Pericles – the Peloponnesian wars

Viewing 12 posts - 1 through 12 (of 12 total)
  • Author
    Posts
  • #3030
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Pericles

    Regelstudierunde full campaign. Athens – Sten Ole og Lars, Sparta – Rune og Enur.

    Første halvdel av rundane har me no kontroll på. Issues og debattering går greit og er ganske likt som i Churchill. Strategos er brikker som seinare er viktige som betaling/boost når ein utfører issues. Desse får ein med å bruke kort i debatten som passar til den aktuelle issue.

    Å forstå korleis kvart issue fungerer i praksis er ein av tinga som er vanskeleg med spelet. Nokre er så enkle at ein berre treng følgje player aid, andre har fleire valg som passar til ulike planar på kartet.

    Alle issues skal fordelast mellom factions til ein bystat. Det betyr at dersom du har færre issues enn partnaren din, vil han gje deg av sine slik at begge har like mange. Det morsomme er at du då lånar tokens som tilhøyrer partnaren, og har dermed makt til å bestemme kvar han skal aksjonere.

    Issues skal leggjast ut på brettet i honor-rekkjefølgje. Det neste komiske her er at ein lett gløymer kva og kvar ein har lagt ut. Dessutan blir det ein stack dersom fleire legg issues inn i eit område – som etterpå blir løyst last in, first out.

    Me treng litt regelrens etter to rundar med hjernetapping, men eg har god tru på spelet. Med fire spelarar som er villige til å investere krefter i å lære seg Pericles, kan opplevinga bli eventfull og morsom.

    #3031
    Sten Ole
    Participant

    Reglar, reglar, reglar…

    Fred!
    Når freden inntreffer må alle raude og blåe militærbrikker til heimfeltet eller til ein plass med ein base i sin farge. Leaguebrikker er ikkje påverka. Mens det er fred kan ikkje Blåe units gå inn der det er raude og omvendt. Dersom både blå og raude har base på same plass kan det likevel oppstå kamp via military issue.

    Military Issue til produksjon
    Når du produserer med military issue kan du berre bygge raude og blå brikker. Desse kan berre bygges i Athens og Sparta.

    Military Issue til movment/angrep
    Alle faksjonar bestemmer strategos først, men forsvarer viser ikkje før angriperen har flytta brikker på kartet. Athens kan bruke state ship strategoen (den svarte) til slutt. Noko morsomt er at brikkene som blir flytta treng ikkje alle ende opp på destinasjonen til militær-issuen. Nokre kan ende opp på andre plassar der fienden er og bli låst der. Dette sjølv om denne alternative destinasjonen ikkje er ein naturleg sti til militær-issue-brikken.

    Battle
    Du kan ha ein battle sjølv om det ikkje er militærbrikker (frå errata-dokument). Det vil sei at du kan vinna sjøslag og kampar på land uten styrker, med eller utan strategos om korta er på ditt lag. Dette er ein “lur” måte å snika til deg ein ufortjent andre kamp av motsatt type. Honor blir ikkje vunne eller tapt i desse innleiande idiotkampane.

    Bestemmelse av tapte militærbrikker
    Leiaren for motstandaren bestemmer kva skal dø (frå errata-dokument). Ein ekstraregel er at raude og gule landstyrker ikkje får dø samtidig. Blåe og kvite sjøstyrkar får ikkje dø samtidig. Ein ekstra-ekstra-regel er at ikkje fleire units på tapssida kan dø enn loss-differentialen bestemt av kampprosedyren. Base-tap skjer til ein pris på 2 per loss differential-tal (og kan berre skje når militære styrkar er utraderte).

    Major defeat
    Om ei side mister 5 eller meir honor i ein kamp (medrekna hostage) kjem war/peace brikken i spel til neste debatt på tapande side (2-feltet på opposisjonen). Hostages-brikken i seg sjølv kan brukes til liknande formål på eit seinare tidspunkt.

    Redeployment
    League units kan berre redeploye til leaguebasar i sin farge. Raud kan berre redeploye til raude basar. Blåe units kan redeploye til blåe ELLER raude basar.

    Reglane er konsumert og internalisert. For all intents and purposes er eg no blitt Pericles. Eg forstår alt. Eg vandrer på mørkeblåe stiar til brune firkantar i dei kvite seil-pinnane mine, og den stygge raude tremannen kan ikkje stoppe meg…

    #3032
    Sten Ole
    Participant

    No har me fått lekt oss litt med mekanikkane i dette spelet. Det er ikkje eit lett spel å kome inn i sjølv om reglane ikkje er vanskelege, men det er mykje uvant som ein ikkje finn i mange andre spel. Det som overrasker meg er at regelheftet ikkje er av same høge standard som eg forventer av GMT-spel. Sjølv om heftet er organisert på tradisjonelt GMT-vis med gode bilder og tabellar så er måten det er skrive på, på visse detaljar, forvanskande og “umulig” å forstå. Læringsprosessen har derfor også måtte lene seg på videoar, BGG-innlegg frå designeren med fleire og Rune sine eigne erfaringar (Uff).

    Spelet er eit semi-kooperativt 2v2 lagspel. 2 Sparta-spelarar mot 2 Aten-spelarar. Mekanisk sett er Sparta-faksjonane like på kvarandre og Aten-faksjonane er like på kvarandre. Spelet har ulike scenario/campaign-oppsett. Det er ulike spesifikke måtar å vinne på, men generelt skal sidene prøve å dominere og sanke honor. Og når spelet er ferdig er det ein av spelarane som får seieren. Det er dette som er motor for motspelet internt i lagene. Generelt kan me seie at Aten har dominans på havet og Sparta dominerer på land.

    Spelet skjer på eit kart der kvar av sidene forvalter eiget militær, men også militæret til allierte bystatar. Desse blir flytta rundt og styrt med vedtak som tidlegare i turen har blitt framforhandla. Geografien på kartet dikterer reglar for kva som får flytta seg og korleis og kva slags kampar som må utkjempes først. Generelt sett kan me seie at brikker får flytte så langt dei vil, men kan bli blokkert av same type opptil så mange det er til å blokkere. I tillegg til krigføring kan ein også gjere diplomatiske handlingar der du stjeler allierte frå den andre sida. Kommandoane blir lagt ut først så kjem det fram seinare kva rekkjefølge dei blir gjort. Det blir i denne prosessen litt kaos i “planen” p.g.a. at kommunikasjonen med partneren ikkje er perfekt, fordi du ikkje hugsar alle kommandoane dine og fordi spelet dikterer rekkjefølga på ein viss måte som gjer at det ofte er du som trigger partneren sine kommandoar og omvendt.

    Korleis blir kommandoane du har tilgang på bestemt? Dette skjer først i ein debattfase med partneren. De bestemmer kva issues som skal brukes og slåss om å vinne dei. Nokre issues are dei som blir brukt på kartet, andre handler meir om interne forhold. Det kan derfor vere fristande å krangle om tull og tøys for å sanke honor og politisk makt istedenfor å gjere ting som gagner krigen. Ein viktig del av dette er også krig/freds-initiativ mot fiendestaten. Om det er fred eller krig har konsekvensar for kva ein får lov til å gjere på kartet. Det kan lage mykje kvalm om freden kjem på feil tid.

    Eg trur dette spelet er potensielt gøy og djupt. Førstegongen var det eit blodslit for å vrenge hodet rundt korleis ein kunne få ting til på kartet, korleis i det heile flytte, prøve å forutse korleis kampane kom til å spele ut, og ikkje minst forstå kva spelepartneren hadde som plan/motivasjon. Men spelet er gøy når ingenting går etter planen også.

    #3033
    Sten Ole
    Participant

    Fred – continued
    Fred må reknes som eit relativt begrep. Det er fortsatt krig. League units får krige som dei vil akkurat som før også mot Aten og Sparta. Den einaste forskjellen er at Aten ikkje får flytte styrkar til der Sparta står og omvendt. Reglane seier at Aten og Sparta får exit’e theatres, men må fremdeles respektere normale exit-reglar. Altså om det er motstandarbrikker til stede, kan du vere hindra frå å forlate området.

    Redeployment – continued
    Nok ein gong frå BGG: Redeployment er eit krav med strenge reglar. Kvite gjer det først, så blåe, så gule, så raude. Alt kan flyttes, men når redeployment er ferdig må alle unitane for fargen anten stå enkeltvis aleine i tomme plassar eller ein plass der fargen har base. I tillegg kan det ikkje vere meir enn 15 friendly units på ein plass. Unntak frå regelen er at blåe units får parkere ved kvite basar i tillegg. Alt som ikkje klarer å følge reglane “døyr”.

    Fordelen til Aten er det meir romslege base-kravet. Fordelen til Sparta er at sidan dei redeployer sist kan dei tilpasse kor dei plasserer ting ut frå motstanderen, samt at dei kan bli ståande igjen på plassar utan basar der begge lag er til stade.

    #3034
    Sten Ole
    Participant

    Rettelse. Eg er ikkje Pericles. Eg forstår ingenting.

    Redeployment – Nytt forsøk

    – Alle units må redeploye til basar av sin farge.
    – Units som allerede er ved ein base av rett farge KAN redeploye til ein annan.
    – Det kan ikkje vere meir enn 15 units av ein farge i eit område med base(r).
    – Kvit og blå redeployer først. Etterpå gul og raud.
    – Alt som ikkje har ein lovleg plass å vere døyr.

    – Unntak 1: Blåe units kan også redeploye til kvite basar.
    – Unntak 2: På kvart område utan ein “friendly” base kan ein unit frå “sida” stå igjen.

    #3035
    Sten Ole
    Participant

    Rettelse. Eg er anti-Pericles. Eg forstår ikkje eingong at eg forstår ingenting.

    Bestemmelse av tapte militærbrikker – Nytt forsøk
    – Leiaren for motstandaren bestemmer kva skal dø (frå errata-dokument).
    – Mengden død er begrensa av vinn-differensial-kalkulasjonen og tabellen.
    – Tabellen skal leses naivt. Det er ikkje noko fiksfakseri. For kvart sett med noko i høgrekolonnen kan du drepe det som står på same linja i venstrekolonnen. (Mykje idioti rundt dette på BGG fordi reglane står skrive idiotisk og designeren laga ein errata som var skrive endå meir idiotisk.)
    – Base-tap skjer til ein pris på 2 per loss differensial-tal (og kan berre skje når militære styrkar er utraderte).

    Men no! er eg endeleg Pericles. Eg kan alt.

    #3036
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Movement:
    Basicly kan ein vel bruke «pinning» som uttrykk og nokre linjer er kun for land units eller naval units.

    #3037
    Sten Ole
    Participant

    Ja… men pinning berre opptil så mykje styrke som du pinner med. Så er det av og til båtar som kan pinna landstyrker. Og så er fred også ein hindring for blåe og raude. Så at nokre plassar krever basar for at du skal kome deg vidare.

    #3039
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Spel 3

    Reglane er 98% no. Litt rusk med redeployment og mangel på basar for League Units, men ellers ganske smooth.

    Persian War gjekk greit, og det viste seg at det var lite problematisk for Athens.

    Eg gjekk inn i ei meir samarbeidsvillig rolle og fekk med det stabil honor-auke. Den politiske delen i spelet er grei å drive med. Utplassering av military, league, diplomatic og oracle er vanskelegare. Kor mykje skal ein snakke? Kor mykje går eg og partnaren i takt? Theater Phase er ikkje enkel, men den er veldig interessant.

    Spelet er veldig djupt og eg har enno mange timar igjen før eg kanskje finn ut kva Sparta er i stand til. Denne gongen kom me til starten på runde 5 og eg hadde gløymt at dersom Peace issue kom gjennom stoppar spelet med ein gong. Dermed fekk ikkje Sparta knuse Athens tilbake og Athens vann enkelt.
    4 timar speletid. Ser fram til neste gong.

    Spartaaaaaa!

    #3040
    Sten Ole
    Participant

    Redeployment of Doom
    BGG har kome med kome med positiv respons til massedødssituasjonen i spelet vårt. Eg er villig til å godta denne sjølv om Mark Herman ikkje har vist seg ennå. BGG-community’en har crafta denne klarifiseringen for å beskrive redeployment:

    “REDEPLOYMENT SEGMENT
    – Units are redeployed in the following order: white, blue, yellow, red.
    – Units of each colour complete both Mandatory and Elective Redeployment before proceeding to redeployment of the next colour.
    – Redeploying units are not required to follow the movement restrictions of an Expedition Assembly or Peace status. They are simply shifted to the theatre to which they are redeploying.
    – A theatre with at least one Friendly base may contain up to 15 Friendly units at the end of the Redeployment Segment.

    Mandatory Redeployment
    Units must redeploy to a theatre with a base of matching colour.

    Exceptions:
    * Blue units may redeploy to a theatre with either a blue or white base.
    * At the end of the Redeployment Segment, one Friendly unit of a Side (either colour, land or naval) may remain in a theatre with no Friendly base.

    If already in a theatre with a base of matching colour, units are not required to redeploy but may do so during Elective Redeployment.

    Elective Redeployment
    When Mandatory Redeployment is completed, units may electively redeploy, following the same restrictions for Mandatory Redeployment.”

    300
    300-meeplen gir 3 styrke. 2 “vanleg” styrke og 1 stratego styrke. Som sagt, så forsyner han sin eigen bevegelse som stratego.

    Aristophanes A,B,C
    Alle korta skal med i setup.

    Issues-plassering på kartet
    Frå reglane: “A Faction may show his Compatriot the issue he is about to place on the map […]” Altså mindre behov for å tankelese kvarandre. Men fortsatt må du ha hugsekapasiteten til ei steintavle.

    Persiske basar
    Når du bygger i Sparta får du per persiske base 1 båt eller 2 landstyrke. Og her er mulighetane og begrensingane litt crunchy. Noko av dette kan bygges utanfor Sparta. Opptil ei grense på 3 raude båtar i sparta, 4 gule soldatar i Ionia og 3 gule båtar i Lesbos/Chios/Samos/Cyclades/S.Sporades. Desse mulighetane kjem an på om du har basar der du vil bygge.

    Military issue i heimlandet
    Du får som kjent bygge styrkar, men det som ikkje er opplagt er at det også er lov å flytte med heimlandet som destinasjon. Dette er nyttig dersom ein skal heim og fjerne ein invasjonsstyrke, men også dersom ein vil “snik-flytte” styrkar så dei blir pinna her og der. Merk at desse snike-styrkane kan ikkje kome FRÅ heimlandet.

    Referanse til snik-flytting (for dei som tviler)
    “Units may move from multiple Theaters, may move through
    an unlimited number of Theaters, and can take any legal path
    desired until it must stop. A unit must stop when it either enters
    the Expedition Theater, or a Contested Theater which it is not
    permitted to exit via any Connection. Units may not stop in any
    other Theater.”

    “Play Note: The movement rules are intentionally free form.
    Moving units are not required to take the most direct route.
    The upshot of this is that the Commanding General may
    use his allotted moves to broadly reposition his forces to
    other Theaters as he wishes, so long as those units become
    ‘stuck’ there under 9.32.”

    Argos-kubane
    For dei som lurte. Måten å bygge desse er A. Bygg kvit base i Sparta. B. Kjør atensk League Issue i Sparta. Resultat: Få 4 Argoskubar som står låst fast der klare til å bli drept av spartanarane. Dei er utsatt for redeployment-reglar som gjer at dei kan forsvinne om det ikkje er ein kvit base der til å forsyne dei. Aten-spelarane mister ikkje Honor når dei døyr. Ser for meg at desse kan vere del av ein ekkel angrepsplan som inkluderer 2 league-issuar og ein militær-issue i Sparta.

    #3041
    Sten Ole
    Participant

    Brev frå den almektige Mark:

    First off thanks for the support and I hope you are enjoying the Periclean journey.

    I am not sure which scenario you are playing but this is just a case of shooting yourself in the foot it appears. I will note that there are only 4 Spartan bases and in all scenarios two of them start the game in Sparta (two available) and scenarios starting in turn 8 and beyond start with three of the four in play. Most scenarios start with 4 Peloponnesian league bases in play and all 2nd Peloponnesian scenarios start with at least 6, so unless the Athenians are winning multiple land battles the math makes this a very hard situation to achieve.

    Sadly if you do achieve it then you are right, there are no legal places to place your Peloponnesian units, which until I have seen this thread I have never seen in actual play, so it once again proves that anything is possible.

    Be safe, Mark

    #3042
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Sparta har ikkje vore snill med sine allierte 😂

    Saken er at me ikkje veit kva som er bra med å konvertere allierte basar til Sparta. Null kompetanse.

Viewing 12 posts - 1 through 12 (of 12 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.