Jarle Haktorson

415 54 544

Email

post@brettspel.no

Spelekveldar

Me brukar SPOND

Viewing 1 post (of 1 total)
  • Author
    Posts
  • #4414
    Sten Ole
    Participant

    Sabotage

    Etter mange år på hylla, kom Sabotage på bordet. Eit uformeleg lagspel der to spelarar er tegnefilmskurkar mot to spelarar som er tegnefilmspioner. Ikkje eit klassisk format i klubben. Spelet er eit spel der spelarane bruker terningar til å aktivere actions. Målet til skurkane er å drepe spionane ofte nok til at dommedagsmaskinane får kjøre. Spionane gjer det som dei kan for å hacke dei. Dette skjer på eit kart der du ikkje veit kor motstandarane beveger seg. I tillegg til hovedmålet i spelet er spelet fokusert på å holde terningøkonomien i gang og å låse opp nye actions.

    Spelet fungerte overraskande veldig godt. Skurkane spelet eit spel som minner om skadedyrsbekjemping. Dei må finne og eliminere fienden og reparere skadane. Skadedyrene blir utover spelet vanskeligare å stoppe, og ein finn meir muslort enn faktiske myser. Juksekreftene på begge sider eskalerer. Du veit at skadedyrsproblematikken har gått av hengslane når du bruker “orbital laser” for å renske opp. Eg frykta at dette kom til å bli eit uspelt nisjespel, men det var både stemningsskapane og dramatisk. Det hadde mange øyeblikk der du trur du har full kontroll på kor motstandarane er, og når du endelig avfyrer stun-gunnen din innser du kor rundtlurt du er. Andre sida veit akkurat kor nær du var til å avsløre lokasjonen deira og later som om alt var planlagt.

Viewing 1 post (of 1 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.