SETI: Search for Extraterrestrial Intelligence

Velkomen til Kvinnherad brettspelklubb Forums Spela våre: erfaringar og vurderingar SETI: Search for Extraterrestrial Intelligence

Viewing 4 posts - 1 through 4 (of 4 total)
  • Author
    Posts
  • #4304
    Sten Ole
    Participant

    Seti

    Czech Games Edition kjem igjen med ein my arbeidshest av eit spel, denne gongen om reiser rundt i solsystemet og signalvirksomhet i det ytre rom. Du skal kjent stil gjer du ein main action og så mange free actions som du orker før du lar neste spelar speler. Dette fortsetter heilt til alle har sagt pass. Så er det litt “produksjon” av nye ressursar, så gjentar du alt saman eit par gonger til.

    Spelet har 3 grunnpilarar:

    Den eine er solsystemet som snurrer rundt med jevne mellomrom og kan gjere reisen din i rommet kortare eller lenger. Det har også påvirkning på kva seksjonar av rommet du kan studere med observatoriene dine. Du kan enten rive deg i håret av alt du kan maksimere ut av dette systemet, eller du kan berre nyte sirkelbevegelsane og kose deg.

    Den andre er kortsystemet. Dette er litt som Ark Nova eller Terraforming Mars. Det er ein mektig stokk av unike kort som du i løpet av spele kan kjøpe ein god del av. Desse er anten betre versjonar av standard actions eller så gjer dei heilt spesielle ting. Nokre gir deg oppdrag i tillegg til effekten. Dei korta som du ikkje liker, kan du bytte om til meir nyttige ressursar.

    Det tredje er overraskelsesromvesner. Desse vil nok etter kvart bli mindre overraskelsesprega og meir kvardagslege. Dei gir mål og meining til å fortsette oppdagelsesaktivitetane dine etter at du har først funne dei. Dei gir derfor ein spesiell måte å skaffe seg bonusar og/eller poeng seinare i spelet. Førsteinntrykket etter å ha sett to av dei er at dei er heilt kurrante. Dei passer bra saman med resten av spelet, og dei gir ikkje regelsjokk. Om ein ønskjer at spelet plutselig skal blei eit heilt anna etter at romvesnene er oppdaga, brir du nok skuffa. Men eg synes dei var gode.

    Alt i alt er dette eit fantastisk spel. Foreløpig er det beste spelet (selvfølgelig 100% objektivt) som er lansert i 2024 av dei som eg har prøvd. Eg anser det som like bra som dei andre spela som det er naturleg å samanlikne det med med tanke på kortbruk.


    Reglar, reglar, reglar…

    Scan
    Eg trudde me var flinke i kveld, men det var ein regelglipp som slapp gjennom. Når du scanner, skal du scanne med eit kort i kortmarket, slik me gjorde. Ein detalj me ikkje gjorde var at me også skulle ha scanna i sektoren til jorda. Om me hadde vore flinkare til å lese ikonografien hadde me kanskje skjønt dette fordi me startar med scanne-teknologi som viser både scanning med kort og scanning med jordklode. Potensialet for scanning og datainnsamling er altså mykje større.

    Eg sjekka litt andre ting som eg var i tvil om, men enten spelte me dei rett eller så er det så ørsmå ting at det ikkje er vits å nevne dei her. Hovudinntrykket til spelet er, på tross av feilspeling, positive.

    #4307
    Jarle Haktorson
    Keymaster

    Sidan “alle” har spelt Terraforming Mars, så tenk det spelet, men:

    1. Korta har endå fleire options og bruksmåtar.
    2. Spelebrettet er interaktivt med snurrande planetsystem.
    3. Du kan reise til og lande på planetar langt borte.
    4. Du har mange fleire ting du kan gjere på, som føles meir “levande” (som å reise rundt i solsystemet med probar, skanne etter livsteikn frå andre solsystem, lande på planetar osv).
    5. Du kan utvikle nye teknologiar som gjer alt du held på med betre.

    Ja, og sikkert masse anna. For meg, føles SETI som ei naturleg vidareutvikling av Terraforming Mars. Ifrå “berre” masse kort som byggjer opp korleis din Corporation utvikler seg, får du dette mykje meir visuelt i SETI, med mange fleire val. Begge spela deler det at du kan velgje din eigen veg, men SETI treff endå meir blink med dette.

    Sjølv om det berre har vore éi gjennomspeling, er “liker”-faktoren veldig høg. Og poengsummen på slutten av spelet? 154, 157 og 157. Dette lovar veldig godt, der Sten Ole gjekk hardt ut på å finne meir ut av romvesena, Tor Inge var kongen av å lande på planetar og månar, medan eg surra rundt og gjorde litt av alt.

    #4317
    Sten Ole
    Participant

    Ny runde, nye aliens. Same gøye opplevelsen. Noko som merkes mykje meir på runde to var spelet sin evne til å fore deg med bonusar som gjer at du kan holde aktiviteten gåande litt lenger. Sånn sett minner det litt om Gaia Project eller Lost Ruins of Arnak (som folk på BGG likar å samanlikne det med). Du startar runden med å tru at du berre har råd til å gjere 2-3 actions. Men så har du plutselig nok mikrofonar til å få ein teknologi som gir deg ein bonus. Teknologien gjer at du får litt ekstra ut av actionane dine. Så har du plutseleg meir data som gir bonusar i datamaskinen. Så finner du teikn til liv som går til alienane som gir deg fleire kort. Så kan du plutselig skvise ut litt meir av ellers døde kort til å kjøre alienkortet som gjer meir enn vanlege kort. Før du veit ordet av det har du kjørt 12 actions på runden der poengene triller inn av seg sjølv.

    Kortene er den mest effektive måten å gjere ting i spelet, men planane må passa for at du kan utnytte dei godt. Det er ikkje kjekt å ha tilgang på masse probe-actions når jordkloden er omgitt av asteroidar. Heller ikkje om du får mange scannekort og alle scan-sonane er dominert av andre. Så er det også litt intern synergi mellom kortene du ønskjer men som ikkje alltid er der. Det er i dette uperfekte oppsettet at spelet får deg til å tenke og plages av dilemma. Du må av og til svi av gode kort for å smøra delane som ikkje passer, eller gjere basic actions for å låse opp muligheten til betre ting.

    Det som gjenstår å finne ut er korleis å utnytte “lykkehjulet”. Det virker som om det jobbar mot deg nesten uansett kva du vil i spelet. Ein tur til Saturn blir lett bytta ut med ein tur til Mars fordi du enten er blokkert av asteroider eller at hjulet sender planeten bakover i forhold til Jorda. Tempoet på hjulet er ikkje lett å berekne heller.

    #4331
    Rune Hanssen
    Keymaster

    4-player og første gong for meg. Information overload, men fine reglar. Trur det vil «slappe meir av» med fleire spelingar. Veldig mykje ein kan gjere og var borti eit par planar som rauk i andedraget rett før min tur. Aliens var abstrakte og opna for meir hjernebruk. Til tider vondt å analysere planetsida av brettet. Gøy å bygge «income» men hadde ikkje visdom nok til å gjere det bra. Scan funksjonen var kraftigare enn eg klarte å skjøne frå start. Eg trur eg skal klare to poeng meir neste gong.

    Er litt usikker på meg sjølv om eg likar poengspruting som utartar seg eksponensielt. Eg brukar tid på kos, og det nyttar ikkje i konkurranse. Eg likar spenning, men helst 16 cm frå smertegrensa.

Viewing 4 posts - 1 through 4 (of 4 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.