Manhattan Project

Viewing 1 post (of 1 total)
  • Author
    Posts
  • #2392
    Sten Ole
    Participant

    I ein turbulent verden der andre land tramper på deg med å skyte ned flyene dine og bombe din industrielle infrastruktur, trenger du ein ny og forbetra forsvarspolitikk. Svaret er atombomber! Plasser arbeidarar for å bygge deg opp tilstrekkeleg til å skape avskrekking. Du treng forskarar. Du treng Uranoksid (yellowcake). Du treng anrikingsanlegg. Og då er det berre eit spørsmål om tid før du har ein fungerande pakke med massedød festa til eit av flyene dine.

    Inntrykket mitt av dette spelet er at det er totalt texas. Det er herlig. Du mangler alltid noko. Du bruker spioner for å bruke andre sine bygg slik at dei ikkje får brukt det sjølv. Bomberfly moser industrien til ein navngitt motstander. Hovedforsvaret vil vere at andre ikkje vinn spelet med å satse berre på bombefly. Du mangler alltid noko for å få til alt. Og når det begynner å løsne, har Tor Inge allerede vunne. Positivt inntrykk. Negativt for nokon vil kanskje vere at ting føles veldig tilfeldig og ubalansert. Det har mykje å seie kva spelrekkefølgen er i starten. Og butikken er avgjerande for om du får til noko eller ikkje. Så var det Thomas… han ødelegger alt, men speldesignarar kan ikkje ta høyde for folk som Thomas.

    Ekspansjonanselementa virka greie. Nations gir faksjonen din ein liten ekstra-egenskap.

    Hydrogenbomber hadde sikkert vore gøy om det hadde kome noko tungtvatn i butikken.

    Rakettar er sikkert kjekt dersom nokon har satsa på lufthegemoni.

    Personalities er ein ekstra-egenskap som du får midlertidig mellom kvar gong du henter heim arbeidarar. Du får ny personality for kvar gong, og andre får velge den du hadde før når dei velger å gå heim. Sikkert ein heilt grei ekspansjon om du klarer å holde styr på alt.

    Reglar, reglar…

    Tyskland
    Tyskland juksa. Hovedbrettet kan uansett berre brukes ein gong.

    Lasta bomber
    Når du laster ei bombe, må du i tillegg til prisen også gå ned eit bombefly (eller ein rakett). Andre gjorde det kanskje, men eg var ikkje klar over det. Dette gir eit ekstra potensial med airstrike for å hindre at andre får full poeng-uttelling for bombene sine.

    Air Strike
    For å bruke air strike, setter du berre 1 mann i feltet, ikkje begge. Spelet kunne derfor ha vore endå meir aggressivt.

    “Send heim” action
    I tillegg til å renske dine egne arbeidarar og gråe arbeidarar på ditt brett og hovedbrettet, rensker det også ut andre sine arbeidarar frå brettet ditt.

Viewing 1 post (of 1 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.