Jarle Haktorson

415 54 544

Email

post@brettspel.no

Spelekveldar

Me brukar SPOND

Viewing 3 posts - 1 through 3 (of 3 total)
  • Author
    Posts
  • #4526
    Sten Ole
    Participant

    NL

    Nemesis: Lockdown er testa. Dette er ein oppfølgar av Nemesis. Mange av dei same reglane går igjen. Det er det ein kan kalle ein negativ deckbuilder. Du starter spelet med ein liten grunnstokk, så kjem det etter kvart dårlege kort som forgifter stokken slik at det blir færre nyttige actions på turen din. Det er også eit semi-coop spel der ein kanskje jobber litt saman, men det er underliggande viktigast at du er ein av dei som klarer deg i spelet og ikkje dør.

    Nemesis har vore ein av mine favorittar, så det var interessant å sjå korleis formelen har endra seg. Nemesis var i grunn brettspelet om Alien-filmen med omtrent alle element inkludert. Lockdown går litt vekk ifrå dette, blant anna med å gi ein ny utgave av udyr som er markant annleis i utseende. Dei har framleis ein livssyklus med ein mini-parasitt som hekter seg fast. Lockdown fokuserer nok meir på firmaet som ein slags fiende enn sjølve udyra.

    Lockdown har lys og straum som eit system som spelarane må administrere og slite med. Når det ikkje er lys, vil udyra slå hardare frå seg, events vil vere vondare, angrepa dine vil bomme oftare og gjere mindre skade, og dataterminalane rundt i fasiliteten vil ha svarte skjermar. Spørsmålet er om du vil bruke tid på å fikle med straum eller om du heller vil overleve.

    Lockdown har andre fluktmuligheter enn Nemesis siden spelet foregår under jorda på Mars. Fortellingen er at overlevande og aliens frå Nemesis har blitt fanga av eit skruppellaust firma som driv forskning på Mars. Dette har pågått ei stund, men selvfølgelig mister forskarane kontroll og alienane overrumpler basen. Det er i dette augeblikket spelet startar, anten som ein overlevande etter Nemesis som nettopp har rømt frå cella eller som ein av arbeidarane ved anlegget. Målet ditt er å overleve, som kanskje er å gjere sleipe kompromiss med firmaet eller å gjere deg så viktig at firmaet vil skåne deg når dei endeleg ankommer. For å overleve fram til då, må du anten forskanse deg i isolasjonscellene, kjøre bil til ein nærliggande bunkers eller smuggle deg inn i det automatiserte utskytningssystemet ut til verdensrommet. Det som gjer dette komplisert er at det berre finnes ein bil. Og utskytningssystemet har ikkje plass til meir enn ein person til rett tid. Firmaet sin protokoll rundt slike situasjoner bør også undersøkes i god tid for å unngå at “redningen” ikkje blir ein dødsdom. Heldigvis er alle på lag?

    Lockdown viser seg å ha meir kontinuerlege gjeremål enn forløparen. Straumen må vedlikeholdes. Kunnskap må lærast opp fordi ein må ikkje berre dumpe material på labben. Ein må også forske. Ein må finne ut når det er trygt å flykte og på kva måte. Ein må samle og bygge utstyr. Så kjem det etter kvart udyr som gjer alt meir farleg og vanskeleg. Lockdown har fleire mekanikkar for å fjerne “noise” enn gamle Nemesis. Det gjer at samholdet og sjølve situasjonen ikkje kollapser så raskt. Det gjer det også lettare å flytte seg fram og tilbake over lange strekningar uten at det automatisk avler hudrevis av monstre på vegen.

    Lockdown kopler også fleire av elementene i Nemesis saman. Signalet er ikkje berre ein teit objective. Det er kanskje eit vilkår for at firmaet lar deg leve. Signalet ditt blir også logført i systemet som gjer at andre kan tjuvlytte seinare og finne ut av det hemmelige oppdraget ditt. Slim er ein tilstand som kommer og går, med fleire ting til å tørke deg med underveis. Når du skal frå A til B har du fleire valg. Skal du ta dei mørke trappene på eine sida av basen? Dei mørke trappene på andre sida? Snarvegen gjennom ventilasjonssjakta som også har ein tendens til å legge igjen bitemerke? Eller foretrekker du luksusheisen med plass til alle spelarane samtidig?

    Semi-coop-spøkelset lusker i mørket. Når du skal velge objectives etter første encounter, er det fristande å velge traitor-oppdraget. Ikkje fordi du har lyst å lage kvalm eller sabotere, men heller fordi det er det enklaste oppdraget som i stor grad utfører seg sjølv. Du treng ikkje å drepe, fordi overlevelse for offeret er usannsynleg til å begynne med. Du kan planlegge bilturen med ein gong istedenfor å tråkle deg gjennom ei lang handleliste med gjeremål. Det er også eitt kort i action-decken din som nesten utelukkande kan brukes til ondskap. Normalt vil det berre brukes til å betale for andre actions, men det at du ser kortet annan kvar tur gjer noko med psyken din. Eg mistenker at Lockdown er like sårbart som det gamle når det gjeld folk som berre vil andre vondt. Eg trur begge spelene fungerer betre med ein grunntanke om at vi skal jobbe saman, så kan ting ramle saman etter kvart.

    Mitt foreløpige inntrykk er at Lockdown er eit betre spel, men eg har eit lite savn for Aliens-nostalgien.

    Reglar, reglar, reglar…

    Å vere infected er nesten den sikre død
    På slutten av spelet skal du, om du har ei larve eller minst eitt infected contamination kort, stokke alle korta og trekke 4 kort. Du taper om du trekker minst eitt contamination kort og det har ingenting å seie om det er infected eller ikkje for dette siste steget.

    Alert room
    Det er eit spesielt rom på midten av brettet som er alert-rommet. Der kan du bestille opning av isolasjons-rommet og tidleg ankomst av firmastroppene. Det vil seie at spelarane får mindre tid til å fullføre oppdragene sine.

    Pass som ein action
    Pass er ein eigen action. Det vil seie at om du har brukt begge actions vanleg og ikkje har kort igjen, må du likevel bruke ein til tur berre for å utføre pass-actionen. Dette vil ha litt å seie for ild, fordi du må av og til sitte i ilden ein ekstra runde pga dette.

    Hackeren sine computer-action-kort
    Hackeren betaler ikkje ekstra for å bruke computer actions via korta sine. Dette gjeld nok for dei fleste effektar på kort som lar deg gjere andre effektar som normalt koster actionkort.

    Noise roll når du er i combat
    Awaken Realms har feila litt med å tydeleg kommunisere rundt reglane på noise i combat. Det gjer at folk på BGG boltrer seg til eigne idear om noise skal trillast på f eks events eller ikkje når folk er i kamp. Eg veljer å bryte med “Rules as Written” i den tru at dette er elendig oversatt polsk. Eg trur at det er eit generelt prinsipp at noise aldri skal trillast når du er i kamp. Dette er i praksis ein husregel. Konsekvensen av å trille meir noise hadde vore at brettet blir overlessa med udyr og personen (eller personane) i midten er nesten garantert døde.

    Infection procedure
    “Infection procedure” er å undersøkje korta i den gitte situasjonen for “infection” i scanneren. Om du er infisert, får du ei larve på deg. Om du allerede har ei larve, dør du istedenfor.

    Bag development encounters
    For den som gjer bag development i intruderfasen (som regel meg), kan det nevnes at breeder/adult-tokenen skal tilbake i bagen før alle triller noise.

    Queen og Breeder som tar skade
    Dei skal trekke to kort og summere opp kva som er nødvendig skade for å drepe dei. Det som eg var usikker på var kva som skal til for å få dei til å flykte. Svaret er at berre eitt av korta treng eit flyktesymbol. Flyktesymbolet gjer også at dei ikkje dør akkurat då.

    Heisparty
    Fleire kan ta heisen samtidig, men det kreves samtykke frå alle som blir med. Det er sikkert greit å nevne i tilfelle nokon hadde ein ond plan rundt dette.

    Discard actionkort når du seier pass
    Vi spelte litt feil i forhold til dette. Du må velge om du vil beholde eller discarde kort når du seier pass. Dette betyr at du vil vere spesielt sårbar for udyr i intruderfasen av spelet.

    #4529
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Eg synes ting går meir flytande i denne versjonen. Er enig med at «Intruders» er mindre skremmande enn i Nemesis. Trur eg har fått miniatyrtåkesyndrom.

    Spelet får fram mange scenar for fantasi og humor. Eg måtte sjølvsagt snu kvar og ein brikke heilt til siste for å kunne klare målet mitt. Har aldri vire så daud før.

    No er i allfall infection deck stokka til neste gong.

    #4533
    Sten Ole
    Participant

    Hendelsesrapport Mars B5-3 03.05.2093 – Autorisasjonsnivå 3

    Formål med stasjon Mars 55-3:
    (Låst for brukere under autorisasjonsnivå 5)

    04:20 Automatisk feilsignal mottatt, koder aktivert: Straumbrot – forseglingsbrot

    04:45 Avgang opprenskningsteam frå Phobos Security Ltd for å sikre anlegget. Prioriteten på oppdraget er å gjennopprette forsegling. Dødleg makt er godkjent.

    06:22 B5-3 signal mottatt frå ansatt SH543. Forseglingsbrot verifisert. Alvorsgrad høg. Ansatt instruert om å annulere trussel. Vedlagt loggfil: (Låst for brukere under autorisasjonsnivå 5)

    06:51 B5-3 signal mottatt frå ansatt SB232. Situasjon ved anlegget er verifisert og samsvarer med rapportering frå ansatt SH543. Skade på personell har blitt registrert, men ingen bekrefta omkomne. Ansatt hevder å kunne redde arbeidet ved stasjonen. Inntil videre har ansatt blitt instruert om å bevare stasjonen til hjelp kjem.

    07:12 B5-3 signal mottatt frå ansatt TO432. Situasjon ved anlegget er verifisert og samsvarer med tidlegare rapportering. Ny vurdering indikerer at stasjonen er kompromittert av forseglingsbrot med lågt sannsyn for redning. Ansatt blir instruert om å følge firmaprotokoll gamma. Hemmelighold av forskningsprosjekt skal prioriterast. Dødleg makt er godkjent.

    11:45 Lås på anlegg er automatisk opna etter manglande livssignal frå ansatt ØS302. Årsak til død antas å vere knytta til forseglingsbrot. Ordre til Phobos Security er oppdatert til å hindre …(Låst for brukere under autorisasjonsnivå 5)…

    15:54 Rover observert å forlate B5-3 via satelittsystem med destinasjon evakueringsbunker B5-3a. Phobos Security er underretta.

    19:46 Phobos Security melder ankomst ved B5-3a. Ansatt TO432 funnet skada, men sanitetspersonell melder om ingen teikn til påvirkning av forseglingsbrot. Ordre er gitt om evakuering av ansatt.

    19:47 Phobos Security melder ankomst ved B5-3 og har initiert første steg av klareringsarbeid ved anlegget.

    21:48 Phobos Security melder oppdrag utført. Tilstand på fasiliteter er sterkt reduserte. Overvåkningslogg mangler på grunn av straumbrot over heile basen. Ein overlevande er funne i nedre seksjon på anlegget, identifisert som SB232. Tilstand på overlevende er …(låst for brukere under autorisasjonsnivå 5)… Ordre for terminering er gitt.

    23:57 Kontakt med klareringslag ved B5-3 er tapt. Det antas at det er ingen overlevende. Phobos Security er beordra å forlate området. Søknad er sendt om opprette karantene av B5-3 inntil vidare.

    Etterrapport:
    Ansatt TO423 har vore gjennom debrief og er omplassert til Måne D3-2. Ansatt er inntil vidare satt til stilling som seksjonsleiar. Spesiell avlytning og overvåkning er igangsatt for å ivareta informasjonssikkerhet.

    Arbeidet ved B5-3 vurderes å ha høgare verdi enn antatt. Det er lagt ned ei ekspertgruppe til å planlegge ein retur til stasjonen for å bevare resultater og innhente materiale til vidare forskning.

    Phobos Security har igangsatt rettslege krav mot organisasjonen på grunn av tap av utstyr og personell. Forhandlingar med Phobos Security om forlik har ikkje nådd fram. Det er tydeleg at dei ikkje har brukt nok ressursar eller hatt nok kompetanse til å utføre obligasjonane i kontrakten. Det anbefales likevel at saken blir løyst internt grunna B5-3 sin spesielle status. Om forhandlingar mislykkes, anbefales oppkjøp av Phobos Security.

Viewing 3 posts - 1 through 3 (of 3 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.