
Velkommen til framtida. Vi er griske entreprenørar i rommet som skal bygge kraftverk rundt pulsarar. Med kartleggingsskipet vårt legger vi krav på det meste vi ser ut av vinduet. Firmaflagget settes på alt, både fast og laust. Spelet hinter også til utenomjordiske sivilisasjonar fordi stjernehopen vi har funne har jump gates allerede bygd som gjer ekspansjon enkelt og raskt. Men å drive romarkeologi er ikkje lønnsomt, så dette gir me knapt ein tanke.
Pulsar xxxx (eg kjem aldri til å hugse årtalet) er eit dice worker placement spel med 8 runder. Før kvar runde er det ein fase med terningplukk der du må vege opp kvaliteten på terningar opp mot bevegelse opp og ned på tracks som styrer player order og utdeling av “engineering-kubar”. Aktivitetane du kan gjere på brettet er å flytte rundt og plante firmaflagg, bygge kraftverk, aktivere kraftverk, lage kraft-transmittarar, sette fartsrekordar gjennom jump gates, kjøpe teknologi, populere planetar. På slutten av kvar runde kan ein tene poeng som kjem tikkande inn frå det som du har bygd.
Spelet har stort fokus på å vere effektiv med terningane og å kome fram til ting på kartet og plukke ut teknologiar og ressursar før dei andre. Heile spelet er ikonbasert, og 95% av alt du kan oppnå i spelet kan ein tyde berre med å sjå på ikonene. Dei resterande ikonene blir forklart på baksida av regelheftet og på ei eiga lefse for teknologiane. Eg synes spelet var litt tørt fordi spelet er veldig fokusert på terningtal. Det som ein gjer i spelet er lite illustrert og forklart. Bonusane fell ut av ein hatt utan mykje seremoni. Teknologiane er bonusar men kvifor du får dei og kva slags konkret teknologi som utløyser dei er udefinert. Ein tørt spel betyr ikkje eit dårleg spel. Det blir litt som med Castles of Burgundy, som heller ikkje er så gale.
Eg gir spelet respektable 6 av 10 poeng. Spelet er i praksis ein 7ar dersom Marius er med.