Tekhenu

Viewing 4 posts - 1 through 4 (of 4 total)
  • Author
    Posts
  • #2958
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Tekhenu

    Reis tilbake til Faraoane og set på egyptisk musikk. Vakkert spel som prøver å imponere Lacerda. Heldigvis slepp ein å få slag. Kjekk action selection med varierte moglegheiter. Greie reglar trass avansert innhald.

    #2960
    Sten Ole
    Participant

    Tekhenu er eit interessant monster av eit Euro-spel. Kven du er eller kva du holder på med i dette spelet er litt uklart. Det skjer i alle fall i Egypt. Ein stor obelisk står på midten av bordet og viser kva klokka er i spelet. Rundt obelisken er det terningar som fungerer som ein meny for kva du kan gjere. Kva klokka er vil påverke kva terningar som er tilgjengelege og kva handlingar som er reine og skitne. Du tvinger folk til gruvene, bygger hus, utvider tempelet, lager statuer til ære for gudane, arrangerer fest osv. Innimellom må du vise fram regnskapet ditt og vise at du ikkje har vore for skitten eller for rein.

    Den litt indirekte og uvante måten du vel action gjer dette til eit litt vanskeleg men fascinerande puslespel. Handlingar du trudde du kunne gjere neste runde blir borte anten fordi motstandaren tok terningen frå deg eller fordi sol skin frå gal retning. Noko som ein bør merke seg er at beskjedne kort av ulike slag som er kjempekraftige. Og dette er kanskje det einaste minuset eg ser med spelet. Kvifor må spel som bruker gigantiske areal på bordet insistere på å ha ein kortbutikk i eit hjørne der korta har mikroskopisk skrift? Det gjer livet som egyptisk prins berre vanskelegare.

    Likevel er dette eit solid spel av høg kvalitet.

    Reglar, reglar

    Statue-bonus
    Når du har bygd ein statue til ære for ein gud, får du bonusen kopla til guden kvar gong nokon andre gjer ein action for same guden. Det er altså ein leech-effekt. I 2- og 3-player får du han på andre tidspunkt også.

    Kortmarkedet
    Posisjonen du har på din eigen happiness avgjer kva seksjonar som du kan kjøpe kort ifrå. Fargekoden på tracken viser kva som går. (Det er derfor ikkje enkelt å farme end-game-scoring-kort).

    #2985
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Tekhenu2

    Ny gjennomgang med 3 spelarar. Litt kronglete reglar, men me fekk fart på sakene.

    Tematikken er kalkun, men samtidig ok for utsjånaden. Spelet handlar mykje om balansen og framtid. Ein del puslete oppskrifter på mange av actions på brettet, gjer at det blir fort varmgang i kraniet. Eit minus er svak oversikt på korta ein kan skaffe seg. Dess mindre populær ein er, dess færre kort treng ein sjå på (houserule?)

    Elles er spelet solid og gøy, om ein vil bryne seg mekanisk ein kveld.

    #3028
    Jarle Haktorson
    Keymaster

    To rundar prøvd, veldig ulik strategi. Første gong gjorde eg nesten litt av alt, statuar, hus, søyler osv., men kjøpte ingen kort. Eg fekk ok score. Andre gong gjekk eg all-in på kort, ingen statuar, søyler og berre få hus for å få happiness nok til å kjøpe kort. Fekk omtrent lik score. Det er ein styrke; at ein kan ta ulike vegar fram mot målet, og framleis få det bra til.
    Likevel synes eg personleg det er ein svakheit at alt er poeng og jakt på poeng, og ikkje noko meir enn det. Dei fleste spel er jo jakt på poeng, men det er veldig ulikt korleis dette vert gjort. Etter ein runde med Tekhenu sit eg ikkje med kjensla av å ha opplevd noko eller morosamme situasjonar eller følt noko som har med Egypt å gjere; alt er “tuning” inn mot poeng og blir då rein matematikk og “fonuftige” trekk.
    Dette vart ekstra synleg i går, då me spelte “Arnak” etterpå. Også her er det poeng som avgjer vinnaren, også her er det ulike vegar å ta undervegs, men her hadde eg veldig lite fokus på poeng undervegs, hadde det underhaldande og kjekt undervegs i kamp med monster og utforsking, kjøpte rare ting på butikken og lo av sjimpansar som samla gull.
    Det er jo reint personlege preferansar og kva ein “les” inn i spel, men dagen etter hadde eg null tankar på Tekhenu (kanskje med unnatak av 2 + 2 = 4), medan eg tenkte med glede på korleis eg og assistenten min klarte å finne veg til innerste del av jungelen, på skattane me fann der, monsteret som møtte oss og korleis me klarte å flykte ifrå det.

Viewing 4 posts - 1 through 4 (of 4 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.