Paladins of the West Kingdom

Viewing 4 posts - 1 through 4 (of 4 total)
  • Author
    Posts
  • #2369
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Paladins

    Frå same univers som Architects of the West Kingdom, men med ganske annleis innhald. Veldig bra regelbok og elegant oppsett på rundane.

    – gå på vertshuset og skaff deg rette arbeidarar til den fantastiske planen din
    – bruk slyngelen i kongeriket til å tiltrekke inkvisisjonen og la dei andre spelarane (eller du sjølv) fortvile over den veksande haugen med gjeldspapir
    – bygg forsvarsmurar og bli sterkare i kampane mot hedningane
    – send munkane ut i bygdene og vis kongen at trua di er sterk
    – konvertér hedningane for ein god (eller mislykka) slutt på maskineriet ditt
    – leig inn lokalbefolkninga for goder undervegs i den storslåtte (eller etterkvart dysfunksjonelle) planen din
    – følg med på ordrane frå kongen og prøv å dra nytte av hjelpa han tilbyr
    – prøv å framstå som ein god leiar når alle arbeidarane står i ring rundt deg i awkward silence og ventar på dine kloke ord

    Veldig gøy!

    #2371
    Sten Ole
    Participant

    Elegant design. God symbolbruk. Sjølv om det er eit heilt anna spel enn Architects (of the …), så er det likevel solid design.

    Du kan satse på A, B, C, D, E eller F eller ein kombinasjon av dei. Kva som er lurt avhenger av kva slags hjelparar du får inn og kva kongen befaler. Du merker fort om du har fått det til når du rir ei bølge av nye arbeidarar som får utretta meir og meir. Spelet belønner bare det du har fått kjempegodt til. Så om du har fokusert på samtlege element, er det ikkje usannsynleg at du sit igjen uten særleg med poeng.

    Fare For analyse paralyse for dei som slit med slikt. Sjølv om du plasserer ein arbeidsgjeng om gongen, er du tvungen til å planlegge alle plasseringane dine for heile omgangen. Det mange vurderingar og valg som må tas. Har du dei rette arbeidertypane til å utføre planen? Kjem hedningen du skal rekruttere til å bli drept av ein motspeler før det er gjort? Skal du gamble på at inkvisisjonen kjem neste runde og ikkje umiddelbart? Tåler økonomien din endå eit usikra forbrukslån? Skal du følge kongens ønsker sjølv om du har “bygd” mot andre aktiviteter.

    #2385
    Thomas Thomsen
    Participant

    Første inntrykk er positivt. Må prøves igjen før eg kan pirke mer konkret.

    Trur ikkje dette blir bedre med flere spillere en 3.

    #2464
    Jarle Haktorson
    Keymaster

    Veldig gøy første halvdel, ikkje så gøy siste halvdel. Dette er jo min eigen feil, då eg ikkje hadde fått eit maskineri opp og gå. Det føltes litt sjakk over det; at det er optimale trekk å gjere, og dei finn du først etter å ha spelt ein del gonger. Spel som er slik, at du må spele ein del gonger for å forstå, samt at det er ting du “må” gjere/optimale trekk, er ikkje nødvendigvis høgast på rangeringa mi.

    Sjølv om me har nok av spel som må spelast mange gonger for å få noko til i, er det mange av dei som er veldig kjekke sjølv om du ikkje nødvendigvis får til noko. Slik synes eg ikkje Paladins var, men igjen; det må jo spelast fleire gonger med reglane/mekanikken på plass, slik at ein kan tenkje litt meir langsiktig etc., men eg er redd det igjen vil koke ned til optimale trekk/”matematikk”.

Viewing 4 posts - 1 through 4 (of 4 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.