Reserverte tider på bibliotek-rommet

Velkomen til Kvinnherad brettspelklubb Forums Generelle kommentarar? Forslag? Reserverte tider på bibliotek-rommet

Viewing 3 posts - 1 through 3 (of 3 total)
  • Author
    Posts
  • #2359
    Sten Ole
    Participant

    Då har eg gjort det eg kunne på biblioteket. Eg fekk til å booke rommet torsdager og laurdager fram til nyttår. Men… visse dagar utgår:

    A. Når det er arrangement som bruker rommet, kan ikkje me bruke det. Desse blir lagt ut på nettsida/facebook, så oss event-registrerarar bør at ein kikk der før me lagar event. Ikkje alle arrangement bruker rommet. (For eksempel no på torsdag 7/11 er det eit arrangement som ikkje bruker rommet). Dette må altså finnes ut munnleg på biblioteket. Ikkje ideelt, men sånn er livet.

    B. Torsdag 14. november er rommet tatt av Kaldanes ortopedisk-ortodokse korpssympatiforening.

    C. Om prioriterte nisjestiftelser vil ha rommet når me har reservert det, får eg, Jarle og Rune tlf/SMS og me blir kasta ut i kulden. Med andre ord, har eg bare “reservert” rommet, ikkje reservert det. Men dei må i alle fall gjere ein innsats for å få oss ut. Kanskje det er nok til at me får beholde rommet.

    Lite info om rommet elles. Det var ikkje svar å få på når andre evt har kapra rommet på faste tider. Eg anar at det ikkje har blitt offisielt bestemt eller registrert sånn at dama i skranken ikkje visste det.

    Ellers, kan eg melde om at bestillingsprosessen var smertefull og langsommelig. Det tok i overkant av ein halvtime å få det til, pluss at ein helpdesk-mann måtte kome to gonger for å velsigne registreringane.

    #2362
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Om denne library diplomacy scenen hadde skjedd i eit rollespel – med oss som characters;

    Lib

    #2363
    Sten Ole
    Participant

    Meir slik:

    Eg: Eg triller Diplomacy.

    GM: 1.

    Eg: Men du lot meg ikkje trille.

    GM: 1.

Viewing 3 posts - 1 through 3 (of 3 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.