Sidereal Confluence

Viewing 9 posts - 1 through 9 (of 9 total)
  • Author
    Posts
  • #3167
    Sten Ole
    Participant

    Etter eit påtvungen fred i galaksen, sit kvar spelar i førarsetet til kvar sin rase som må utnytte sine evner til å hevde seg og ta det politiske lederskapet. Det er eit industrielt og teknologisk kappløp der samarbeid og handel er essensielt for å nå fram.

    Spelet har ein simpel gameloop: Ein handelsfase der spelarane utveksler materialer og gjer avtaler; ein industrifase der spelarane produserer med teknologien sin; og ein confluence-fase der spelarane konkurrerer om å sikre seg dei rette planetane og forsknings-teama.

    Dilemmaet som tvinger seg fram er at ingen har alt dei treng for å lykkes. Du produserer kanskje mat i bøttevis, men du mangler energi. Og uten energi så stopper alt opp. Du må skaffe energi, og han som har det trenger ikkje mat. Så du må kanskje innom ein annan speler som kan hjelpe til. Rasane har ulike verktøy som er unike: Investor-rasen, stjelerasen, rasen som ikkje deler teknologi, rasen som utnytter planetar betre, rasen som knapt nok bryr seg som kva slags ressursar dei jobbar med, rasen som ikkje får lov til å eige planetar, rasen som lagar eigne planetar, rasen som treng andre for å kjøra maskinane sine og rasen som kan ta seg til rette i kampen om planetar. Med ulik rasesamansetning blir ressursknappheten annleis. Og rasen din bestemmer til ein viss grad kva slags avtalar du bør smi saman.

    Eg syntes spelet var kjempegøy. Det var litt meir uoversiktig enn eg hadde trudd på forhånd. Du får raskt i gang bøttevis av “ressurs-konverterings-maskinar” som du sliter å utnytte om du samtidig skal vere med i forskningskampen. Nokre kjører gratis. Andre treng noko du kan lage sjølv. Og nokre treng ting du ikkje har. Du har ikkje oversikt på kva maskinar er best. Nokre spytter ut mykje meir ressursar enn du putter inn, men er av ein type som du ikkje treng. Nokre gir ressursar som du ikkje får lov til å bruke sjølv og risikerer å måtte gi vekk gratis. Så har du nokre rasespesifikke luretokens som du ikkje aner verdi/kostnad på.

    Opplevinga mi som Faderan (investor/bingo-rasen) var interessant. Eg følte meg konstant fattig. Eg såg på Marius og Tor Inge som vassa i ressursar. Eg passa på å sende acknoledgement-tokens til alle. Dette gjekk fint på tross av åpenbar skepsis. Eg klarte å overtale Tor Inge til å lage Is-planetar til meg som blei vanskelegare og vanskelegare jo fleire poengtokens som velta ut bak player-screenen min. Eg fant eit par gode relics som kompenserte for alle dei øydelagte isplanetane mine, blant anna noko som auka markedsverdien på acknoledgement-tokenane mine. Eg klarte omsider å finne opp dyr teknologi på slutten etter å meir eller mindre tilby Marius alt eg eigde for å få eit fåtal kvite kubar.

    Spelet passer bra for folk som både liker engine building/ressurskonvertering og å prate seg fram til gjensidig gode avtaler. Altså absolutt alle.

    #3169
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Sc

    Dette er eit spel for deg som likar å sjonglere med brikker og produksjonsmotorar. For meg blir det litt overload, og mykje fokus som lagersjef.

    Etterkvart som team utviklar teknologi går utvalet av skaftet. No kan ein oppgradere ting ved å «bruke opp» teknologikort, men likevel ein dimensjon den stakkars hjernen må analyse paralyse.

    Marius likar spelet, og eg tippar Thomas vil elske det.

    #3176
    Sten Ole
    Participant

    Då har Lars Erik blitt utsatt for ein Sidereal Confluence. Eg forventer at han kjem seg igjen om eit par dager. Eg trur kanskje det er litt mykje å ta inn på ein gong. Det er neppe eit godt introspel siden det egentlig ikkje representerer brettspelhobbien. Mange uvanlege designvalg og eit aktivitetsnivå som ikkje gir god tid til å tenke gjennom alt. Det gjenstår å sjå kva han sit igjen med frå opplevinga.

    Personleg kan eg seie at spelet har ein vanskelighetsgrad bestemt av om Thomas er med eller ikkje. Heile spelet argumenterer han mot alle transaksjoner som eg prøver å få til med andre. Samtidig kjører han semi-boikott mot meg. Resultatet blir konstant oppoverbakke.

    Det er sikkert ikkje optimalt at me berre speler med 4 spelarar heller, men eg skal ikkje klage. Dette spelet er gøy i mine auge uansett.

    #3177
    Thomas Thomsen
    Participant

    Lars klarte seg bra for hans utgangpunkt med lite erfaring fra brettspeling.

    Eg hadde vel trade med deg alle turns utennom første og siste Sten Ole, så hvem holdt igang din honning fabrikk? Ingen boikott, den fiksa du sjøl med din triumferende høylytte latter hver trade du gjorde heile kvelden 🙂

    Kunne vært gøy å testa spillet med 7-9 engang, men ser på det som meget lite sannsynligt med tanke på spill typen og aktive medlemmer i omløp.

    Men du skal få poeng for å starte sabotasje mot meg no allerede, klar for neste runde 🙂

    #3178
    Sten Ole
    Participant

    Eg hadde vel trade med deg alle turns utennom første og siste Sten Ole.

    Det var på grensa til utpressing, rein utnyttelse. Når du i tillegg skapte irrasjonell dårlig stemning sånn at ingen andre vilel gi ein fair pris for gjensidig gevinst, så var eg fanga i edderkoppnettet ditt.

    Men du skal få poeng for å starte sabotasje mot meg no allerede, klar for neste runde 🙂

    Du vant overlegent sist gong. Det er berre eit spørsmål om tid før folk ser deg for slangen du er og den slimete gifta du smører i øyrene til folk slutter å virke.

    #3181
    Sten Ole
    Participant

    Om det blir ein neste gong, vil eg spele noko enkelt. Yengii (teknologi-lisens-rasen) var behagelege nok i at dei trengte litt av alt og bygde litt av alt. Det var likevel vanskeleg å prøve å få teknologi-lisens-businessen til å lønne seg. Dette samtidig som at teknologien gav meg ein tredjedel av poenga som det burde.

    A: Du må vite kva teknologiar som gagnar folk eller bordet slik at du har eit fornuftig prisnivå på lisensane.

    B: Du må skaffe deg research teams som passer med teknologien. Då må du kanskje kjøpe dei som andre har hos seg. Du må altså prøve å ha oversikt over kva research teams andre har.

    C: Du må få folk til å investere i teknologi-businessen din, helst på forhånd.

    Spelet blir vanskelegare når andre ikkje veit heilt kva dei treng og kva som er mulig. Alle har hyperfokus på kubane. Så sit eg og prøver å selge Time-share på Kanariøyene til pingvinar som helst bare vil ruge på egga sine i fred.

    Dette blir jo berre vanskelegare når Thomas sprer skepsis til time-share-konspetet og skylder den harde vinteren på meg mens han forsyner seg grådig frå sine lett påvirkelige naboar. Blodspora i snøen leier til Thomas. Snart må folk opne augene!

    #3187
    Sten Ole
    Participant

    I helga før kjeda eg meg og testa spelet solo 4 player for å sjå korleis spelet utartar seg om alle er meg og har litt meir kontroll på gamestaten. Eg spelte faksjonane fortsatt egoistisk innstilt. Resultatet blei meir kubar i omløp, meir tech på bordet og til ein viss grad eit heilt anna spel. Poengsummen på slutten var 56.5, 56, 55.5 og 43 som er ca dobbelt av dei poengsummane som me får i 5-player (som egentlig burde vore høgare enn i 4-player).

    No kom SC på bordet igjen i går. Eg blir lika overraska kvar gong det blir valgt, men eg skal ikkje klage. Det blei ein god test for å sjå spelet i praksis opp mot solo-testen. Eg var unity som eg trur har mindre å rekne på, så eg hadde mykje mulighet til å sjå kva som skjedde på bordet. Poenga var i 25-sonen på slutten.

    Fortsatt var alle symptomene på dysfunksjonell speling på plass. Folk handler det dei treng for å kjøre sine motorar på sin tur, så er det stopp. Og så er det naturleg nok noko som ikkje blir kjørt fordi den som sit på ressursane allerede har tur 1 løyst. Folk står låst inne med kubar som ligger dødt, og neste runde blir fattigare enn den forrige. Denne fattigdommen gjer at folk investerer i nødløysningar for å få motoren til å gå. Planetar blir oppgradert. Alle prøver berre å bli uavhengige av resten av bordet. Resultatet blir ein utarma økonomi. Vinnaren blir den som er kjapt ute fordi når alle er “mette” stopper alt opp og den som tilfeldigvis plukker med seg ein teknologi som passer.

    Det er tre ting som hindrer oss i å lykkes. Det første (og vanskelegaste) er å vere kreative. Catan-trading er enkelt, men det løyser ikkje strategiske utfordringar. Du må tenke framover. Om du har ein planet som produserer “søppel” kan du bytte planet med ein motspeler. Du kan gjere handel mot framtidige varer som du veit du trenger. Du kan investere ressurser i andre spelarar for å ta del i ein beskjeden del av kaka. Du kan lage tre-/firekant-handler der alle får noko. Jo fleire kubar som ligg daude, jo lettare er det. Det er også fordelar ved å kjøre andre sine motorar enn dine egne, spesielt om lønnsomheten i egne konvertarar er dårleg.

    Det andre er ein generell uvillighet til å hjelpe andre. Den tanken er kanskje innlært etter fleire år med konkurransespeling. Ein annens død er bra for alle andre, ikkje sant? Men om du gjer ein handel med ein annan der du får ein kube eller to i fortjeneste og naboen får forska fram ein teknologi, så endrer det ikkje at du har tjent kuber. De har fortsatt aksellerert dykk sjølve i forhold til motstandarane. Det blir observert mykje speling der ting blir holdt tilbake fordi det gagner den andre meir enn deg. Men nytteverdien forsvinner kanskje om ein prøver å ta meir betalt fordi då vil den andre parten slite med å betale for å holde motoren sin i gang. Det opportunistiske vinduet for handelen er derfor maksimert med å ta lite betalt, heller enn mykje. Det er sjelden verdt det å betale meir enn ein kube ekstra for å få noko til. Det er også derfor sjelden konstruktivt å kreve meir enn ein kube ekstra.

    Det siste er latskap. Når du seier nei til ein god deal fordi det er for mykje stress, så taper begge. Villigheten til å handle på slutten av spelet kjem dette fram. Då kan ein vere meir kynisk i forhold til å dele poengverdiar likt. Men om du blir tilbudt noko som i praksis er kubeverdi likt i poeng for å fascilitere ein dyr teknologi, så må du ikkje sei nei ut av latskap. Evt at du seier nei til ein deal fordi du ikkje tek deg bryet til å sjå etter om du tjener på det. At den andre vil noko betyr ikkje at det er dårleg for deg.

    Eg har ikkje nevnt deg ein einaste gong, Thomas.

    #3237
    Jarle Haktorson
    Keymaster

    Artig nok spel, men eg synes det er veldig prega av å kunne spelet/rasane for å utnytte spelet sitt potensial, som nok også heng saman med gøy-faktoren. Som Sten Ole skriv ovanfor, må du vite kva teknologiar som gagnar folk/bordet slik at du har eit fornuftig prisnivå på lisensane, samt at du må skaffe deg research teams som passer med teknologien. Då må du kanskje kjøpe dei som andre har hos seg. Du må altså prøve å ha oversikt over kva research teams andre har.

    Det er ofte “nok” å forstå sin eigen rase/eigenskapar i spel. I dette spelet bør du absolutt kjenne til kva andre kan/blir spelt også. Såleis er nok dette eit veldig gøy spel etter å ha blitt spelt atten gonger, slik at ein har prøvd alle rasane eit par gonger, og kan begynne å ane forhandlingspotensialet mellom dei.

    Så eg vil ikkje seie at dette er eit dårleg spel; eg trur absolutt det kan vere eit kjekt spel, men eg vil seie at det krev at ein leser seg opp/forstår alle rasane som er med i ein runde, noko som gir store fordelar til dei som har spelt det mykje, og gjer det mindre kjekt for dei med mindre erfaring/kunnskap, då ein ikkje er i god posisjon til å forstå/forhandle på fornuftig vis.

    #3242
    Sten Ole
    Participant

    Eg trur det du seier stemmer for dei 2-3 vanskeligaste rasane i spelet. Og har du valgt dei rasane, så må du ta konsekvensane.

    Men det går ellers lett an å nyte spelet uten å spele hyperoptimalt og vite alt om alt. Eg hadde ein god runde for ikkje lenge sidan med Øyvind, Tor Inge og Thomas der kubane flaut fritt med jevnt og høgt poengresultat for samtlige. Nybegynneren Øyvind vant.

    Eg trur kanskje spelet ikkje klikker med alle uten at eg trur at erfaring og rasekunneskap er avgjerande. Enten er det interessant å kjøre spelmotorar i eit konkurransefellesskap eller så er det det ikkje. Og dei som likar det lite, bruker lite hjernekraft i å finne mulig handel og å forvalte ressursane fornuftig. Tviler på at spelet plutselig blir bra etter 18 spelingar.

Viewing 9 posts - 1 through 9 (of 9 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.