Maria

Viewing 2 posts - 1 through 2 (of 2 total)
  • Author
    Posts
  • #3705
    Jarle Haktorson
    Keymaster

    Kjapt innlegg om «Maria» for å inspirere Sten Ole til å kome med ei ev. regelavklaring og motivasjon for å Tor Inge (og andre!) til å spele det igjen.

    For Maria var gøy. Tenkjer rar blanding av Virgin Queen, Sekigahara, Condotierre og sjakk. Sjakk?! Ja, i starten synes eg ting var litt scripta; «fornuftige» opningstrekk ein burde ta, slik som i sjakk. Men som Magnus Carlsen veit, er det det uforutsigbare trekket som skapar kaos; det som datamaskina ikkje ser. Følte det var slik i Maria også; ha oversikt, men samtidig sjå etter overraskande opningar. Som når ein er truga, ikkje gå på defensiven, men sjølv finne trekket som trugar tilbake, og setje motstandaren i ei klemme (eller «gaffel», for å bruke fagspråket).

    Ganske Virgin Queen-aktig stemning med kartet og perioden og Event-korta, ganske Sekigahara med dei skjulte, mystiske troppane på brettet du ikkje anar kor sterke er, ganske Condotierre med kortbunken din du stadig må avgjere når du skal bruke og når du skal spele sterke/svake kort.

    Ganske enkle reglar (slik me spelte det, i alle fall), men masse strategiske val å ta. Spennande, nye mekanikkar, slik som kamp-område (som at visse kort berre kan brukast i visse område), korleis vinne Event-kort, korleis posisjonere seg til neste runde osv.

    Eg er klar for Maria igjen og håpar Sten Ole tek feil i at spelet hamnar på hylla og samlar støv.

    #3707
    Sten Ole
    Participant

    Eg ser mykje potensial i spelet. Tor Inge rynka på nasen, så klarer nok maksimalt å få han med på dette ein gong til. Ser for meg at Rune kanskje synst det blir for mykje sjakk. Einar synst sikkert det er for mykje GMT-aktig crunch. Eg håper spelet kan ha eit liv, men me får sjå om folk kan lurast til å spele det. Klubben er full av Tik-Tok-ungar som ikkje likar gammal klassisk speldesign.

    Spelet er totalt utematisk mekanisk sett, men det overordna fugleperspektivet på alliansesituasjonen er korrekt (nok). Spelet omhandler ein krig med mange kokker og mykje søl.

    Me spelte rett, men som sagt er det fleire reglar eg utelot siden dei ikkje var relevante i øyeblikket. Eg kan liste opp det mest relevante her. Det er sikkert nyttige ting å vite for å planlegge ein strategisk seier.

    A. Om smånasjonane mister hovedbyen sin, så trekker dei ikkje kort.

    B. Gjenerobring av smånasjonane let Eier-nasjonen legge nedpå VP-brikke.

    C. Når hærane frå ulike land er i ein stack, er det leiaren som bruker kort og armétap skjer frå undersåtten først.

    D. Saksen (det grønne landet) går politisk mot høgre når prøysarane tapar mykje i krig (Eit steg per 3 soldatar). Midt i tracken blir dei nøytrale som rensker landet for VP-brikker og sender saksiske styrker heim og andre makter ut. Austerrike tek over korta deira. Om tracken går fullt til Austerrike, blir landet alliert med dei og kan brukes i krig, samt at dei trekker eit ekstra kort per tur. Ved store tap, kan saksen gå direkte til Austerriksk kontroll som skipper nøytralitetsprosessen. Fordi Austerrike kan tene på å få til denne direkte overgangen, så kan Austerrike velge å ikkje flytte den politiske tracken i sin retning. Når Saksen først har nådd nøytralitet (eller verre) kan ikkje tracken gå lenger i prøysisk favør.

    E. Om Silesia er 100% kontrollert, kan Prøysen på slutten av turen avtale annektering med Austerrike. Konsekvensen av dette er at Saksen blir nøytral om dei ikkje allerede var det. Prøysen blir nøytrale i påfølgande runde med flytting av styrker og VP-brikker frå Austerrike og Prøysen, men kjem sterkt tilbake. Halvparten av VP-brikkene som Prøysen fjerner frå kartet blir lagt midlertidig til side, men kjem tilbake i poolen så snart krigen tiltar (dette er relevant ifm Winter scoring). Prøysen får ein ekstra supply train-kube og VP. Viktigast av alt så blir Silesia etter dette ein del av Prøysen sitt heimland, dvs Prøysen har alltid supply der.

    F. På slutten av Frankrike sin runde, om dei ikkje har styrker i hoved-Austerrike, kan dei velje å “redusere krigsmåla sine”. VP-brikker frå Austerrike blir fjerna, halvparten blir lagt til side. Dette er relevant for Frankrike ifm med Winter scoring, men kan også vere strategisk om dei vil fokusere på Flanders-delen av kartet. Brikkene går tilbake i poolen om Frankrike erobrer i Austerrike-delen av kartet.

Viewing 2 posts - 1 through 2 (of 2 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.