Rising Sun

Viewing 4 posts - 1 through 4 (of 4 total)
  • Author
    Posts
  • #1124
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Dette er eit vakkert «area control» med mykje innhald pakka inn i 2,5 timar med speletid. Store komponentar gjev ei fin oppleving. Spelet har mange valg, ulike eigenskapar til klanane og eit fascinerande budsystem for kampane.

    To ekspansjonar er på veg…

    Rising Sun

    #1165
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Fekk teste ekspansjonane med 3 spelarar. Kami Unbound viste seg å tilføre meir stress å halde kontroll på. Eg hadde ein fantastisk elendig Spring Season der eg ikkje fekk gjort noko intelligent. Season-korta har mykje å seie for korleis ein kan utvikle seg. Eigenskapane til klanane er i seg sjølv noko ein må prøve å tilpasse seg. Me var einige om at Kami Unbound ekspansjonen kan vente med å brukast til me har meir ro på alt som er i grunnspelet. Spelet passar også betre med 4-5 spelarar.

    #3045
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Rs2

    Endeleg på bordet igjen etter lang tid. 5 spelarar – Sten Ole, Espen, Lars, Tor Inge og meg fungerte knall med god dynamikk, gauling og hysterisk latter over bordet. Espen vann til slutt med gode utviklingskort og bra speling av klanen sin.

    Spelet er intenst og kaotisk, utan at du blir overfrustrert. Du har ein følelse av at du kan ta kontroll på kaoset, men må som regel berre le av naiviteten din i neste augeblink.

    Spelet er litt i same gata som Game of Thrones, men er meir energisk. Dette kan bli ein kandidat for toplistene mine i framtida.

    Med rett gruppedynamikk er Rising Sun veldig gøy!

    #3046
    Sten Ole
    Participant

    Rising Sun burde vere eit dårleg spel. Kartet minner om ein dårleg versjon av risk. Det kjem med 5 tonn med plastikk som du kanskje bruker 5% av når du speler. Størrelsen på plastminiatyrane seier heller ingenting om kor kraftig dei er spelmekanisk. Det har ein poeng-track belønner og straffer deg når du minst venter det. Du har eit diplomatisystem som av og til virker og av og til ikkje. Du har asymmertiske krefter som på overflaten ikkje oppleves som balanserte og er heilt psyko. Og kampane er heilt underlege der penger bestemmer kva du får til og ikkje får til i eit mystisk budsystem der taparane får betalt for å tape.

    Men Rising Sun er eit taktisk maskineri der posisjonar på brettet, kva plastikk du har i stallen din, kor mykje du investerer i tempelprestar, korleis du utnytter alliansesystemet, kva actions du setter i gang for forsamlingen – Alt – legger rammebestingelsane for krigen. Lacerda ville blitt imponert over korleis så mange inkompatible spelmekanikkar klarer å fungere saman.

    Så skifter Rising Sun gir. Krigen. Eit kaos uten like, men ikkje med terningar. Ein tenkjer på kampsystemet i Scythe, der ein kan tømme seg for å vinne. Problemet er at i Scythe fungerer ikkje krigføring i det heile. Der tømmer du deg, så er du tom resten av spelet. I Rising Sun investerer du i bruk av ronin som totalt endrer maktforholdet, kidnapping som kan nøytralisere dei skumlaste fiende-miniatyrane og sjølvmord som gjer at du håver inn poeng når du “taper” i kamp. Med sjuk ironi kan eit tapt slag også finansiere vidare krigføringsjuks. Du går ikkje tom. Om du likevel klarer å gå tom, så reset’er spelet seg litt etter kampane. Pengar og ronins forsvinner. Ein stiller likt igjen med dei andre, så lenge du har tenkt langsiktig.

    Men det som gjer at Rising Sun kan bli eit fantastisk spel er “diplomatiet”. Det er rom for så vanvittig mykje tabletalk for å manipulere motspelarar til å gjere det du ønsker eller få gjensidig gevinst der det ellers ikkje hadde vore noko å hente. Når det blir meir enn 2 spelarar i ein kamp så blir det med ein gong ein forhandling om å vri på kampresultatet.

    Med rett gruppedynamikk er Rising Sun veldig gøy!

Viewing 4 posts - 1 through 4 (of 4 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.