det har ein plass. Ingen ressurstype er overflødig. Korta og spelet generelt har effektar som virker der og då, men ikkje varige eller trigga effektar. Det hjelper flyten på spelet betrakteleg. Bra spel.

    #3017
    Jarle Haktorson
    Keymaster

    Ser ut som eit spel eg vil elske 🙂

    #3026
    Rune Hanssen
    Keymaster

    No har eg spelt 3 gonger og kan sei at evnene mine til langsiktig planlegging i bruk av ressursar er heller elendig, men i utvikling.

    Oppdagingar krev mykje, men kan også gje god gevinst. Etterkvart som fleire stader er oppdaga, dannar det seg eit puslespel av valg til ressurssanking. Forskningstreet krev roleg og fokusert planlegging og kortbruk. Er ein først her kan ein få mange bonusar som er med å held maskinen i gong.

    Dei elementa som lagar tilfeldighetar i spelet fungerer bra, og gjer at det held seg friskt frå gong til gong. Sluttscoring er som regel tett, noko som bidreg til motivasjon og tilfredshet.

Viewing 4 posts - 1 through 4 (of 4 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.